Ord som er gått ut på dato

Det er slik med ord som med folk, dei har si levetid! Noko av det mest spennande eg visste om da eg gjekk på skulen, var når Marianne lærarinne tok fram flanellografen. Den var nok mest brukt i Bibelsoga, for eg kan sjå for meg gjetarar og små lam. Dei vart sette opp på den tavla som flanellografen var, og dei hadde alltid så fine fargar! Forresten, eg undra meg alltid på kvifor dei vart kalla  hyrdar og ikkje gjetarar, dei som på Jesus si levetid sprang rundt nede i Palestina langs den krokete elva som heitte Jordan og gjette lam.  Så det var mitt fyrste bevisste tanke om at ord forandrar seg, eller blir borte. Når det gjeld flanellograf, har eg ei kjensle av at både ordet og produktet forlengst er gått ut av tida.

Alle vi som voks opp på sekstitalet, hugsar lukta av ferske stensilar. Og den fine blåfarga. Stensilmaskiner, dei er definitivt borte.

Så er det ord som skifter navn. Mor vår var husmor. Det var det dei fleste mødrene var i den tida. Prøv å spør ungar nå om dei veit kva ei husmor er. Eg har prøvd, og dei fleste veit ikkje det. Dei veit kva heimeverande mødre er, men husmor, nei det er eit ord som er blitt borte med tida.

Hofteholdarar er og eit sjeldsyn i våre dager. Dei ser du berre i litt meir lugubre filmar. Hårnettet har vel og utspelt si tid.  Og du møter aldri travle damer på butikken med hårrullar lengre, slik som vi gjorde den gongen, på sekstitalet!

Telefonsentralane vart borte ein gong på syttitalet, og eg hugsar enda diskusjonen som gjekk rundt dette. Alle var bekymra for at så mange telefondamer skulle miste jobben. For det var mest berre damer som jobba på dei mange telefonsentralane rundt om i landet.  Og dei måtte halde greie på alle dei ulike telefonnummer som fanst. Av og til kunne dei seia,

–Ho er ikkje heime, ho sykla akkurat forbi!

Så dei var velinformerte på alle vis. Dei visste og når folk hadde fjøstid om du ikkje fekk svar. Og sikkert mykje anna og, vil eg tru!

Eit anna ord som og er heilt borte nå, var eit merkeleg ord. Det var eit engelsk ord som mor vår brukte, enda ho ikkje kunne snakka engelsk. Ho røykte sau stæit (south state for den som hugsar det sigarettmerket) og åt korned bif, og vi lo av uttala hennar. Men backfish, det sa ho heilt korrekt, og kunne fortelje at det var det som var tenåringar da ho voks opp. Når vi sa at det tydde bakfisk, kva nå det eigentleg er, trudde ho ikkje på oss!

Vi var tenåringar og ikkje alltid like greie å ha med å gjera. Da sa ho og Mormor at vi var obsternasige! Det er og eit uttrykk som forlengst har gått ut av tida og inn i historien.

Nå i desse dagar som vintersporten har starta opp att, er det eit anna uttrykk som renn meg i hu. Det var den gongen at alle skøyteløp gjekk utandørs, og publikum sto på aviser for ikkje å forfryse føtene. Når det kom eit kjedeleg par, eit par som alle visste ikkje kunne måle seg med dei beste, var det tid for å varme seg på ein kopp varm buljong, og slik vart det til, ordet buljongpar!

Nokre ord er vi glade for ikkje finst lenger, slik som evneveike, ordet som avløyste eit anna utriveleg ord, nemleg åndssvake. Det er noko med slike ord, dei har ei viss levetid. Det kunne ikkje vera så artig for ordføraren som skulle opne spesialskulen for (det nytilkomne ordet) evneveike, på Otta. I forfjamaselsa  opna han skulen for evnerike.

I dag har  vi meire nøytrale ord, og eg vonar og trur at det nok er det beste for alle. Men kven veit, om hundre år har kanskje dei og fått ein bismak, og er klare for utskifting. Men uansett, det er noko fint og trygt med dette, at tida formar orda våre slik at dei til ei kvar tid passar inn i våre liv.

Ha ei god helg!

 

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s