Påskelam og julegris

Far min hadde lange dagar når plikta kalla. Det var ikkje ein far som var heime kvar kveld, det var mange sjuke dyr som skulle sjåast til, så det var både lange dagar og seine netter ute på bygda for han. Det var difor ekstra stas når vi kunne krype opp i sofaen og høyre han fortelja frå gamle dagar. Og så las han dikt. Det var litt rart men og veldig fint når han tok fram Nordahl Grieg og høgtideleg las:

De går på veiene ganske tause, 

med hjertet fylt av hva begge vet,

mens neven knuger det blanke nikkel.

Og så slo han ut den hånda som han ikkje heldt boka i, og så kom det vi venta på:

O sykkelstyre. O kjærlighet.

Alvoret kom med Tor Jonsson.

Eit ord er eit under, las han Far med alvorleg stemme.

Eg funderte mykje på ord da eg var lita. Ord var så mangt. Det var fine ord, og det var stygge ord. Og så var det ord som kunne vera begge deler. Ta til dømes Søren, sa du det når du var sint så banna du, men så gjekk det anstendige og heilt alminnelege folk rundt og heitte Søren! Eg tenkte mykje på det. Korleis kunne det vera stygt og fint på same tid?

Nokre ord var litt skumle. Det fanst ord for døde ting, og ord for levande skapningar. Og ord som var midt imellom. Påskelam og julegris var ord for noko som hadde vore levande. Det rare var at både påske og jul var fine ord, og gris og lam var det og. Men sette du dei saman, vart det til noko heilt anna, og det livet til dei to skapningane hadde, var over før dei visste av det, og havna på festbord rundt omkring i landet.

Så hadde du dyr som aldri hadde vore eller kom til å bli levande, slik som kjepphestar og eseløyre.  Det er mykje ein kan spekulere på.

Det var i grunnen mykje prat om ord heime i Presthaugen.

–Ord er farlige, sa mor mi.

–Neida, sa han Far,

–Dæ æ bærre um å gjera å bruke dei rette orda.

Han var ein fredsæl mann, og likte ikkje leiheit som han sa. I dag er ville vi vel kanskje sagt at han var ei aning konfliktsky. Ho Mor var meir rett fram, og tykte at han av og til kunne uttala seg litt meire med fynd og klem.

–N´må sjå det beste i æille folk, sa han.

–Det går nå an å prat om folk slik som dæm e´, sa ho mor da.

Den gjekk ikkje heim, og der kom ulikskapen fram. Ho Mor var meire realistisk og rett fram. Men saman så utfylte dei kvarandre på sitt rare vis.

Det var vel det eg ville si i dag, og så vil eg avslutta med det vakre diktet av Tor Jonsson;

ORDET

Kva hjelp det å syngje

som elv i det aude?

Kva hjelp det å kynge

med klokker for daude?

 

Kva hjelp det å skapa

all venleik i verda,

når Ordet lyt tapa

for svolten og sverda?

 

Slik undrast og spør vi

i modlause stunder.

Men hugse det bør vi:

Eit ord er eit under.

Dei gløymest dei gjæve,

og alt det dei gjorde.

Men livet er æve.

Og evig er Ordet.

Og med desse orda ynskjer eg alle mine lesarar ei riktig god påske.

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

7 svar til Påskelam og julegris

  1. Thora sier:

    Vakre og gode ord, Anne! God påske!
    Thora i Trondheim

  2. Sverre Ramstad sier:

    Du er heilt fantastisk til å skrive! Kjenner meg att i mykje av det du skriv. Far din var ofte heime, seint og tidleg, for å ta seg av sjuke dyr. Dei var gode bussar far din og Godal, og det følgde gode historier med. Eg måtte bestandig vere oppe om det så var utover natta, når dyrlegen skulle kome til oss i Nordberg. Såg opp til dei, for eg og skulle bli dyrlege, men det vart eg ikkje. God påske!

  3. Torunn sier:

    Fine ord s<<<<<<<<söstra mi!
    Glad Påske!
    Torunn & Ola

  4. Jakob Rones sier:

    No har jeg lest og tørket tårer, du skriver så godt. takk Anne jeg sier ikke mer.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s