Mormor i førjulstida

Mormor kom frå Trøndelagen før jul og var med på juleførebuingane. Det gjekk ofte fort for seg, ho var både effektiv og full av arbeidslyst, så det kunne gå litt over stokk og stein. Ho hadde til dømes ein lei tendens til å blande saman sukker og salt, og den som ein gong har fått ein tallerken puffa ris med mjølk og salt på, kan kjenne smaken ved berre minnet. Og bestefar vår på andre sida, som fekk servert pannekakerøre i staden for blomkålsuppe gløymde heller ikkje det vil eg tru.  Han tykte at:

–denna trønderkosten va ikkje som æinna mat.

Og Mormor oppdaga feilen fyrst da ho tok til å steike supa.  Og så bakte ho brød. Dei brødskivene likna ikkje på noko anna brød. Det er ikkje godt å si kva ho gjorde gale, men dei kunne umogleg heve seg nok. Dei flaut utover og vart berre nokre centimeter høge, med ei kvass skorpe på toppen, som var farlege for tennene, for så harde var dei! Og prata om tenner, Mormor hadde gebiss. Kvar kveld tok ho det ut og la laustenna sine i eitt vassglas på nattbordet. Da vart fjeset hennar berre halvparten så stort, og vi ungane sto og såg på det kvar kveld! Og like før gebisset havna i glaset, smelte ho med det til oss, liksom som om det tygde av seg sjøl! Og så skrattlo vi like mykje alle saman.  Det er artige minner, og både Mormor og vi sette stor pris på desse stundene. Det er ikkje noko minner som er så mange forunt å ha, tenker eg. Iallfall ikkje nå i våre dager med ein annan tannrøkt enn da.

Men ein ting kunne ho lage som ingen annan: Trondhjemssuppe! Det var himmelen for oss kvar gong ho laga den, og sjøl om eg har prøvd å lage den sjøl, kjem eg aldri i nærleiken av den ho lagde.

Eit anna minne er ikkje fullt så behageleg. Ho Mormor strikka og strikka, og heldt oss varme om vinteren. Det meste var godt å ha på seg, med eit unnatak, ullunderklede! Både lange stillongsar og underskjorter strikka ho, og dei klødde så du mest ikkje sto det ut! Og det vart ikkje betre etter at ho på julekvelden da vi var to år, syster mi og eg, hadde fått både trommer og munnspel i gave av ho Mormor. Vi spelte og tromma til alle døgnets tider, så frå da av fekk ho beskjed frå mor vår, om at det skulle berre vera mjuke gaver under treet. Og slik vart det!

Og medan vi er inne på underklede, der var ho nøye ho Mormor. Ho innprenta oss frå vi var små, at det å ha reine underklede var utruleg viktig. Men bakgrunnen for dette var kanskje litt uventa;

–Døkk veit itj når uløkka kjæm, døkk kain bli overkjørd eller bli klein og hamne på sjukhuset før døkk minst ane det, og tenk om en sku´bli tatt i å ha på sæ ureine oinklæa!

Ho var i sanning ingen optimist!

Og så spelte vi piano for henne, og da snakka ho alltid om mannen sin, morfaren vår, som døyde like før syster mi og eg vart fødd. Han var så musikiøs, som ho sa, og kvar gong vi drog fram instrumenta våre og spela for ho, gret ho ein skvett før ho såg opp mot taket og sa:

–Nå skoill han Helmer ha vørre her.

Og så var det liksom at vi alle spelte og tenkte at han sat nok oppe der ein stad, høgt over taket dit ho såg, og høyrde på oss.

Nå er det lenge sidan ho gjekk bort, og eg sjølv er den eldste generasjonen. Rart å tenke på,  og av og til er det som om ho Mormor var her i går, av og til kjennes det ut som om det er eit heilt liv sidan ho var her og klapra med tanngarden sin, til glede for alle!

Nå på denne tida når det nærmar seg jul og eg tek fram juledukane som både ho Mor og ho Mormor har sydd så mange av. Da ser eg dei så tydeleg for meg der dei sat i kvar sin stol og broderte.  Det knitra varmt i ovnen og frå radioen song Alf Prøysen om julebukkar som var glade for ein storebror i femte klasse, medan desembermørkret med den klare stjernehimmelen utanfor bar bod om det som skulle koma og som alle vi ungane lengta etter;

sjølvaste Julekvelden!

God helg!

Publisert i Historier | Legg igjen en kommentar

Helsekost i førkrigstida!

Jeg sitter her med Haandbok i sykepleien, utgit av herrene dr.med. Grøn og Widerøe i Kristiania i 1921.

Her står det mye rart, og jeg tenkte å dele litt av dette med dere. De to ovennevnte herrer var overleger ved Kristiania offentlige sykehus, og under står det et uttall av bidragsytere til haandboker. Blant mannlige rervelæger og overlæger, er det en en kvinne. Hun er oversykepleierske og den eneste av sitt slag. I tillegg har frøken Barbare Klaveness  med megen dygtighet assistert med bokens gjennomgaaelse samt med korrekturlæsningen. Så det er sagt!

