Podepesj

Ho Mor hadde ei jakke som ho var svært redd for. Denne jakka hadde eit rart og framand ord, podepesj. Den tåla ikkje regn, og på eit eller anna mystisk vis, hugsar eg at nesten kvar gong ho brukte denne, starta det å regne. Da var det å springe heim frå butikken i ein faderleg fart, så ikkje podepesjen hennar mor skulle bli øydelagt! Og det enda i Lom der det, med unntak av Lesja og Skjåk, regner minst i heile landet!

Jakka var fin den, brun og av eit stoff som såg ut som semska-skinn. Og den skulle vera usedvanleg fin og sjeldan! Eg tenkte alltid på at podepesjdyret måtte vera eit sjelden dyr, men sidan eg fekk greie på at persianerpelsen som ho Mor fekk i julegave av han far, var laga av  nyfødde små lam, var eg i grunnen ikkje interessert i å veta meir om podepesjen. Det fekk greie seg med ei dyretragedie på kleshengaren i gangen. Det er fyrst i vaksen alder at eg oppdaga kva det var, saksa frå Store Norske leksikon;

Peau de pêche, imitert fløyelsvevnad av bomull. Stoffet har en kort, jevn lo som gir plagget et utseende som minner om skinn.

Ferskenskinn var det! Av bomull. Så mykje for dei bekymringane!

Elles var det nok å bekymre seg for. På sekstitalet levde vi med den kalde krigen. Det var Cuba-krisa der dei vaksne sat rundt radioen, og nokre dagar der alle gjekk og venta på den neste verdenskrigen. Det løyste seg, men så vart Kennedy skoten. Det var minst like ille, eg hugsar godt bilete av ho Mor som gret så ei tåre fall ned i  oppvaskkummen og knuste i tusen bitar mot ei ause som låg og flaut med botn opp, og at det var fleire som kjøpte seg fjernsyn for å sjå på gravølet til den amerikanske presidenten.

Seinare var det, iallfall for min del, UFOer som var den store skrekken. Saman med domedag som og lura rundt hjørnet, kunne det bli mykje for ei sart sjel!

Men det var mange gleder og! Tenk å hugse den fyrste pizzabiten og og spagettiretten! Likeeins den fyrste mobiltelefonen som var stor som ei lita kommode, og 25 kg tung.

Mine ungar hugsar ikkje sin fyrste flytur, til det var dei for små. Eg hugsar godt min fyrste flytur, 19 år gamal med omgangssjuke på veg til det landet som dengongen heitte Jugoslavia og som nå er gått ut av historia!

Det er noko med å vekse opp i ei omskifteleg tid der du opplever mykje for fyrste gong. Det er kanskje det som heiter minne for livet? Ikkje veit eg, eg veit berre at nå er det fredag, og da vil eg få ynskje deg som les dette;

ei riktig god helg!

 

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s