Ein hårfin oppvekst

Syster mi og eg er einegga tvillingar. Torunn kom som nummer ein. Ho kom ut av mors liv med føtene fyrst, eg kom ti minutter etter, på vanleg vis.  Lenge trudde eg at det var grunnen til at det tok tre år før vi fekk noko hår. Eg tenkte at sidan vi låg  hovud mot hovud, hadde vi gnidd av det vesle håret som fanst.

Seinare i livet skulle håret vårt vera med på å gjera oss til dei vi etterkvart vart.

–Han onkel Sylfest sa det, sa ho Mor,

–at døkk skoill bli rødhåra.

Kvar gong ho sa det, høyrde eg at ho ønska at han skulle ha teke feil. Nå veit eg at det kanskje ikkje var heilt rettferdig, men det å vera raudhåring på femti- og seksti-talet, det var slett ingen spøk. Ein kunne bli hårsår av mindre for å seia det slik.

Det var å bli fødd inn i ein vanleg familie som eit utropstegn ingen hadde venta! Og vi var enda til to, og heilt like. Det var berre hårfine skilnader på oss, og vi måtte gå med kvar vår bokstav på oss så lærarane ikkje skulle ta feil. Den dag i dag har vi begge to vansker med å sjå kven er kven av oss på gamle bilete frå vår unge barndom.

Syster vår, Eldri, kom fire år etter oss. Ho hadde blondt hår og smilehol. Vi hadde rødt hår, og hol i haka, men utan smilehol.  Og ho fekk lov til å ha langt hår og fletter! Livet var av og til urettvist!

Det fekk ikkje vi. Raudt hår var så dominerande, så det var ikkje snakk om at vi skulle få lov til å sleppe på oss langt hår, som det heitte. Kvar månad kom Rønnaug med saksa si, og vi vart praktisk talt snaua inn til hårfestet rundt heile hovudet, kort og brutalt. Håret vårt var ganske tjukt, så vi såg ut som to munkar fra middelalderen. Det einaste vi mangla, var månen på toppen.

Vi voks til, og fekk  norsk barneblad i postkassa ein gong i månaden.  Det var i grunnen eit kjedeleg blad, med unntak av tegneseriestripa Smørbukk.  Og så fekk vi brevvenner gjennom dette bladet.

Syster mi og eg fekk kvar vår gut, ein stryning på Torunn, og ein trønder på meg. Noko av det fyrste vi måtte svare på, var korleis vi såg ut. Eg hoppa elegant over håret, og fekk heller ikkje noko spørsmål. Torunn derimot, ville ha med hårfarga, og gjekk ein liten omveg i si beskrivning.

Gyllent hår, skreiv ho.

Ho fekk aldri meir svar, og vi var einige om at det nok var håret si skuld. Eg derimot. fekk lange brev som beskreiv garden oppe i Trøndelag med alle dyra og deira sjukdommar, fødsler og nødslakt inn i minste detalj. Eg skreiv om skulekorpset som var min store hobby. Vi var vel så ulike at det heile døydde ut av seg sjølv.

Vel var raudt hår dominerande. Det var greitt, men følgjane av det, var at det let seg dårleg kombinere med andre fargar, ja berre to fargar vart godteke, blått og grått. Og raudt, det var det verste, med gult like bak.  Dempa skulle dei vera, gilde fargar på kleda saman med det illraude håret på toppen, var ikkje greit. Da vart vi til to vandrande fyrlykter, og stakk oss ut meir enn godt var i den tida. Dette var før alle realityseriane og det å vera noko utanom det vanlege, var noko som aldri var til ein fordel for nokon.

Det verste var raudfarga. Etter den kom gult.   Så vart eg vaksen, og heldt meg til duse fargar, og kjente meg som raudhåring. Heilt til eg i ein alder av nokre og førti år skulle ha nytt pass.Nå er det eingong slik, at når andre folk blir gråe i håret, blir vi raudhåringar blonde. Men, eingong raudhåring, alltid raudhåring. Så, av ein eller annan merkeleg grunn, greide eg ikkje å sjå at eg hadde vorte meir og meir blond. Sjela og augo mine oppfatta meg som raudhåring. Men ikkje politiet.  I passet sto det:

Hårfarge: blond med rødskjær. 

Eg gjekk rett ut og kjøpte meg ein raud genser med gul krage. Det var på tide! Det var  som å koma ut av eit sjølpålagt skap, skapet for de raudhåra og ufrivillige ellers fargelause.Eg var endelieg fri, og glad for at eg var raudhåra, same kva politiet meinte. 

Og så har eg to flotte ungar, dei er vaksne no, men dei har og raudt hår. Forresten dei har ikkje det, dei er stolte og glade over ar dei har gullhår, og dei kler seg i alle fargar dei vil!

Dette er mange år sidan, om eg hadde opna klesskapet mitt den gongen, og det hadde innehalde dei kleda eg har no, hadde eg vorte skremt!  Men hadde eg ikkje vokse opp med at fargar ikkje var for meg, hadde eg ikkje vore så fargeglad som eg er i dag, og det har eg funne ut, at det, det er –meg.

God helg til alle mine lesarar, kos dykk i det fine sommarvêret!

 

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

3 svar til Ein hårfin oppvekst

  1. Gunhild Mogset Gylland sier:

    Dåkk va kjempefine. God sommer. Tenke med glede på somre på Lefstad😊☀️

Legg igjen en kommentar til Gunhild Mogset Gylland Avbryt svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s