Sykepleien er et kald som ligger godt tilrette for kvinder heter det videre i boka, men det er ikke hvilke som helst kvinder, de må ha følgende egenskaper:

 God helbred – styrke – utholdenhet – gode kundskaper – hurtig opfatningsevne – god forstand – ordenssans – ansvarsfølelse og paalidelighet og tålmodighet og takt. Uten et sterkt utholdende legeme og et vel avbalansert nervesystem vil ingen kunne gjøre fyldest for sig i sykepleien heter det videre.

Hmm. Lurer på om jeg egentlig er havnet på rett hylle?

Det er mye artig stoff i boka, jeg nevner i fleng;

øiets, ørets og næsens pleie, tuberkulosepleie, pleie i den normale barselseng og ved sygdomme i samme seng, her finner vi egne kapitler om indpaknigner og omslag, om ulike typer klyster samt smitsomme sygdomme, deriblant flektyfus og kolera, noe som vi i dag heldigvis slipper å tenke på.

Jeg vil begrense meg til å skrive litt om sykekost. Kosten var en viktig del av behandlingen, og boken avdarer om at;

den syke falder let i fristelse til at spise det som er forbudt. Kristiania kommunale sykehus hadde, i likhet med andre hospital, utarbeidet sine egne dietter. Fire ulike slag. De var som følger;

Diæt 1: melk bygsuppe, hvetebrød, buljong, melkevelling, melkepap og melke grøt. De andre diettene bygde på denne.  I diæt 2 fikk den heldige pasienten  smør i tillegg, og i  diæt 3  kunne han eller hun gasse seg med alt i diæt 1 og 2, samt dette; poteter, fløielsgrøt, fiskesuppe havregrynsgrøt, kjøtsuppe (uten røtter eller grønsaker), ris, sago, søtsuppe, ølsuppe, fersk fisk med saus, fiskeboller i hvit saus, stekte fiskeboller, fiskepudding, kjøtboller i brun saus, kjøtkaker, kjøtpølse, kalvefrikasse og kalvestek!

Diæt 4 var almindelig kost. Hva nå enn det var. Forhåpentligvis noe mer grønnsaker!

Det kunne umulig finnes vegetarianere i denne tida, hadde de stått på en av de første tre diettene, hadde de sulta i hjel! Diabetikerne hadde også mildt sagt en ensidig kost;

Sukkersykediæt besto av:

Frokost: 100 g hver av kokt kjøt og spekeflesk, 35 g ost to kokte egg og sort kaffe uten sukker. I dag hadde vi kalt dette for lavkarbo vil jeg tro!

Det var langt mellom måltidene, bare tre om dagen. Det andre og nestsiste måltidet var Middag: fast mat uten brød, poteter og/eller  potetesmel. Ingen jevning i sausen, kun buljong eller fiskekraft.

Tilslutt var det Aftens; her var det 150 g kokt eller stekt kjøt, 20 g smør og te uten sukker!

Boka nevner også stoppende diæt ved diare. Denne er litt mere spennende kanskje, te, blåbærsuppe og rødvin er tingen her! Den avførende diæt ved forstoppelse anbefaler; celluloserik mat og rikelig mgrov ængde av fettstoffer! I tillegg nevnes de søte saker!

Det var litt om den helsefremme(n)de  kosten i førkrigstida, neste gang tenker jeg å ta for meg noen andre kapitler i boka! Til da, ha en fin søndag alle sammen!

 

 

Publisert i Historier | 2 kommentarer

Skomakerens barn og prestens katt!

I dag vil eg fortelja om kva som er likskapen mellom meg og katten til presten, den seinare biskopen i Hamar bispedømme. Presten altså, ikkje katten.

Da eg var mindre, funderte eg ofte på kvifor eg, av alle, var så utrygg i nærleiken av dyr. Eller det er ikkje heilt riktig, eg har alltid hatt sans for kattar, og da barna mine var små, hadde vi ei kanin. Ho heitte riktignok Gråpus, men var like fullt kanin og ikkje katt på trass av namnet. Men kattar har eg alltid likt og vore glad i.

Fordi eg som hadde ein far som var veterinær, trudde alle at eg og var dyrekjær. Men eg var litt som i ordtaket om skomakerens barns som ikkje har sko. Eg gjekk lange omvegar for hundar, dei skremte meg.  Og så var det ein ting til, dei dyra eg såg, var for det meste sjuke, og det gjer ein skilnad. Eg hadde og ein hang til å synest synd på dei sjuke dyra. Og det kan tyne ei stakkars sjel meir enn godt er.

Eit av mine sterkaste barneminne er av ei spysjuk høne. Far helt rundt halsen hennar med ei hand, og eg gløymer aldri dei blanke og redde augo hennar der ho kasta opp i ein stor stråle innover i det mørke og fuktige fjøset.

Ein annan gong var vi med Far og såg på at han skar hol på ein verkebyll på ein gris. Etter å ha bedøvd grisen, som ikkje var større enn at han kunne legge den over knea sine, fann han fram kniven og skar i veg. Ut taut det gul verk i strie straumer.

