Mormor i førjulstida

Mormor kom frå Trøndelagen før jul og var med på juleførebuingane. Det gjekk ofte fort for seg, ho var både effektiv og full av arbeidslyst, så det kunne gå litt over stokk og stein. Ho hadde til dømes ein lei tendens til å blande saman sukker og salt, og den som ein gong har fått ein tallerken puffa ris med mjølk og salt på, kan kjenne smaken ved berre minnet. Og bestefar vår på andre sida, som fekk servert pannekakerøre i staden for blomkålsuppe gløymde heller ikkje det vil eg tru.  Han tykte at:

–denna trønderkosten va ikkje som æinna mat.

Og Mormor oppdaga feilen fyrst da ho tok til å steike supa.  Og så bakte ho brød. Dei brødskivene likna ikkje på noko anna brød. Det er ikkje godt å si kva ho gjorde gale, men dei kunne umogleg heve seg nok. Dei flaut utover og vart berre nokre centimeter høge, med ei kvass skorpe på toppen, som var farlege for tennene, for så harde var dei! Og prata om tenner, Mormor hadde gebiss. Kvar kveld tok ho det ut og la laustenna sine i eitt vassglas på nattbordet. Da vart fjeset hennar berre halvparten så stort, og vi ungane sto og såg på det kvar kveld! Og like før gebisset havna i glaset, smelte ho med det til oss, liksom som om det tygde av seg sjøl! Og så skrattlo vi like mykje alle saman.  Det er artige minner, og både Mormor og vi sette stor pris på desse stundene. Det er ikkje noko minner som er så mange forunt å ha, tenker eg. Iallfall ikkje nå i våre dager med ein annan tannrøkt enn da.

Men ein ting kunne ho lage som ingen annan: Trondhjemssuppe! Det var himmelen for oss kvar gong ho laga den, og sjøl om eg har prøvd å lage den sjøl, kjem eg aldri i nærleiken av den ho lagde.

Eit anna minne er ikkje fullt så behageleg. Ho Mormor strikka og strikka, og heldt oss varme om vinteren. Det meste var godt å ha på seg, med eit unnatak, ullunderklede! Både lange stillongsar og underskjorter strikka ho, og dei klødde så du mest ikkje sto det ut! Og det vart ikkje betre etter at ho på julekvelden da vi var to år, syster mi og eg, hadde fått både trommer og munnspel i gave av ho Mormor. Vi spelte og tromma til alle døgnets tider, så frå da av fekk ho beskjed frå mor vår, om at det skulle berre vera mjuke gaver under treet. Og slik vart det!

Og medan vi er inne på underklede, der var ho nøye ho Mormor. Ho innprenta oss frå vi var små, at det å ha reine underklede var utruleg viktig. Men bakgrunnen for dette var kanskje litt uventa;

–Døkk veit itj når uløkka kjæm, døkk kain bli overkjørd eller bli klein og hamne på sjukhuset før døkk minst ane det, og tenk om en sku´bli tatt i å ha på sæ ureine oinklæa!

Ho var i sanning ingen optimist!

Og så spelte vi piano for henne, og da snakka ho alltid om mannen sin, morfaren vår, som døyde like før syster mi og eg vart fødd. Han var så musikiøs, som ho sa, og kvar gong vi drog fram instrumenta våre og spela for ho, gret ho ein skvett før ho såg opp mot taket og sa:

–Nå skoill han Helmer ha vørre her.

Og så var det liksom at vi alle spelte og tenkte at han sat nok oppe der ein stad, høgt over taket dit ho såg, og høyrde på oss.

Nå er det lenge sidan ho gjekk bort, og eg sjølv er den eldste generasjonen. Rart å tenke på,  og av og til er det som om ho Mormor var her i går, av og til kjennes det ut som om det er eit heilt liv sidan ho var her og klapra med tanngarden sin, til glede for alle!

Nå på denne tida når det nærmar seg jul og eg tek fram juledukane som både ho Mor og ho Mormor har sydd så mange av. Da ser eg dei så tydeleg for meg der dei sat i kvar sin stol og broderte.  Det knitra varmt i ovnen og frå radioen song Alf Prøysen om julebukkar som var glade for ein storebror i femte klasse, medan desembermørkret med den klare stjernehimmelen utanfor bar bod om det som skulle koma og som alle vi ungane lengta etter;

sjølvaste Julekvelden!

God helg!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s