Farlege fotballar og ufarlege bomber!

Før fjernsynet si tid, var det finaste vi visste å krype opp i sofakroken om kvelden medan foreldra våre fortalte frå gamle dåggå som vi sa. Det handla om kvar sin nokså ulike oppvekst. Ho Mor prata om krig og bomber og russiske krigsfangar, ho voks opp rett ved sidan av ein slik leir, og gløymde aldri det ho såg der. I Lom var ikkje krigen så synleg, så han Far delte minner frå ein barndom mest utan krig. Der var det heimelaga fotballar, fylde med grisebust og som var umogleg å bruke når det regna. Spente du til ein slik ein da, kunne du bryte av  tær, og fekk du ein slik ein i hovudet, var det fare på ferde.  I sanning to ulike oppvekster med ulike farer.

Men dei var begge samde om at krig var forferdeleg, og bomber og granater var noko av det farlegaste som var oppfunne.

Derfor skjøna eg ingenting da foreldra mine sat ved kjøkkenbordet og lo seg skakke over at nokon hadde prøvd å bombe Paven. Og det var ikkje ei kva som helst slags bombe heller, ho var av eit slag eg ikkje hadde høyrt om, og foreldra mine greide ikkje å forklare kva for ei bombe det var. Det einaste eg skjønte, var at ho var ikkje av det dødelege slaget, for Paven hadde overlevd. Og det sjøl om bomba var lagt i senga hans.

Ei sexbombe var det.

Eg kan minnast at eg funderte på denne bomba i lengre tid. Eg kan enda ikkje hugse når det gjekk opp for meg kva slags bombe det var, og at det antageleg var ein eller annan spøk eller sketsj dei hadde høyrt, men på eit eller anna tidspunkt gjekk det opp for meg kva dei hadde skratta slik av denne eftasstunda ved kjøkenbordet i Presthaugen.

Nå når eg er vaksen og vel så det, veit eg og at bomber er vederstyggelege, same av kva slag dei er, men eg kan enda kjenne kjensla frå den dagen, og gleda over at det fanst ufarlege bomber!

Så er det å håpe at vi skal sleppe å oppleve bomber nokon gong meir, sjøl om verda i dag rustar opp som aldri før, og presidenter og statsoverhovud rundt om i verda kappast om å vera flinakst i klassa og vise fram dei mektigaste våpen som verda har sett.

–Dei er like glad i liva sine som vi er, trøysta han Far meg med, midt under den kalde krigen,

–Og dei veit like godt som du og eg, at når dei slepp den første bomba, er det slutt.

Vi får håpe at han hadde rett, han var i sanning ein optimist all sin dag.

Det var eit aldri så lite alvorsord til slutt, og med det ynskjer eg alle ei riktig god helg!

 

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

4 svar til Farlege fotballar og ufarlege bomber!

  1. Gunhild Mogseth Gylland sier:

    Godt skreve, Anne

  2. Jakob Rones sier:

    Jeg bodde ikke langt fra en fangeleir og så ofte disse stakkars ungdommene som var blitt gamle.
    Godt skrevet som vanlig.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s