–Dæ æ slik døm låggå majones, sa Far.

Og eg som var så glad i brødskive med tomat og majones! Eg smakte det ikkje på eit halvt år!

Men om eg ikkje var særleg trygg i omgang med dyr, og var litt som skomakerens barn, så var det ikkje betre stelt med katten til Presten.

Han var ikkje heilt frisk, og da Presten skulle bort ei helg, var det naturleg og plassere han heime i Presthaugen hjå oss.

Katten treivst han, og sidan vi ein liten månad før hadde mista vår eigen Truls i ei av dei mange kattsjukene som tynna ut kattebestanden i grenda med jevne mellomrom, var det stor stas å få prestgardskatten på besøk!

Han kunne ikkje vera så frykteleg sjuk, han åt godt og kroa seg i fanget mitt. Vi hadde det verkeleg triveleg, katten og eg. Eg hadde ein stor kopp med kakao med krem på bordet, ei bok med frøken detektiv og i det heile teke, så bra som ein kan ha det.

Heilt til ønskekonserten kom. Den høyrde vi på kvar veke, det var ei skikkeleg høgtidsstund, på linje med dei andre faste programma;  gammaldanshalvtimen, janitsjartimen, trafikk og musikk og ønskediktet!

Som alle som har levd ei stund veit, er at i starten på ønskekonserten var det barnesongar. Arne Bendiksen song jeg vil ha en blå ballong, og etterpå kom Bamsens fødselsdag  fra Klatremus og vennene hans. Men så, så kom Lage Wedin , salmesongararen med stor S  og som var ønska for fem velvaksne damer på godt over seksti år og ein kar på nokre og nitti sine gebursdagar. Den gode herr Wedin  klemte til av full kraft med;

–Det er makt i de foldede hender!

Katten klora til så det svei, spratt ut av fanget mitt, ned på golvet med eit smell, ut på gangen og så i vill fart ned trappa og inn på do i kjellaren. Der hadde han kassa si.      Medan Lage Wedin lovde at;

–svar skal du få og

–engler kommer med bud om det drøyer det fram det skal nå, for eg etter katten ned trappa.

–Kall på meg og du hjelpen skal få, høyrdest det fra oven.

Men det var ikkje mykje hjelp å få. Katten var som forgjort. Han fresa og klora etter meg. Eg prøvde med spak stemme og synge om bamser og blåe ballonger og alt det som var før salmesongaren ødela den fine kvelden. Til inga nytte. Det var ikkje råd for katten, han låg i kassa si som eit sint lite villdyr og var ikkje til å koma nær.

Eg tusla meg opp trappa, og vart møtt av en sommer som var over med Kirsti Sparbo.

Og slik var det for meg og, noko var over før det eigentleg hadde starta, og den ugudlege katta låg i kjellaren og kveste klørne.

–Kattar går sin eigne vegar, sa far min.

–Dei bryr seg ikkje om kva vi meiner, dei er heilt seg sjøl og gjer som dei vil, og det hadde av og til vore godt om vi au kunne vore slik, sa far min.

Vi fann aldri noko forklaring på den salmeredde prestekatten, neste morgon var han blid som ei sol, og frisk som ….ein fisk? Eller ein katt?

Og likskapen mellom meg og katten? Det har du vel for lengst forstått, men likevel:

Katten til presten blir redd når han høyrer salmer, og dottera til dyrlegen er redd for dyr, men med unntak av katter. Så der møtes sirkelen, og eg seier;

God helg!

Publisert i Historier | 2 kommentarer

Den grimme ælling

Alle aldrar er hemmeleg for deg, inntil du sjøl kjem dit. Eg brukte år av barndommen min til å lengte etter å bli ein spennande ungdom. Eg såg på dei store jentene som gjekk på realskulen og seinare ungdomsskulen, med høgt oppsett hår, øyensverte på augvippane, og somme hadde til og med raud leppestift! Vi hadde kort, bolleklipt hår, og ljosraude augvippar som ikkje synte i det heile teke! Kvar gong eg såg ein gris, og det gjorde eg både titt og ofte når eg var med far min på praksisrunder rundt om i Lom og Skjåk, tenkte eg at slike augo har eg og, små med ljose augvippar og nesten ikkje auglokk.  Eg kunne få auglokk som synte om eg berre skrukka på panna. Men da lurte folk på kva det var som hadde skremt meg, så det var ikkje måten å gjera det på! Så eg berre gjekk og venta på å bli stor nok til å legge stripar av svart kajalstift rundt auga, og så tjukt med mascara på vippane, så skulle dei få sjå, den grimme ælling skulle bli til svane!

Den sommaren før eg fylte fjorten og skulle byrja på ungdomsskulen, vart utstyret innkjøpt. Eg og Torunne syster la tjukt på!  Med tunga hengande ut gjennom munnen i sterk konsentrasjon, kom streka og sverta på plass! Virkninga var dramatisk! Eit nytt fjes stirra mot meg, eg hoppa opp og ned framfor spegelen i pur lykke!

