Om å bli blåst inn i ekteskapet

Det er i dag 32 år sidan mannen min, Leif Arne og eg, lova å elska og æra kvarandre livet ut. Og så langt har det som for alle andre, vore både gode og onde dagar, og ser ein på eit gjennomsnitteleg norsk ekteskap, er det 13 år. Altså har vi greid 19 år over dette. Ikkje verst berre det!

Den 17 oktober 1987 var den store dagen. Og Lom stavkyrkje var staden.

Brudekjolen var innkjøpt på Adeles kjolesalong på Sagene i Oslo, den var i 100 prosent nylon og av ein eller annan grunn tilsalgs for halv pris. Han både kleia og stakk, og har seinar fått eit nytt liv som eit kjærkome tilskudd til ungane i nabolaget når dei skulle kle seg ut!

Marit og Krístbjørn, gode vener som var forlovar og kjøgemeister, gjorde ein fantastisk jobb heime i Lom medan det kommande brurparet var heime i Oslo. Det heldt nesten på å gå skeis, veka før den store dagen, kom det for ein dag at vi hadde gløymt bort eit papir som ein måtte ha den gongen, om ein skulle bli lovformeleg gift.  Det er så lenge sidan, at eg nå har gløymt kva for eit papir det var, men eg hugsar iallfall telefonen til presten. Han var elles ein fredsæl mann, men denne dagen, da var håpet ute. Papiret kunne ikkje skaffast på ei lita veke, så eg måtte nok utsetja heile giftemålet, eit par-tre veker eller noko slikt.

Eg la på røyret, gret mine bitre tårer, før eg tok meg saman og ringte til Kristbjørn. Han er, og var, ein mann med svar på det meste.

–Ringte du presten midt i middagskvila?

Eg kjente at her prata eg med riktig mann. Og ein insider som det heiter, klokkar som han var.

–Eg tek meg av dette, sa Kristbjørn.

Og slik vart det, og dagen før giftemålet, drog vi oppetter dalen og skulle giftast! Etter kyrkja, skulle festen vera på på Fossheim. Arne Brimi var kokk, så maten var av første klasse. Gjestene var både stuttreiste og langtfråkomne, 95 i talet.

Vi stoppa på Hamar der vi leigd eit videokamera for å forevige alt. Været var fint, ingenting forutsåg det som skulle koma.

For det kom utpå kvelden, denne fredag den 16 oktober i 1987.  Mor mi og tante Aasta hadde kokt soddsuppe til alle tilreisande, vel ein femti i talet, tenker eg.

Berre halvparten kom. Ottadalen vart stengt, uværet som kom, var eit slikt som berre kjem ein gong kvart hundrande år. Trea datt ned som fyrstikker, og sperra vegen. Inne i stova heime, måtte vi setja oss midt i rommet, vindauga bula innover i stormen, og truga med å sprengjast. Straumen gjekk tidleg, men suppa var halvvarm, så mat fekk dei, dei forskremte som sat musestille medan stormen ula rundt hushjørna og truga med å ta seg inn, og trea rundt huset berre knela, 20 i talet vart det oppsummert neste dag. Og det eg sat og tenkte og håpa skulle bli spara for vinden si umåtelege kraft,  var den fine bjørka med dei nydelege haustfargane som eg og min tilkomande  skulle ha til brudebilete!

Heile natta bles det, men så stilna det utover morgonkvisten, og neste dag kom med eit nydeleg haustvêr.  Ute såg det ut som om det hadde vore krig, halve Presthaugen låg nede, og seinare denne hausten fekk dei som rydda opp, ved til heile bygda i lang tid!

Gjestane våre som hadde måtte overnatta på Otta, kom seg opp i god tid, og alt var på stell. Far min fylgde meg oppover kyrkjegolvet, og eg, lettrørt som eg er, gret som eit piska skinn. Han var av same slaget, så vi hulka i kor opp til alteret, og var nok litt av eit par, tenker eg.

Festen var fin, maten var ypperleg, viltbuljong, kalvesteik med madeirasaus og karamellpudding til dessert. Talene var fine og mange, kjøgemeisteren gjorde ein framifrå jobb, ja det var ei minnerik stund! Marit forlover og Kristbjørn kjøgemeister hadde forberedt seg godt, så alt sklei på skinner.  Eg er ingen talar, sang er meir min arena, så eg song Vilja-lied til mannen min. Den er fin, og ikkje minst, kjent. Det som eg ikkje annonserte, var at den er frå den glade enke av Frans Lehar.

Vel heime hjå Marit og Kristbjørn der vi for anledninga skulle overnatte, hadde dei skrudd på 11 vekkerklokker, godt gøymt over heile huset, og satt på ringing gjennom heile natta!

Men nå sit eg her, 32 år seinare. Eg er inga glad enke, men ei glad kone, glad for at eg framleis er gift med mannen min, og vonar at slik skal det vera i mange år framover! Og bildet under bjørka?

Bjørka berga seg den, ho sto som ein kjempe blant mange falne tre, men haustfargane? Dei hadde vinden teke!

 

 

 

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

2 svar til Om å bli blåst inn i ekteskapet

  1. Randi sier:

    Jeg ler, du er fantastisk flink til å skrive 😀. Gratulerer med bryllupsdagen ❤️💕💙🌹

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s