Tapt barndom og kveitmjølslim

Alle bruker Karlssons lim – bare ikke jeg – for jeg er et esel.

Vi hugsar vel alle limtuba med det raude eselet frå barndomen .  Nå var ikkje mi mormor eit esel, og ho var heller ikkje dum som Karlson tydeleg heldt eselet for å vera, men ho hadde vorte morlaus i sin alder av 16 år. Det gjorde at ho hadde forsørga seg sjøl frå tidleg ungdom. Ho hadde og gjennomlevd to verdskrigar, og med dette i ryggsekken, hadde livet lært henne å vera nøysom.  Så noko Karlsons lim kom ikkje på tale. med kveitmjøl i matskåpet og vatn i springen.

Far min hadde vore i Tysklandsbrigaden i slutten av 40-talet, i ei fredsbevarande styrke under oppstarten av den kalde krigen. Der hadde han kjøpt seg, etter den tida sin standard, eit svært moderne kamera. og dei svart-kvite bileta som dokumenterte vår barndom, var det ho Mormor som tok ansvar for å få i album.

Og det var her det ulykksalege kveitemjølslimet kom inn. Så alle fotografia vart limt inn i ein stor og fin raud album. Den hadde gullkant, og var god og mjuk å ta på, heilt ulik noko anna bok. Vi likte å sitje å bla i albumen, og sjå på oss sjølve, tvillingsyster mi og eg. Og etterkvart kom veslesyster vår og med, men da minstemann kom tretten år etter oss, var fotografia erstatta med ljosbilete. Og vi var oppteke av andre ting enn gamle bilete, tenåringar som vi var.

Heilt til det gamle albumet dukka opp igjen, etter å ha vore forlagt i mange år. Og det var da vi oppdaga det, halve barndommen og vel så det var gått tapt! Og eselet på Karlsons lim kunne skratte godt av ho Mormor, kveitemjølslimet tåla ikkje åra som var gått, og mange av bileta var ramla ut og vorte borte!

Så ein skal vel tenke seg godt om når ein skal dokumentere ein barndom så ettertida skal få glede av han. Men uansett, nokre bilete var da att, og minna, dei sit forhåpentleg fast likevel! Og så kan vi vel vera glade for at våre barn sine barndomsminne ligg oppe i skya, og kan lastas ned kvar tid som helst, utan at kveitemjølslim og andre trivialitetar som øydelegg den!

 

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s