Foreldra mine og Mormor satte maten i vranga der vi sprang ut frå badet og stilte oss framfor middagsbordet;

–Kæ´i svarte…Døkk ser ut som ho Kleopatra, sa far min.

Det høyrdest  ikkje ut som eit kompliment.

–Hodemin, dokk sjer ut som et spøøkels, sa Mormor , og rista på hovudet.

Vi var usårbar eigentleg, orda prella av, og to svaner svinsa inn på badet att for å beundra verket.

Neste morgon var det skulestart, og med Mormor og Mor ved sida av, fekk vi både to lagt ein noko mindre tydeleg strek rundt auga, og litt mindre mascara. Men kva gjorde vel det, med eit lommespeil i sekken, fiksa vi resten bak eit tre i Presthaugen, midtvegs til skulen!

Og sammen med medelevane våre, minst like oppmåla og med minst like stor nyvunne  sjøltillit  som oss, gjekk vi alle ungdomtida stolte i møte!

Publisert i Historier | Legg igjen en kommentar

Hell og ulykke?

Kvar gong mormor kom til Lom hadde ho med seg i gave lodd fra pengelotteriet. For dei som ikkje veit kva dette var, saksar eg eit klipp frå Wikipedia:

Frem til 1912 var pengespill forbudt i Norge for å hindre borgerne i «lykkespillenes fordervelighet». Pengelotteriet ble opprettet som et unntak i 1912 og lotteriets inntekter ble brukt til blant annet bekjempelse av tuberkulose.

Det var to heil-lodd og to halvlodd. Heil-lodda  ga full pott og halv-lodda halv. Den tiende kvar månad var det trekning. Da sat vi rundt kjøkenbordet drog fingeren nedover dei endelause rekka med tal. Men vinnarlykka sto oss ikkje bi!

–Det æ´dæ´såmmå som med fiskelykka mi, sa far min.

Kvar sommar i Trøndelag sto han natt etter natt i Orkla og fiska etter laks. Han drog inn ein og anna aure, men laksen, den kom aldri.

Eg derimot, hadde vinnerlykke. Ikkje i pengelotteriet, men på basarar! Eg vann både dokke med fullt utstyr, fleire fruktkorgar, 30 egg og 2 kg kaffe. Eg kom dragandes heim med ulike kaker vunne på Kopen laurdagsformiddag, og da bingoen kom til Lom, vann eg der og. Eg vart overmodig, og høyrde ikkje på folk som sa;

–den dagen du gje´ burt ein gevinst, vinn du ikkje meir!

Det gjekk troll i ord, det siste eg vann, var ei gul babyjakke, strikka av fru Hille, mor til presten.  Den ga eg bort, og sidan det vart det full stopp!

Elles kom bingoen til Lom og resten av landet på slutten av sekstitalet, og folk gjekk mann av huse.  Nokre var så ivrige at dei køyrde opp og ned heile Gudbrandsdalen for å gå på bingo. Det ryktast at eit ektepar i ei av nabobygdene var så ville etter å gå på bingo, at dei, etter at mannen på ulikt vis hadde mista gebisset sitt, og ikkje kunne syne seg for folk, la ei plan. Det var bingokveld nede i dalen, og han sende kona over til naboen.  Der fekk ho låne eit gebiss fordi mannen i huset som akkurat var død, ja han hadde hatt to. Først med tenner i munnen fekk han reise til Kvam på bingo!

Elles var det kortspel, og sjøl om det ikkje var lov, var det dei som spelte om pengar! Det gjekk stadig rykter om folk som hadde mista både klokker og gifteringar ved slike høve. Vi høyrde og om ein mann som etter eit slikt kortslag hadde bokstaveleg talt spela av seg skoa! Han måtte ein seinhaustes og kald kveld gå heim att med plastposer på føtene!

Så hadde vi tipping! Der var det store premiar, men på syttitalet gjorde dei om på systemet.  Det resulterte i at storleiken på gevinstane varierte, og om du vann, så gjekk det eit par dagar før du fekk veta summen. Ein kar i Norddalen, hadde vunne førstepremien, og heldt eit durabeleg lag for å feire. Han køyrde til Lillehammer og kjøpte polsprit, opp og ned dalen ein vel 40 mil, og spara ikkje på noko. Han ba omtrent heile bygda på fest, 2 heile dagar til ende. På mandagen kom summen, og saman med den og bakrusen kom nedturen. Han gjekk i underskot! Premien var rekordlåg!

Som riktig unge, på barneskulen, laga vi oss spålister. Der vann du ikkje noko anna enn at du kunne få spådd ei fin framtid, og det var da noko det og!  Og kanskje var det den einaste måten å la vera å gå i underskot på! Hell og lykke er vel alltid bra å få, og sjøl om det i livets lotteri ikkje alltid går som ein ynskjer, så er det nå noko som ein kan ta med seg på vegen!

