Gratulere med kvinnedagen!

I dag, på kvinnedagen, passar det å minnast ei sterk og bestemt dame frå barndomen min, ho Mormor. Ho måtte tidleg ut i den store verda og stå på eigne bein, da ho vart morlaus som sekstenåring. Ho tok utdanning  på Ørland Meieriskole, der ho vart uteksaminert som meierske i 1915.  Ho var yrkesaktiv heile sin vaksne alder, sjøl etter at ungane kom. Ikkje alle kvinner var det, men det var tidvis tvingande nødvendig, Morfar var industriarbeidar, og i dei harde tredveåra var det ikkje alltid arbeid å få. Eit arbeidsjern var ho, ho sat aldri stille.  Ho sto alltid på spranget til noko. Sjøl når ho sto utanfor bilen vår for å ynskje oss god tur  kvar sommarferie når skulle dra nedover til Lom, nytta ho høvet til å dra over frontruta på bilen med bordfilla. Og vi måtte stoppe på fyrste bensinstasjon og vaske bort rendene som filla la etter seg.

Mormor var av natur ein sann pessimist.  Dette ga seg ulike utslag, men to av dei står langt framme i minnet mitt.

Det eine er boka frå Meieriskulen. Den opna med følgande setning, som prega ho Mormor i all si levetid:

«Av alle dyr, er menneske det mest høitstående».

Ho hadde gjennomlevd to verdskrigar, og denne setninga kom til henne, når det storma rundt omkring i den store, vide verda. Det ga og ei forklaring til hennar noko pessimistiske livssyn. Det teikna kanskje til tider eit noko svart-kvit bilde av hennar brennande engasjement framfor Nyheter og Aktuelt på radioen, og etterkvart Dagsnytt på fjernsynet.  Det var ikkje alltid like lett å få med seg kva dei sa, med ho Mormor som medkommentator frå sofakroken.

Det andre minnet, er noko heilt anna.

Kvar einaste gong ho for til byen, som for henne var Trondheim, passa ho alltid på å kle på seg nytt og fint undertøy.  Byen var farleg, her kunne ein fort bli kjørt over av både personbilar og offentleg transport.  Her kunne ein få taksteinar i hovudet, eller gå seg på farlege folk med vondt i sinne, det mangla ikkje på dei ulykker som ein kunne koma ut for i storbyen.  Viss  ein var heldig,  kom ein frå eit slikt ublidt møte med livet i behold.   Og nå kjem vi til underkleda. For sjansen var stor for at ein da måtte ein tur innom sjukehuset. Her kunne ein risikere og bli avkledt,  og om ikkje det var ille  nok, så var det enda verre å framstå i gamle underklede.

På den andre sida, så var det ikkje alltid samanhang mellom liv og levnad. Vi var på sommarferie i Trøndelag, og skulle dra med bussen, systrene mine, Mormor og eg. Da det nærma seg tida at bussen skulle koma, kom ho Mormor på at ho måtte eit nødvendig ærend før ho sette seg ein time på bussen. Her var gode råd dyre, og vi skjønte med ein gong kva ho hadde fore, og vi visste at ho ikkje var til å snu på!

–Mormor, bussen kjem snart! ropte vi.

–Den er alltid forsein, var svaret.

Ho huka seg ned, og var akkurat ferdig til å dra på seg buksa, da bussen kom durande rundt svingen.  For ein gongs skyld eitt minutt før tida!

Ho viste ikkje fram noko naken hud, men det var ingen tvil om kva for eit ærend ho hadde nyss hadde vore i. Bussen var heilt full av uklare, alvorlege andlet  som stirra ned på oss som sto til spott og spe i vegkanten. Vi, som var midt i den mest sjenerte og sårbare pubertetsalderen, kjente at vi var var halvdaude av skam da vi entra bussen. Men ikkje ho Mormor. Ho trefte til og med kjentfolk, og slo av ein prat som om ingenting hadde hendt, medan vi sat illraude og såg ned i golvet i fleire kilometrar innover trønderske dalfører.

Men det er vel noko med kvar du kjenner deg trygg da, det er i alle fall det eg tenker i dag, noko anna forklaring kan eg ikkje finne. Eg skjønar at vegkanten heime utanfor stova di er noko heilt anna enn eit mottak på eit stort sjukehus i ein stor og farleg by. Men at blygsel tar så ulike vegar, ja det er har eg aldri skjønt meg på. Eg kjem nok heller aldri til å få noko svar på det, men minnet om ho Mormor, det ber eg med meg, og tenker at ho var ei tøff dame. Og i all sin pessimisme, hadde ho og ei glad side. Latteren hennar var høg og frimodig, og i mitt minne, lo ho ofte. Og slike damer som henne, det treng vi, og med dette vil eg med det ynskje alle ein god kvinnedag og ei riktig god helg!

 

 

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s