Edelgran og gule erter

Så har vi atter ein gong kasta ut juletreet og er ferdige med den fine delen av mørketida. Nå ventar ljosare tider. Og kvart år går den same tanken gjennom hovudet:

Takk for edelgrana som ikkje slepper nålene! Og minnest gamle dagar da vi fann barnåler i krokar og kriker heilt fram til påske!

Dette igjen sette meg på tanken om eit anna barndomsminne. Eg er ikkje riktig sikker på om det er mitt eige minnet eller foreldra mine sitt som eg hugsar, men det eg veit, er at det  vart fortalt når temaet ugangskråker, kom opp.  Og vi var visst nokså ville, syster mi og eg.  Eg kan sjå for meg at vi sat i ein krok der vi kviskra til kvarandre og sendte djevelske skråblikk ut i rommet medan vi spekulerte ut nye påfunn. Eg var visst den mest aktive i så måte. Mor mi fortalte at ein gong ho skulle på butikken, hadde ho fått ein nabokar til å sjå etter oss i ein halvtimes tid. Da ho kom attende, var mannen likbleik og sveitt, og svor på at dette tordes han ikkje meir.

–Den eine tvillingen (det var visst meg), klatra oppetter gardina som ein apekatt, og da eg skulle fanga henne opp, smatt den andre ut!

Ja, ja, det hugsar eg ikkje, men attende til der eg starta.

Å støvsuge barnåler heilt fram til påske! Her var det ikkje barnåler, det var enda verre.

Det var visst ein sundagsmorgon, og far vår hadde for ein gongs skuld, fri. Han fortalte at første tanken da han vakna var:

–Å nei så godt å ha sove ei heil natt igjennom.

Og så, etter å ha sett på klokka:

–Ungane Aase, noko er gale!

Den gongen vakna vi før fuggeln feis, det hadde ikkje hent at vi sov til klokka ni!

Synet som møtte dei da dei for ut av sengene og inn på stova, var som følgande:

Der marsjerte vi tvillingane syngande og i perfekt takt, rundt i ring i rommet til «Napoleon med sin hær» medan vi sådde ut det vi hadde funne i matskåpet. Ein halvtom kveitmjølspose var det einaste vi ikkje hadde nådd å kasta utover golvet. Elles var heile mor vår sitt forråd av erter (gule og grøne), ris sukker, salt og potetmjøl strødd i eit tjukt lag over stova.

Juletreet, som la att barnåler fram til påske, vart reine julekvelden samanlikna med dette.

–Det var det året eg støvsaug ris og erter heilt fram til sommaren, brukte ho Mor å sukka.

Og det var det einaste resultat av såinga vår, den bar ikkje andre frukter for å seia det slik!

Da vil eg ynskje alle ei riktig god og helg!

 

 

 

 

 

 

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s