Eg skreiv sist at eg skal legge ut bloggen annakvar laurdag frå no av. Denne gongen blir det fredag, for eg skal arbeide i morgon, og så tar eg ferie. Det kan hende det kjem eit innlegg i løpet av sommaren, men eg lover ikkje noko. Eg skal  ned til Hellas og kose meg der saman med familien min og gode venner! Så får alle mine lesarar, ha ein fin sommarferie! Eg set utruleg stor pris på dykk alle som les bloggen min! Det både inspirerer og gler meg.

God helg og god sommar!

Publisert i Historier | Legg igjen en kommentar

Askeavkok og andre mirakler!

 

Det er ei tid for alt, og til alle tider og med jamne mellomrom,  dukkar det opp ulike kurar som lover bot og bedring for ulike plager og tilstander.  Eg minns dei som var i min barndom. Mykje gjekk på å bli slankare, og den fyrste eg kjem på, var da butikkhylla med hermetisk ananas forsvann på ein liten time. Ananaskuren hadde kome til Lom! Den lova deg ein slank og fin kropp. Biverkningane var store. Vi diskuterte det i klassa, dei som hadde  foreldre som prøvde denne kuren, meinte at  mødrene eller fedrene fekk ein hang til å bli særleg sure og utålmodige. Det vart med denne eine runda, etter som eg hugsa. Far min hang seg på, og resultatet av dette var at han resten av livet ikkje tåla synet av ananasringar! Han påsto at på den vesle veka han hang med, hadde han ete nok ananas for fleire liv! Det leie med slike kurar var, at det som rann fort av, kom enda fortare på i neste omgang! Ein annan kur som ikkje kom til Lom, av den naturlege grunn at det var 18 mil til polet, var kvitvinskuren.  Vi høyrde rykte om at i byen gjekk dei fine damene på slike kurar og vi høyrde og at mange av dei ikkje greide å slutte etter endt kur, og det fekk fryktelege konsekvensar for familiane deira. Eg minns at eg såg for meg radmagre og halvfulle damer som møtte ungane i døra når dei kom heim frå skulen. Nei da var det betre med hermetisk ananas og sure foreldre!

Men det var ikkje berre slankekurar. Ein gong på syttitalet vart det lansert eit nytt vidundermiddel.  Det verserte historier om folk med ei fot i grava som vart friske av dette! Kreftsjuke, folk med gikt og eit utal av andre med alvorlege sjukdommar og ikkje fullt så alvorlege, hadde vorte friske av, -askeavkok. Rundt omkring i landet fall asketrea mot klingande mynt,  ja så mange vart borte at det ei stund vart mangel på økseskaft her i landet! Ettersom desse er laga av ask, var det mange som i mangel av ferske tre, kokte økseskafta sine og selde avkoket! Men, tida avslørte bløffen, ettersom denne skrei fram, uteblei den lova virkninga. Så mange felte tre til inga nytte!

Mormor mi hadde klokketru på kamferdråpar. Det hjalp mot alt, eit glas med vatn og nokre kamferdråpar oppi, styrta ned så du nesten mista pusten, –og så var det berre å venta på at det skulle virke. På Mormor virka det alltid! På sine gamle dagar, da ho vart ordentleg sjuk og hamna på Radiumhospitalet, hadde ho med seg kamferdråpane sine, gøymt i handveska!

–Itj si det te`pleiaran, kviskra ho og blunka lurt.

Ho hadde og ein anna kur som eg trur ho må ha vore åleine om. Den var for tett nase. Dette var før nasedråpane vart oppfunne, men eg har aldri turt å prøve denne kuren. Det har eg rett og slett ikkje mot til.

Ho Mormor tok ei flaske med salmiakk, heldt nasen rett over tuten og drog inn dunsten så tårene spratt! Ikkje ein kur å anbefale for vener, men snarare dine fiender.

Så står det berre att å ynskje alle ein fin laurdag! Eg kjem heretter til å legge ut innlegga mine på laurdag, sidan eg har funne ut at det er meire praktisk for meg. Det blir og annakvar laurdag frå nå av, det er moro å skrive, men det tek såpass mykje tid at det får bli slik.  Men eg vonar at du som les det eg skriv, fortset å følge meg, for det er for dykk lesarane mine eg skriv! Og du må gjerne dele bloggen min med andre om du vil, det blir eg berre glad for!

Ha ei fortsatt fin helg!

 

 

 

 

Publisert i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Peanøtter og gallestein!

Tidene forandrar seg, og mykje med den. I gamle dagar var sårskorper bra og frisk luft farleg. Dei gamle  sa at feit mat var sundt.  Åt ein for mager mat, gjekk det på nervane laus, dei trong feitt. Fekk dei ikkje det, var det fare for både sinn og sjel. Ein kunne bli nervøs av mindre! Så kanskje er det noko i uttrykket; rund og triveleg!

Eg hugsar ikkje når det starta å skje, men eit stykke ut i barndommen, eg kunne kanskje vera ein 10-12 år, byrja avisene og skrive om at maten du åt, kunne vera farleg for deg! Det som gjorde mest inntrykk på meg, var at ein dag sto det i Gudbrandsdølen at peanøtter hadde vorte farleg! Polly peanøtter var noko av det beste eg visste, så sorgen var stor! Det varte heldigvis berre ei vekes tid, så vart peanøttene teke inn i varmen att.

