Fjell og sjø

–Frisk luft, sa far min, har ingen tikkji skade tå.

Det var da ho mor sukka og vi visste alle kva som kom.

–Fjell-lufta,sa far min, den gjer underverker for det meste.

Ho Mor heldt enda stand, og vi ungane hadde høyrt alt før.

Uansett, i løpet av ein liten time sat vi alle i bilen på eg opp til fjellet, anten det var Soleggen eller Bøverkinnhalsen. Fine skiløyper var det, og når vi tilslutt kom fram, gledde vi oss alle til å ta på oss skia, berre ikkje ho Mor. Men ho var med på sin måte.  Aller sist gjekk ho, men ho skal ha det, ho snudde ikkje. Ho hekk på, ordlaus og innbitt, medan far vår gjekk fremst og peikte entusiastisk ut alle toppane med skistaven etter som vi forserte dal etter dal i eit stille vinterlandskap. Men noko fjellgeit vart ho aldri, trønderjenta, sjøl om ho fekk sine turer til fjells så det monna. Ho var derimot glad i sjøen, og kvar sommar var vi på tur til Trøndelagen og da fekk ho vera der ho treivst aller best. Og han Far sto natt etter natt i Orklaelva og fiska, men det var som om laksen styrte unna han, i løpet av alle åra fekk han aldri ein einaste laks. Aure og anna fisk beit på, men laksen, den veik unna han Far.

Far min var ein riktig fjellmann.  Han og bror Øyvind kunne sitja timesvis over Jtunheim-kartet og prata om turer som hadde vore, eller som skulle koma.

Vi ungane voks opp i krysninga mellom fjell og sjø. Og det som begreistra oss mest, var nok sjøen og havet. Det å kunne plaske omkring i vatn, var det største vi visste. Vi bada kor som helst, noko som første oss ut i at vi kom opp i situasjoner der vi svømte aleine rundt i kloakkvatn i Molde, som eg tidlegare har skrive om i  Havfruer med bismak! eller vi hoppa uti sjøen på Hitra der vatnet heldt berre 5 grader! For ikkje å prate om alle fjellvatn vi var uti på sommarstid og skremte fisken for far vår!

Men det mest eksotiske og det finaste vi visste, var å bade i basseng! Det var ikkje noko som kunne måle seg med det. Det var på sin måte noko eksotisk over det, noko eg den dag i dag ikkje kan setja fingeren på.

Nå bur eg ein stad der det er både sjø og flust med basseng, men trivst best i sofaen, sjøl om det nok hadde vore lurt og kome seg ut av den meir enn eg gjer! Men som eg har sagt så mange gongar før, det er ei tid for alt, og snart, snart skal eg nok gjera noko med det. Men ikkje i dag, da skal eg ikkje gjera det slag…, berre ein liten tur ut og ete japansk middag med familien på Aker brygge i kveld! Og dykk der heime, ha ei fin helg!

 

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s