Brett ut…

og bøy helt tilbake!

Mormor snøfta orda ut og rista på hovudet  med eit engasjement og ein moralsk indignasjon som fekk flassa til å drysse ned på den mørke jakka, og gebisset til å skrangle i munnen så ho måtte fram med tungespissen for å smekke det på plass att.

Det var ikkje kva som helst vi prata om. Vi ungane skjønte vel eigentleg ikkje kva ho var så opprørt over. Far vår skjønte, men prøvde å gjera slik at vi ikkje skulle forstå, og mor vår? Ho brydde seg vel eigentleg ikkje heilt. Og  Mormor som starta det heile? Ho skjønte ikkje at ingen eigentleg ikkje skjønte. Forvirra? Eg har ikkje problem med det. Som eg har sagt før, alt til si tid, men i dette ligg det og at ulike generasjonar tolka tida slik dei vil. Eller ikkje eigentleg. Mormor misforsto, Far vår skjønte det, men om han forklarte kva ho misforsto, fekk han eit forklaringsproblem. Mor mi såg alt og klok som ho var, melde ho seg ut. Vi var for unge og såg ingenting, men nå, femti år seinare, ser eg det, klart og tydeleg og med eit lite hjartesukk;

Ikkje gjer ting verre enn dei er!

Men kva var det ho Mormor var så opprørt over?

Det var dei nye og fyrste mjølkekartongane!

Ha ei fin helg!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s