Det tek meg til ei oppleving nokre år seinare. Eg hadde vorte myndig og vaksen, og Mor og Far og eg skulle kose oss med peanøtter og ein liten dram. Ho mor var ingen matelskar, men peanøtter og karameller, det var det likaste ho visste. Drammen var det vi kalla pons, i dette tilfellet varmt sukkervatn med ein skvett dyrlegesprit (kun til utvortes bruk, sto det på flaska) i. Vi var ikkje kome meir enn ein liten centimeter ned i glaset, før ho Mor vart dårleg. Det var nokre smerter som slo til så det song, det likna ikkje på noko anna eg har sett, og det skremte livet av oss to andre. Heldigvis var diagnosa lett å stille og prognosa god! Peanøttskåla var tom, og det var nok den som utløyste gallesteinsanfallet, ikkje drammen! Det barst til Lillehammer, og operasjon, og på veg ut i sjukebilen var det einaste ho tenkte på at dei skulle tru gale om henne fordi ho lukta sprit på ein laurdagskveld!  Slik er vi laga, men det gjekk bra, ho kom heim att utan galleblære.

Det minner meg på noko som hende berre for fem år sidan. Vi var på Tinos i Hellas, i leiligheta vår. Eg reiste heim til Oslo for å jobbe, medan gubben var attende på øya vår . Eg skulle vera heime ei veke, og så dra nedover att. Han ringte seint ein kveld, og han hadde det vondt, skikkeleg vondt. Historia er lang, men den korte delen er:

Eg drog ned og tok fyrste båt til fylkessjukehuset på naboøya, Syros. Der var han innlagt i påvente av å skulle fjerne si betente galleblære. Eg kom til inngangen sa at eg ville treffe han. Ho bak luka retta på brillene før ho såg på meg og sa:

–er det nordmannen eller tyskaren?

Uansett, for oss som arbeider innan helsevesenet, er det eit par diagnoser som lette å stille, nettop fordi dei gjev slike intense smerter. Det er gallestein og nyrestein, og det er alltid ei glede å setja ein injeksjon slik at dei kjem seg på føtene att! Men for pasienten er det dramatisk, dei fleste som kjem inn med desse lidingane for fyrste gong,trur at dei har ein fot i grava! Det er da eg alltid fortel denne historia;

Det var ein mann som far min kjente, som fekk eit voldsomt gallesteinsanfall (av og til kallar deg det nyrestein hvis det er det som passar). På veg ut i sjukebilen skreik han til kona;

–Hugs at etterpålaget etter meg skal vera på Nordalskafeen!

Det skulle gå tredve år til før dette vart aktuelt!

Eg vonar at alle har hatt ei fin pinse. Her i Oslo skin sola i dag, og det teiknar til å bli ein fin forsommardag i hovudstaden!

Ha ei fortsatt fin pinse så lenge det varer!

 

Publisert i Historier | Legg igjen en kommentar

For full musikk!

Eg er og har alltid vore, lettrørt!  Og nå som 17 mai er like rundt hjørnet, skjer det same kvart år.  Når eg høyrer korps som marsjerer og øver til den store dagen, er det som å skru på ei kran, tårene kjem av ein eller annan grunn kvar gong. Ikkje alltid like lett å forklare, når du står og prater med ein bekjent, og så plutseleg går eg i full oppløysing rett framfor augo deira.  Det verste er kanskje svaret;

–dæ`æ`berre korpset..snufs,

Men for meg som voks opp i ein familie prega av korpsmusikk, og ei mor som levde og ånda for dirigentgjerninga, har eg minner med meg for resten av livet. Det er berre gode minner, så eg skjønar eigentleg ikkje kvifor dei set meg slik ut av spel, men det er ikkje alt ein kan forklare, vi lar det bli med det!

Men attende til der eg starta, 17 mai.  Forberedelsane starta dagen før. Da tappa vi fullt badekaret, hadde i godt med såpe og la instrumenta våre oppi. Etterpå pussa vi dei så messingen skein slik at ein kunne spegla seg i den. Eg spela tuba, det største instrumentet, så det var litt av ein jobb! Uniformen vart teke fram og sett over, medaljene hengt på, og skoa pussa.

Så var den store dagen der!

Ho mor hadde på seg trønderbunaden. Hovudplagget på den er eit slags brodert klede som blir som eit stort tørkle. Kvart år var det alltid nokon som spurte:

–Kæ`te slags hardangerduk æ`dæ`mor di har på huggu?

Og så var det far min som hadde examen artium og studentlue, den svarte med dusk som alle med tilsvarande bakgrunn, gjekk med den gongen.

–æ`far døkkor svartruss?

Men det var vi ungane hadde den finaste hovudpynten, iallfall etter at vi fekk uniformer med hattar som hadde reim under haka! Eg kan ikkje hugse at eg nokon gong har følt meg så fin som da vi fekk dei nye uniformane!

