Tider som gjentek og forandrer seg…

–Under krigen, sa ho Mor, da måtte vi ta det vi hadde og gjera det beste ut av det.

Det kjentest litt urettferdig, for det kom kvar gong eg hadde lyst til å svinge meg litt på kjøkenet og bruke ingrediensar som du måtte kjøpe, slike som ikkje fanst i matskåpet heime.  For både ho og far min, var i mine augo, håplaust gammeldagse når det kom til matlaging.

–Er det någon meir enn salt og peppar her da tru? brukte far min å si før han stakk gaffelen i mine eksperiment.

Og når sant skal seiast, var det nok eit og anna som gjekk skeis innimellom, så det var vel til tider ein velretta skepsis. I tillegg vart han med jamne mellomrom utsett for Mormor sine ulykker i matvegen. Desse kom av at ho utvikla eit stadig dårlegare syn, og kombinert med at alt skulle skje i ein faderleg fart, gjekk det av og til ei kule varmt. Det mest vanlege var å skifta om på sukker og salt, og det hende og at ho brukte mistok pepar og kanel. Eller som den gongen ho skar over ei sitronsaftflaske, desse gule plastikkflaskene som var forma som ein sitron. Ho sagde og sagde, til den delte seg i to så sitronsafta spruta i alle retninger.  Ho slepte kniven rett ned så han sto i golvet, og skreik av full hals;

–Dykede for ein seig sitron. Å så saftig da!

Kalenderen frå Lom coop hang på veggen til mi glede og inspirasjon, kvar månad hadde ei spennande oppskrift, og til Mor si forargelse. Og når sant skal seiast, så var det ho som fekk ryddinga etter meg. Ho venta ikkje til eg var klar, og det var venteleg heller ikkje etter hennar standard!

Men som sagt, under krigen, da var det andre boller.   Ho Mor kom stadig attende til dei åra,  og som far min sa med eit lunt smil;

–Du æ så krigersk du Aase.

Og ho fortalt om erstatningskaffe og at dei steikte maten i tran. Ho kunne beretta om mangel på sukker og smør,  og kunne mane fram eit kosthold som fekk oss ungar til å grøsse.  Det var ikkje ofte ho prata om mat, ho Mor. Ho var ein av dei minst matglade eg nokon gong har kjent. Men krigsmaten, den kom ho stadig attende til. Stakkars ho Mor, alle i familien hennar var umåteleg glad i mat. Ho kjempa ein tapt kamp. Eg kan enda høyre ho;

–Kåffår går det itj an´ å ta ei enkel brødskiv?

I dag kan eg forstå, at ho stundom vart lei. Ho hadde fleire bordsetjingar. Først var det oss ungane. Så, iallfall om vinteren, hadde vi ofte ein veterinærassistent som budde heime, og skulle ha mat. Tilslutt kom han Far etter ein lang dag ute i praksis. Da hadde middagen stått i varmeskapet nederst i ovnen og tørka godt og grundig inn.  Og ho mor rydda av og på bordet for kvar ein som kom.  Nå er dette minner, og det er vel ingen som brukar varmeskap meire heller. Men det var ei tid som ikkje kjem att, og for ungane mine var det gamle dager. Og dei har alltid elska å høyre om barndommen min, slik som vi sat i sofakroken og høyrde om krigsmat og heimlaga fotballar og alle slags raritetar som var gått ut av vår tid. Og slik gjentek det seg, generasjon for generasjon, og det er noko fint i det!

Ha ei riktig triveleg helg alle saman!

For den som har lyst til å lesa meir om kokkekunstane i Presthaugen, legg eg ved ein link til eit tidlegare blogginnlegg, eit av dei aller fyrste.

Små kokker i Mors kjøkken!

 

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

2 svar til Tider som gjentek og forandrer seg…

  1. Anne Runningen sier:

    Hei.
    Veldig hyggelig lesing på bloggen din.
    Mange gamle minner dukker opp igjen som nesten har gått i glemmeboka.
    – Og du har samme navn som min bestemor😊

  2. Gunhild Mogseth Gylland sier:

    Så trivelige minner. Syns æ sjer dåkk😊

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s