Min krigerske mor

Eg skreiv om ho Mor i forrige innlegg, ho Mor som var så oppteke av krigen og levde med den heile resten av sitt liv. Eg trur at det er vanskeleg for oss som lever nå, å forstå kva dette gjer med deg. Mor mi si mor, altså mi Mormor, hadde gjennomlevd to verdskrigar, og var om mogleg enda meir oppteke av kva ein krig gjer med folk. På syttitalet, da debatten om fri abort delte landet vårt i to, var ho Mormor klar i si tale:

–Det e bedre å ikkje veksa opp enn å døy i krig!

Så til færre fødde det var, til færre soldater som kunne dra ut i krigen.

Det var vel det mest uvanlege argument for fri abort, men det var hennar sitt argument. Og det sto ho fast ved.

Men attende til krigen.  Ho Mor redda livet til bror sin, og kanskje resten av familien ein gong. Snodig nok fortalde ho oss aldri det, og eg tenker at det har med at ho, på tross av sin ubeskjedne væremåte og til tider rett fram, iallfall i Lom, var ganske bluferdig.

Uansett, onkel Ola, bror hennar, var ein liten oppfinnar og flink med alle slags tekniske dupedittar. Han skrudde frå kvarandre alle slags tekniske innetningar som hadde slutta å virka, ein tusenkunstnar var han. Han kunne gjenopplive tause radioar og lamper som hadde sløkt.

Men så kom krigen, og alle radioar  vart forbode å ha i hus. Så radioane gjekk under jorda saman med reperatøren. Men dei fanst i det skjulte. Og dei vart farlege. Vart du oppdaga med ein radio, var det einsbetydande med at du vart teke til fange, og med ei svært uviss framtid. Ikkje alle slapp frå det med livet.

Så denne radioen, den som nesten heldt på å setje livet til min onkel Ola Skaugen og familien hans, var ein radio som var gøymd under ei bru. Det gjekk bra heilt til vårflommen kom og fossa over radioen, som i sin tur vart frakta opp til onkel Ola, tusenkunstnaren.

Han skrudde den frå kvarandre og la den til tørk utover ein stol, i alt sitt mangfold av store og små delar.  Dei var godt og vel opptørka og klar for å skruvast saman da det banka på døra i første etasje. Hardt og lenge.

–Bitte öffnen!

Vær så snill å opne. Høflege var dei iallfall, tyskerane!

Her var gode råd dyre! Soldatane dundra opp trappa og inn i gangen der Mor og familien hennar budde på to rom. Foreldra sov på rommet som dei brukte til kjøken, Ola og mor på rommet tvers over som var kombinert stove og soverom til ungane. Og det var på dette rommet radioen låg på ein stol til tørk, den som kunne ødelegge livet til dei alle.  Onkel Ola treiv stolen bak døra og ho mor, ho vrengte av seg til ho sto i berre underkleda. Soldatane slo opp døra og fekk sjå ho Mor, tretten år, bleik og livredd og nesten avkledd.

–Entschuldigung Fräulein!

Like høflege! Døra vart smelt att og familien kom frå det med både liv, helse og framtida i behold!

Og eg er sjølsagt glad for det, saman med alle mine syskenborn og etterslekta etter både ho Mor og han onkel Ola. For så tilfeldig kan livet koma og gå, og livet gjentek seg og. Dette er eit par generasjonar sidan, og vi har levd trygt i alle år sidan i vår vesle del av verda. Og vi skal vera  uendeleg takksame for det, ikkje alle i vår verd har det slik som oss. Vi vann i dette lotteriet som er å leve her og ikkje frykte for livet sitt. Ikkje alle har det slik. Så min hjertesak og eit ord for helga; vær takksame og audmjuke for at akkurat vi er heldige, men tenk og at det finst andre som ikkje er . Tenk på dei, og la oss ikkje bli likegyldige, men gjera det vi kan, anten i nærmiljøet med å skapa gode haldningar, eller å ta kontakt med dei som kjem til oss, nettop frå krigen.

Så da; god helg alle saman!

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s