Frakkar utan ermer og sekkar med hår

Det er mykje rart ein kan oppleve i livet. Noko går seint, slik som at du skal svelge ein heil sekk med hår før du døyr. Det tek altså eit heilt liv.

Det var iallfall det han sa, far min, kvar gong vi sette eit hår i halsen.

På ein eller annan måte, og eg veit ikkje kvifor, virka det som om vi fekk meire hår i halsen da vi var unge, Ubehageleg var det, men det er nå eit minne, og noko som ikkje skjer meir. Eg spurte  ungane mine om dei kunne minnast kjensla av å svelge eit hår som sette seg på tvers i halsen, og fekk deg til å krekast. Men nei, det var ukjent for dei. Og eg veit at dei kjem ikkje til å svelge ein sekk med hår!

Var det noko med kostholdet som gjorde at vi røyta meir? Eller var det så enkelt som at det var meire vind i Lom, og at vi var meire ute til fots?

Ikkje veit eg, men eg veit at han var til fots og i sterk vind, mannen som gjekk over Liabrua ein mørk og vindfull haustkveld. Det var han far min prata om kvar gong folk klagde på vinden. Og vind var det nok av, sjøl om denne kvelden var nok ein av dei meire sjeldne i så måte.  Far min, dyrlegen, var glad for at han skulle heim. Der vanka det  mat som hadde stått og venta på han i det som alle gode ovnar hadde den gongen. Ei varmeskuffe. Den var laga for karane kom heim lenge etter resten i familien. Der sto middagen og godgjorde seg og tørka opp og samla bakterier Dette var lenge før  om mikrobølgeovnen vart oppfunne og alle hadde ei husmor heime!   Men far min klaga aldri, han åt maten før han stupte i seng, vel klar over at telefonen kunne ringe når som helst til neste oppdrag. Denne gongen visste han at heime venta det ertesuppe og pannekaker, ein rett som tåla varmeskuffa svært bra.

Da han svinga inn på Liabrua, såg han ein mann i andre enden som sleit med å halde seg på føtene i den sterke vinden.

–Han hadde ein stor og svart frakk på seg, som falda seg ut og fekk mannen til å sjå ut som ei dame i kjole, sa far min.

–Og vinden, fortsatte han, den var så sterk  at han var redd for at han skulle blåse av vegen. Far min var glad for å koma inn på brua, den hadde iallfall rekkverk.

–Det rare va, at det eg nådde han att, var frakken borte, berre ermene var att.

Far min fekk den stakkars forblåste og nå lettkledde mannen inn i bilen, og køyrde han heim.

Det fannst ein annan ermelaus mann med i min barndom.  Han hadde tannverk og måtte setja seg i den stolen vi alle frykta. Dette var før vassavkjølt tannlækjarbor, og bedøving for å bore hol i tanna, det hadde ingen høyrt om. Bedøving var reservert for dei som skulle trekke tenner. Og denne mannen, han hadde ein fæl byll med ein ikkje usannsynleg blodforgiftning som utgang. Men slike hevelser gjer at bedøvinga ikkje alltid slår inn.

Tannlækjaren tørka sveitten, for han visste kva som kom.  Tanna måtte ut.

–Eg tenkjer at vi slå opp glaset og får inn litt frisk luft, sa tannlækjaren etter at han hadde venta eit kvarter på at bedøvelsa skulle virke. Han var ein mann med stor empati og like sterk ansvarskjensle. Noko som ikkje alltid var like lett for ein mann med han sin profesjon i dei dagar  Nå har vi teknologiog vitenskap som  lettar  arbeidet for folk i slike næringar, men ikkje da.

Det var ei motstridig tann, ho sat så fast at tannlækjaren måtte finne fram fleire tenger, den eine større enn den andre. Da han tok fatt på den tredje tonga, kom tanna ut. Og frakken med den! Tannlækjaren, i berre ermene utan frakk, heldt tanna opp i været, sveitt og glad og nesten på gråten letta over jobben! Og pasienten sat likbleik og skjelvande medan blodet rant ut og ned på restene av tannlækjarfrakken han hadde i fanget i fanget! Og det er uvisst kven som var mest glad av dei to karane!

 

 

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s