Så var det tid for tog, både i Lom, Bøverdalen, Garmo og til slutt i Lia. Vi gjekk og vi gjekk, og tubaen vart tyngre og tyngre. Men moro var det lell, og verd all slitet. Det var pølser og brus og is, det var festkledde folk, og alle var glade, iallfall slik eg hugsar det. Dalen var grøn og snøen låg enda på toppane. Himmelen var alltid blå og småfuggeln song.. Det er det bilete eg har med meg. Den einaste uversdagen eg kan hugse på ein 17 mai, var da eg som 16-åring spelte i Orkdal musikklag. Som den yngste, og einaste jenta, spela eg det utan unntak størst instrumentet; ein souzafon. Det er ein tuba som krøller seg rundt kroppen, og den store tuten er rett over hovudet, som ein enorm tallerken! Denne dagen var det regn og sterk vind. Eg gjekk heile dagen og blåheldt på hornet og kjempa mot motvinden som truga med å velte både meg og det svære stabeiset av eit instrument. Da vi var ferdige for dagen, stupte eg i bakken av rein utmatting, og skifta instrument mest på dagen. Frå da av, vart det tverrfløyte for meg!

Ha ei god maihelg, her eg sit ser det ut til å bli ein fin dag!

God helg!

 

Publisert i Historier | Legg igjen en kommentar

Havfruer med bismak!

Eg har alltid, på tross av den innlandskrabba eg eigentleg er, vore sterkt tiltrekt av det som har å gjera med sjø og hav, fjord og kyst.  Så og med systrene mine. Da vi var småe, systrene mine og eg, og drog på bilferie, kom alltid det same spørsmålet kvar gong vi kom til vatn:

–Æ` dæ`saltvatn?

Det var noko med det, saltvatn var mykje gjevare enn ferskvatn. Det hadde vi heime!  Bøvra heime var  for stri til å bade i, og på  Skim der det gjekk an å kaste seg uti, var det så langgrunt at vi kunne nesten gå heilt til Skjåk før vatnet rokk over knea! Og så visste vi at du flaut mykje lettare i saltvatn. I ei kristendomsbok fanst det eit bilete frå Dødehavet, der det låg ein mann og flaut medan han las avisa! For så salt var det vatnet! Eg skreiv om Jesus som gjekk på vatnet i det siste innlegget, og det var dei som meinte at det måtte vera det salte Dødehavet. Men han juksa ikkje, den gode Jesus!  Genesaretsjøen er ferskvatn, så der gjekk den teorien fløyten!

Nok om det, kvar gong vi kom til ein ny teltplass ved sjøen, hadde vi knapt nok fått slått i den siste teltpluggen før vi vrengte av oss kleda, smatt inn i badedraktane våre, og hoppa i havet!

Ein gong kom vi til Molde på vår årlege tur. Dette var midt under jazzfestivalen, og foreldra våre såg med store augo på alle hippiane som flaksa omkring! Eg tykte at dei var tøffe, men det gjorde ikkje ho Mor og han Far. Det var mest så dei vart glade da vi sprang ned til sjøen, redde som dei var for at vi skulle bli påvirka av alle dei med langt flagrande hår, i klede med gilde fargar og lange frynser, og dei sat i haug på ein måte. Alle klemte på alle, såg det ut til.

–Uanstendig! sa mor vår og rista på hovudet.

Men dei var nok ikkje glade i å bade, for vi hadde sjøen heilt for oss sjølve. Alle hadde vi lært oss å symje, så vi boltra oss som fiskar i vatnet, -så lenge det varte.

Det var ikkje lenge, brått sto far vår der og ropte:

–Kom upp med ein gong!

Stemma hans bar bod om at vi ikkje hadde noko valg!

Forundra karra vi oss på land. Det var då vi vart var alt det rare som flaut i vatnet, og at veslesyster Eldri hadde eit langt papir nedover ryggen!

Det viste seg at vi hadde bada akkurat der kloakken kom ut i fjorden! Bak far vår sto mannen som hadde varsla:

–Er De klar over at Deres barn bader i kloakken?

Det satte fart i far vår, og ikkje mange minutta etter gjekk vi til spott og spe over heile teltplassen der alle hadde fått med seg opptrinnet. Nokre av dei tøffe hippiane heldt seg for nasen og lo da vi gjekk forbi.  Vi ønska oss 100 mil vekk!

Inne på badrummet vart vi skrubba får topp til tå til vi vart illraude og såre. Som om ikkje skammen var nok straff!

Nå er det vel ingen stad at kloakken renn rett ut i havet, og kvar ei bygd har renseanlegg. Fara for at andre skal oppleva dette, er for evig borte! Men minnet om skammen over gåsegangen gjennom campingplassen sit i skrotten  enda om ein kjenner godt etter!

For ikkje å prate om lukta!

Minner og om neste fredag da eg inviterer til Supper club i Oslo, det er framleis nokre få plassar at for den som har lyst til å koma.

Du finn nærmare opplysningar her:

God helg til alle!

