Julesongar og Bordellmammas visor.

Mor mi song som ein kar, med sterk og klar stemme, og ein heil oktav under alle andre damer. Ho høyrdes godt, for å seia det mildt. Ho hadde ikkje skjønt at i Lom, nesten lengst oppe i Ottadalen, er det å vera beskjeden, ein høgt skatta dyd.

Verst var det når julesongane skulle avsyngast. Ho mor var oppvokse med bokmål som salmespråk. I Lom var det nynorsken som rådde grunnen,  og vi ungar venta med skrekk og gru på det tredje verset i «her kjem me dine arme små». Med sterk og sint stemme sette ho strek under; «og kysser dusti for din fot», så det small i veggen. Heime gjekk diskusjonen rundt middagsbordet høgt framfor den årvisse juletrefesten, men ho Mor ga seg aldri på den.

Det fanst andre diskutable songar og, og det av det heller tvilsomme slaget. Dette var lenge før realityTV, og nakne folk og langt mindre sex-scener på fjernsynet, låg fleire tiår fram i tid.

Songane eg tenker på, er Bordelmammas visor. Dei var innspela på ein låve i Sverige ein stad, og songaren heitte Johnny Bode. Det var den tida sin pornografi, og ganske spennande. Vi høyrde på dei i smug, og gøymde dei for foreldra våre. Bordellmammaen sine songar kom både som LPplate og kassett. Her er oversikta over dei ti songane,  som kom i danseform. Her er det mellom anna både vals og marsj-tango, kva nå det er. Eg trur aldri at nokon dansa etter dei. Titlane får tala for seg sjøl,

  1. Jag har besökt bordellerna i många, många land (Visa)
  2. Oskulds-valsen (Seglarvals)
  3. Mutta-spricka-polka (även känd som «Neger Joe») (Polka-fox)
  4. Sex-predikantens sång (Fräls-sång)
  5. Vad ska en stackars fattig flicka göra? (Bossa-Nova)
  6. Lördagskväll på bordellen (Musette-vals)
  7. Det är så underbart att alltid vara kåt (Bossa-Nova)
  8. Gamla Hor-Marys bortgång (Visa i moll)
  9. Smygtittarens sång (Slowly-Waltz)
  10. Runka mig med vita handskar på (Tango-marsch)

Det tek meg over til konfirmasjonstreffet vi hadde i Prestegarden. Det var riktig triveleg, presten varta opp med kaker og brus, og så var det tid for konkurranse. Det var jenter mot gutar, og oppgava var å lage kvar vår song på ein kjent melodi.

Jentene var først. Vi stilte med tonefølge, syster Torunn på gitar. Tonen og teksten hugsar eg ikkje, berre at det var, passande nok, ei salme.

Så var det gutane sin tur. Freidige og flirfulle song dei,utan tonefølge, høgt og falskt. Vi jentene datt nesten av stolane være i skrekk, melodien var henta frå ein av songane over! Teksten handla upassande nok, om Jesus.

Det var eit langt og grufullt minutt før dei var ferdige. Vi sat stive og heldt pusten og såg ned i golvet. Vi venta på dommen.

Og den kom.

–Jeg holder nok en knapp på guttene, sa presten.

Vi jentene slapp ut pusten heilt på likt, med et langt sukk.

–Jeg er lei meg for det, jenter, men melodien til guttene var så fin. Den har jeg ikke hørt før.

Sjølsagt hadde han ikkje det, presten. Vi slapp med skrekken.

Nå er det snart jul, og eg syng julesongar på nynorsk og bokmål og engelsk om så og med stor glede. Men det er som eg så ofte tidlegare har sagt: det er ei tid for alt, og tida for Bordellmammas visor er definitivt forbi. Andre er kome til av ymse slag. Men det får koma ein annan gong. Ha ein fin dag alle saman.

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s