Mitt nyttårsønske!

Når du er liten, er verda utanfor så stor! Slik er det iallfall eg hugsar det. Og så ufatteleg framand og spanande, heilt ulikt noko anna.  Ein av dei finaste songen eg visste, var:

«Noen barn er brune som et nystekt brød». Eg såg for meg rekka som det står om i siste verset:

Tenk om vi kunne leke sammen alle sammen

Da fikk vi en rekke fra Afrika til Drammen

Noen ville le og noen ville skrike

Meget er forskjellig

Men inni er vi like

Sangen sto i leseboka, og under den var det ei teikning av ei lang rekke av ungar som heldt hender og sto oppå jordkloda. Det var ungar i alle slags fargar, både i skinnet, men og i kleda. Og her er vel og ein grunn til at eg drøymde om å ha slike fargerike klede, som raudhåring var det to valg, grått og blått.  Eg såg for meg den lange rekka som gjekk frå Drammen og rett sørover, ungar som heldt hender rett igjennom Danmark og Tyskland, nedigjennom heile Frankrike og Spania, og over sjøen heilt til Afrika. Det var som ein regnboge, og aller finaste var eskimoane med dei fargerike anorakkane og hette med skinnkant rundt andleta. Og så var det nokre mørke  barn med perlekjede i alle verda sine fargar og lange spjut. Og så var det oss her oppe da, grå og triste. Eg trudde forresten lenge at fargane kom med strømmen. Bilete frå da foreldra våre var små, var alltid svart-kvite. Og sidan dei sen gongen ikkje hadde strøm, så var det heilt naturleg å tenke at fargene kom saman med elektrisiteten.

Nå er eg stor og veit betre. Og verda er vorte mykje mindre enn ho var, den gongen på sekstitalet da noko av det mest eksotiske vi visste, var å sitja nede ved skulen og skrive bilnummer i ei bok. Var du riktig heldig, kunne du vise til ein og annan engelsk og sveitsisk bil, midt oppe i rekka av norske, danske og nederlandske bilar. Eg hugsar enda mitt første bilnummer frå Italia!

No får vi heile verda rett inn i stovene våre, både på godt og på vondt. Og det slår meg at vi har det uendelig mykje betre enn mange andre. Og da kjem han attende til meg, songen av dama med mannsnamnet Jo (Tennfjord).  Vi har på mange måtar trekt vinnarloddet vi som er så heldige å bli født her oppe i det hustrige, vesle hjørnet av den store verda. Og det er kanskje den største skilnaden, for som songen seier det, inni er vi like. Og dette er mitt nyttårsønske til alle, la oss setja pris på det vi har, og ikkje minst, i denne tida med alle som kjem som ikkje har vore like heldige som oss;

Vi har eit ansvar for dei som treng oss, dei som flyktar frå krig med livet som innsats. Det er ikkje lenger enn 75 år sidan mange av våre folk gjorde det same. La oss vise dei som kjem at vi har både husrom og hjartevarme. La oss bli kjende for det, og for at vi med velvilje, men og med den kunnskap og ekspertise som vi har, gjer vårt beste for at dette skal lukkast!

Godt nyttår alle samman!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

2 svar til Mitt nyttårsønske!

  1. Geir Ole Kjerstadmo sier:

    Så flott 🙂

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s