Jul, jul strålande jul!

Nå når jula nærmer seg, dukkar alltid gamle minner opp. Dei fleste er gode, og etterlet seg ein kjensle av både vemod og savn, men og ei stille glede over at desse minnene er der. Dei er som ein dyrebar skatt som ein kan dra fram, både i glede og i sorg. Og den gir alltid noko attende.

Musikken har alltid fylgt meg, og med han var og mor mi ein viktig person. Ho var, som eg har skrive mange gongar før, eit musikkmenneske. Som den fyrste norske kvinnelege korpsdirigenten, ja mogleg og nordiske, var vi ungene alltid stolte av ho. Og når ho drog fram fela og spelte for og med oss.

Men så var det når ho ga seg i kast med allsongen da. Og allsong er ikkje allsong alle stader!

Eg har nemnt det før, men ho Mor var, ulik de aller fleste mødrene i Lom, usjenert i all si framferd. I ei bygd der det å vera beskjeden, er ein dyd, knekte ho aldri den koda. Og det var ikkje med dårleg vilje heller, men til hennar forsvar, så er det er nok noko du treng fleire generasjonar for å forstå.

Attende til songen, ho Mor hadde ei kraftfull og djup stemme. Så djup var den, at ho song ein heil oktav under dei andre damene. Og det med full kraft. Så når julesongane skulle avsyngast, anten i kyrkja, på juletrefest eller juleavslutningar, slo ho til med både innleving og styrke på bortimot forte fortissimo. Dei andre i forsamlinga låg nok i eit stille piano i sin song. 

Stemma til ho Mor la seg over alle andre, og fekk oss til å, eg ei lei meg for å seia det, men vi skjemtes. Og så hadde ho det med å synge alle julesongane på bokmål, ho var ikkje noko nynorskmenneske, trønder som ho var. Eg trur det er mogleg litt urettvist, men i mine øyrer høyrde eg ein litt trassig undertone i teksta, særleg når det kom til tredje verste i «her kjem me, dine arme små».

–Og kysser dusti for din fot, vart til eit crescende med

–Og kysser støvet for din fot.

Nynorskteksten drukna heilt!

Så slik var det, og vi prøvde å overtale henne til å dempe seg litt, men ho Mor var ho Mor. Det gjekk ikkje heim.

Men så hendte det noko! 

Da eg var omtrent ti år, kom det ei ny ung popstjerne inn i stovene våre. Ei riktig stjerne, som, saman med Wenche Myhre og Cliff Richard, var ei av dei vi hengte opp på veggen på rommene våre! Ho song så levande og fint. ! Ei djup, varm og malmfull stemme, og i omlag same register som, -ja ho Mor.

Det fekk meg til å sjå ho mor og hennar songkunstnar i eit anna ljos. 

Og når dei andre ungane sa: 

–Mor døkkor syng som ein kar, da retta eg ryggen stolt, og sa;

–Nei, ho syng som ho Åse Kleveland!

Og det hjalp, kvar gong!

Nå har det seg slik, at eg syng i Oslo Damekor, eit flott kor som og er det eldste damekoret i Norden. Om to dager er vi 150 år! Vi skulle ha ein konsert i Oslo rådhus, med ordfører og andre celebritetar til stades. Men som alle veit, det er ikkje tid for slikt nå, men vi kjem attende i juni.

Mellombels skal vi, på gebursdagen vår, synge på tre sjukeheimar. Og det vonar eg, gjev glede både til oss og alle dei andre som er med. Og vi har med oss, -ja nettopp:

Åse Kleveland!

Nordens eldste damekor, og Nordens første damedirigent, det er ein fellesnevnar. Og saman med Åse Kleveland, blir ringen på ein måte slutta for meg. Og eg skulle berre ønske at ho Mor kunne vera her og. Eg både trur og veit at ho var stolt over å bli sammenlikna med denne tonekunstnaren!

Ein gong, når dette året antagelegvis har gått over frå å vera det det var, kjem ettertanken. Og tenk, til neste jul, når vi kan vera saman og feire jul som før, skal vi tenke på det året som gjekk, og vi skal tenke i djup takksemd på det vi har, og setja pris på det. Og kanskje vera litt klokare enn det vi var.

Men i år, i år skal vi lyse opp både inne og ute, og synge av full full hals og styrke!

Og med det, så ønsker eg alle mine lesarar ei god adventstid!

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

2 svar til Jul, jul strålande jul!

  1. carl07no sier:

    God jul, Anne ☺

    Mvh
    Carl Rynning-Tønnesen
    Designer / Prosjektleder

    –

    +47 419 22 722

    07 Media AS

    [A picture containing meter, clock Description automatically generated]

Legg igjen en kommentar til carl07no Avbryt svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s