Gamle heltar og nye tider!

Foreldra våre hadde mange heltar å sjå opp til.

–Dæm e jo frækk, og det e´nå itj trivelig!

Dette var dei fyrste politiske debattane som kom på TV, og Gro og Kåre barka saman så fillane fauk, iallefall slik som mor mi såg det.

Far min kalla det diskusjon og mor mi krangel. Det rare var, at ho sjøl ofte kom opp i situasjoner der ho hardnakka kalla det diskusjon, mens vi andre sa at ho krangla. Far min derimot, greide aldri å framvise same engasjementet som ho, han var mild og fredsæl, og kom alltid ut av det på beste vis. Vi ungane fekk litt av båe, og eg er nå glad for det.

–Nei, Gerhardsen landsfaderen, de va nokka anna, sukka ho mor i fjernsynsdebattane sin barndom.

Det var noko rart her, alle dei gamle heltane var så mykje betre enn dei vi voks opp med. Langhåra popmusikarar frå Liverpool fall ikkje i smak i vår foreldregenerasjon på sekstitalet!

Nei dei heldt meir på  Nansen og Amundsen, alvorlege polfararar med rimfrost i skjegget. For ikkje å prate om heltane frå krigen, Sønsteby og Max Manus. Og Nordahl Grieg som ikkje overlevde krigen. Og så var det dei snille, dei som egna seg til freden og humanitært arbeid, slike som Nansen. For ikkje å prate om idrettsfolk!  Her var det sanneleg mange å ta av!  Hjallis og Håkon Brusveen var to som sto høgt i kurs. Brusveen var forresten ein gjest heime i Presthaugen, Far min og han hadde vore saman i militæret. Der var dei i Tysklandsbrigada under oppstarten av den kalde krigen i 1948. Brusveen var ein munter mann med mange gode historier. Vi likte godt å høyre den om da han far hadde vore i kakebua for å ha seld sigaretter. Han far var ikkje fullt så glad i den historia.

På fjernsynsskjermen var det Erik Bye, ein stødig kar. Det gjekk rykter om han ikkje alltid var like stødig som han såg ut til, men det gjorde han berre meir folkeleg. Han hadde visstnok vore i eit bryllaup i dalen ein stad, og der hadde han skjenkt seg dugeleg, men han var nå ikkje aleine om det vil eg tru. Og så for han i framande land og fekk folk hit til landet, folk som var heilt annlein enn nokon vi hadde sett før. Ein kar var høvding , og kom med fly til Fornebu. Her kom han iført sin høvdingedrakt tilpassa det varme klimaet i Ghana og ikkje ein marsdag i Oslo i 1962. Han fekk ikkje sett foten ned på norsk jord før han for over ende på vårhålka. Son hans vart døypt Erik Bye, og det er visstnok den andre generasjon Erik Bye som veks opp Ngelekazo  i Ghana nå.  Å, det var så spanande å følgje med på, verda hadde verkeleg kome til oss. Eg hugsar enda at fru Grande sa at når vi blir store, kom vi til å dra ut i verda og bli kjent med andre kulturar enn vår eigen. Vi trudde ikkje heilt på ho, vi som ikkje kjente nokon som hadde vore utanfor Nordens grense, ja med unntak av dei som hadde vore i den tidlegare Tysklandsbrigada da. Men det var noko med dette, vi hadde heile verda framfor oss. Visst var vi heldige! Vi skulle inn i ei ny tid, ei ny verd! Det sa ho, ho fru Grande.

Og ja, vi kom oss til Danmark den sommaren vi fylte tretten år. Og når eg tenker attende på det, var det den turen i mitt liv som på det tidspunktet, da eg var der, var så eksotisk og spanande som ingenting har vore sia. Og eg har jo reist ein del i mi tid da, ho fekk rett i det ho fru Grande.  Under finn du forresten linken til den fyrste store utenlandsturen:

https://anneaukrust.com/2013/08/09/himmel-og-helvete/

Nå sit eg her og planlegg ein annan tur, om ein liten månad dreg eg og familien min til Seoul. Vi er inviterte i bryllaup der. Ungane og eg skal først ein liten svipptur innom Tokyo  før vi set nesen mot Korea og skal feire tre dager til ende der. Vi er så heldige! Eg kjem nok til å skrive eit innlegg frå den turen seinare i vår. Og attende til ho fru Grande, det er både ei ny tid og ei ny verd nå, sammenlikna med den som var den gongen, i Lom og Noreg på sekstitalet.  Både på godt og vondt.  Så vi får prøve å manøvrere så godt vi kan, og ta godt vare på kvarandre, og hugse at med eit framretta blikk og åpent sinn, kjem vi lenger enn med hat og skepsis! Da var det verdsproblemet løyst tenker eg, så får dykk alle ha ei riktig god helg!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s