Publisert i Historier | Legg igjen en kommentar

Jesus sett frå barnesinn

Så er vi inne i den stille veka.  Påska har igrunnen eit dramatisk bakteppe, og historien har vore med meg opp igjennom åra. Da eg var lita, og dommedag  og andre uforutsigbare farer  lura frå dette landskapet der Jordanelva slynga seg krokete nedover kartet frå det gamle Palestina, gav det rom for ettertanke. Det var ei verd der djevlar, englar og hyrdar myldra om kvarandre og kunne til tider skremme ei stakkars sart sjel med ein velutvikla fantasi og lite kunnskap om emnet. For vi var, som tidlegare nemnt, ikkje hefta med gudelege miljø i Lom, så det var heller ikkje så mange som kunne avkrefta skrekken. Og verda fra Bibelen har alltid gjeve rom for spekulasjoner, og ungane har til alle tider lage seg si eiga verd om dette emnet.

Far min overhøyrde veslesyster mi Eldri og venninna hennar, der dei samtala over Jesus.

–N´ Jesus va`jamen litte tå ein rugg, sa Eldri.

–N` sto i båten sjøl um æille veit at dæ` æ`ikkje lov!

Dei tenkte seg grundig om begge jentene, før svaret sto klart:

–Men dæ`æ`kanskje ikkje så farleg um båten velta når du kæin gå på vatnet!

Og det likaste av alt, han slapp svømmevest!

Onkelen min var lærar nede på Hedemarken, og ga ungane i oppdrag å tegne ei salme frå salmeboka.

Ein av gutane teikna ein mann som sto og sagde over eit tre.

Eleven kunne ikkje skjønne at læraren ikkje begreip kva for ei salme det var;

–Kjære Jesus du som sagde!

Det måtte da vel alle forstå. Det var kanskje same guten som ved eit anna høve forklarte fenomenet vind:

–Det er tre på land, og dom vifte, forklarte han ganske enkelt.

Tilslutt ei lita hending frå nyare tid. Ungane, mannen min og eg var i Hellas saman med ein annan familie. Sonen vår var vel omtrent ein fem-seks år, og leika saman med ein jamnaldra firmenning frå Østlandet. Han og familien hans var velkjente med Bibelen og denne si lære. Så ikkje med oss fire frå Volvat, Gjerdrum og Lom.

Gutungane sprang att og fram i den bilfrie landsbyen, der dei einaste lydane kom frå folk og dyr. Den høgste lyden kom frå eselet. Esler, ja kva er det dei gjer? Rauter er det ordet som fell meg inn, lyden av eit esel er iallefall ein lyd ulik noko annan.  Det var høner som kakla og geiter som breka, og sola var akkurat gått ned bak fjellet midt imot landsbyen. Det var ein  varm og mjuk  sommarkveld slik som dei er der.  Og der, på øya vår, blir det fort mørkt. Og som far min sa,  den eine gongen han var med ned dit;

–Her slæ` himmeln tå ljoset, og så bli dæ`myrkt!

Ved kyrkja i landsbyen, er det ein taverna. Det er den finaste tavernaen eg veit, der kyrkja er den eine langveggen, og ein mur med oleandergreiner stikkande  ut, den andre. Tverrveggane er på den eine side ei kilde med reint og klart rennande vatn som renn ut i kommar der landsbykonene  brukte å vaske kleda før vaskemaskinene kom. Nå blir det mjuke vatnet, for mjukt er det fyrste ordet som fell meg inn, fylt av vassmuggar til gjestane på tavernaen, og til alle andre som kjem innom for å fylle flaskene sine med det etter sigande helsebringane vatnet. Ikkje noko anna vatn smaker slik som dette, for det er det det gjer, det smakar!   På den andre sida er tverrveggen kjøkenet på tavernaen. Langs heile dette rommet under stjernene, veks det tre der det blir hengt opp telysestakar i greinene, og det står potter med blomar oppover den lett skrånande grunnen opp mot kjøkenet. Eg har ete nokre av mine beste måltid akkurat her! Spør du meg, skal eg forklara deg korleis du kjem deg dit!

Kyrkja er ei av dei få katolske kyrkjene i Hellas. Katolikkane der er ikkje mange, dei er kun samla rundt øyene der italienarane tradisjonelt heldt til, eller kom til øya frå mange generasjonar sidan.

Gutungane sprang inn og ut av kyrkja. Vår Øyvind bråstoppa framfor Jesus på krossen. Det var eit ukjent syn.

–Hva gjør han der oppå korset? sa Øyvind.

Vennen så på han og rista oppgjeve på hovudet over slik en mangel på kunnskap.

–Veit du ikke det du da? Firmenningen sukka oppgitt.

–Han døde jo på korset for våre synder.

Og borte var han.

–Førstemann til den hellige kilda, skreik han idet han forsvant ut av kirkedøra i fullt firprang.

Øyvind tenkte seg om et lite øyeblikk, før han beina etter.

Og det var mine ord til påska, eg tenkte kanskje at dei vil passe?

Uansett, god påske til alle saman kvar dykk no er. Sjøl har eg ei lat og stille bypåske og trivs godt med det som den sofagrisen eg no eingong er!

Publisert i Historier | 2 kommentarer