Trondheim på likt og ulikt!

I desse dagar pendlar eg og mannen min til Trondheim annakvar torsdag på korøving: Saman med 25 trønderar skal vi til Carnegie Hall i New York og synge med mange andre glade korister frå heile verda. Musikken er faktisk norsk og heiter «Sunrise Mass» av Ola Gjeilo.

Det får meg i tankar om gamle dagar, då det å skulle dra til Amerika var heilt utenkeleg, og det mest spennande eg visste i så måte, var dei årlege  turane  frå Mormor og Orkdal og dagsturen inn til Trondheim. Og det å vera i Trondheim, vekker mange minne.

Bilturen frå Orkdal til Trondheim gjekk etter det same mønsteret kvar gong. Mor mi, som alltid hadde sans for det dramatiske og heller ikkje var den største optimisten, hadde sine minne. Far min, som var ein sann optimist og roleg av sinn, ja han hadde sine.

Det starta alt før Orkanger, der det hadde vore eit mord for mange år sidan. Det huset køyrde vi forbi. Så kom vi til ein stad der far min hadde fått ein stor og fin fisk. Den vart ikkje gløymt. I Børsa hadde to personar omkome etter å  hadde køyrd ut i fjorden, og like etter for vi forbi den finaste hagen i heile Noreg, iallfall i følge far min. I Børsa var det og ein tunnel. Og det å kjøre rett inn og gjennom eit fjell, det var alltid like fasinerande. Og viss det ikkje var andre biler der likt med oss, så tuta han Far så det ljoma i tunnelen. Og vi ungane leikte at det var trollet som skreik! Så, like før Trondheim, kom vi til Klettkrysset, der det hadde skjedd ei stygg motorsykkelulykke ein gong, og der venninna til ho mor var med i sjukebilen. Og så var vi framme. Heldigvis i levande live utan så mykje som ei skrape i billakken!

Turen gjekk fyrst til ein dyrebutikk. Det var far min sitt valg. Her var det småfiskar i alle fargar, marsvin, fargerike fuglar som kunne prate, og andre smådyr, og eg kan enda kjenne lukta! Far min fortalte historier om alle dyra, og vi kunne gå inne der i timesvis. Etterpå var det mor mi sin tur, og da gjekk turen til Ranheim musikkforretning. Her var og ein stad for draumar korpsnoter og pianonoter, og seinare, etter at vi rundt 1965 hadde fått platespelar,  LP-plater!

Så gjekk mor og far til sine faste stader kvar for seg. Far drog beinaste vegen ned til Ravnkloa for å sjå på all fisken som var kome inn i løpet av natta. Han kjente dei som selde fisken, og var alltid velkomen. Så avslutta han med å kjøpe seg ein pose med reker som han åt ned ved sjøen og kasta skala til måkene! Den av oss som var med, grein alltid på nasen av lukta, og let seg aldri overtale til å smake, landkrabbar og kresne som vi var! Men det oppvegde  likevel det å sitja ved siden av han Far og høyre på at han fortalte om livet i havet og i lufta! Han visste alt som var verd å veta om det og meir til, han Far.

Ho Mor gjekk til broderiforretninga som ho alltid gjorde, og ho kjente og dei som sto der. Ein gong kom det inn ei fin frue som spurte om dei hadde hardangersøm i metervis. Både ho Mor og ho bak disken vart sprutraude i ansiktet av å halde attende skratten, og da dama forsvann ut av døra, lo dei i fleire minutt! Begge foreldra mine hadde sine lidenskapar, for ho Mor var det musikk og handarbeid, og for han Far var det dyreliv, mat og friluftsaktivitetar.

Så var det tid for middag. Det var anten på Trønderheimen eller på det kommunale badet. Vi ungane var å glade i å bade, og i kafeen på badet var det nemleg store glas med utsikt mot dei som symde og hoppa frå stupebrettet og lo og skråla og koste seg i vatnet. Vi sat med nasen klistra mot ruta! Den dag i dag kjenner eg enda på gleda det var å sjå på dette, samstundes som eg no undrar meg på at vi aldri kom på tanken om at vi på at vi og kunne vera ein av dei som leikte seg i det store bassenget!

Middagen ute var alltid god, det å kunne velge middag frå ein meny var til stor glede. Vi ungane brukte alltid lang tid, medan han Far alltid tok noko med fisk, og det var som regel berre ein rett. Ho Mor starta alltid opp med at ho kunne eta saman med oss ungane, men vi var strenge, og så bestilte ho seg ein liten porsjon.

Og det var slik dei var, ho Mor var tynn som ei fjøl og likte ikkje mat. Han Far sleit med vekta, og var stadig innom ulike slankekurar med vekslande hell og jamne mellomrom!  Eit minne frå Trondheim og mat, er den gongen eg og han Far gjekk forbi eit skilt med «Nystekte fleskeben». Vi såg på kvarandre, like matglade begge to og dura inn. Her var det lang kø, det var godt vaksne damer, og så eg og han Far da. Men for ein køkultur! Damene sprengte seg fram i køen, og vi kom lenger og lenger bak. Dei ropte og skreik og laga eit lurveleven utan like! Dei sprengte seg så fram, at eg vart redd og blåheldt han Far i handa for ikkje å bli trakka ned av dei svoltne og illsinte trønderdamene! Det likna ikkje på noko eg og han Far hadde sett nokon gong. Så såg vi at det nærma seg slutten på varene, og vår tur skulle ha vore for lengst! Men da vart han Far streng! Med meg ved hånda heva han stemma og ropte med for meg, ei ukjent røyst;

–Nå æ dæ sannele´vår tur!

Og sindige, rolege karen fekk skravlinga til å stilne, og  så slapp dei oss fram! Da vi sto ute på gata att, med dei siste fleskebeina trygt i gråpapirposen, medan svoltne og sinte trønderdamer trampa ut gjennom butikkdøra og bortover gata bak oss, tørka han Far sveitta av panna og smilte breitt, vel fornøgd med seg sjøl:

–Skull `n sett??

Og fleskebeina? Dei smakte utruleg godt!

Ha ein fin dag alle saman!

 

 

 

 

 

 

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s