Skomakerens barn og prestens katt!

I dag vil eg fortelja om kva som er likskapen mellom meg og katten til presten, den seinare biskopen i Hamar bispedømme. Presten altså, ikkje katten.

Da eg var mindre, funderte eg ofte på kvifor eg, av alle, var så utrygg i nærleiken av dyr. Eller det er ikkje heilt riktig, eg har alltid hatt sans for kattar, og da barna mine var små, hadde vi ei kanin. Ho heitte riktignok Gråpus, men var like fullt kanin og ikkje katt på trass av namnet. Men kattar har eg alltid likt og vore glad i.

Fordi eg som hadde ein far som var veterinær, trudde alle at eg og var dyrekjær. Men eg var litt som i ordtaket om skomakerens barns som ikkje har sko. Eg gjekk lange omvegar for hundar, dei skremte meg.  Og så var det ein ting til, dei dyra eg såg, var for det meste sjuke, og det gjer ein skilnad. Eg hadde og ein hang til å synest synd på dei sjuke dyra. Og det kan tyne ei stakkars sjel meir enn godt er.

Eit av mine sterkaste barneminne er av ei spysjuk høne. Far helt rundt halsen hennar med ei hand, og eg gløymer aldri dei blanke og redde augo hennar der ho kasta opp i ein stor stråle innover i det mørke og fuktige fjøset.

Ein annan gong var vi med Far og såg på at han skar hol på ein verkebyll på ein gris. Etter å ha bedøvd grisen, som ikkje var større enn at han kunne legge den over knea sine, fann han fram kniven og skar i veg. Ut taut det gul verk i strie straumer.

–Dæ æ slik døm låggå majones, sa Far.

Og eg som var så glad i brødskive med tomat og majones! Eg smakte det ikkje på eit halvt år!

Men om eg ikkje var særleg trygg i omgang med dyr, og var litt som skomakerens barn, så var det ikkje betre stelt med katten til Presten.

Han var ikkje heilt frisk, og da Presten skulle bort ei helg, var det naturleg og plassere han heime i Presthaugen hjå oss.

Katten treivst han, og sidan vi ein liten månad før hadde mista vår eigen Truls i ei av dei mange kattsjukene som tynna ut kattebestanden i grenda med jevne mellomrom, var det stor stas å få prestgardskatten på besøk!

Han kunne ikkje vera så frykteleg sjuk, han åt godt og kroa seg i fanget mitt. Vi hadde det verkeleg triveleg, katten og eg. Eg hadde ein stor kopp med kakao med krem på bordet, ei bok med frøken detektiv og i det heile teke, så bra som ein kan ha det.

Heilt til ønskekonserten kom. Den høyrde vi på kvar veke, det var ei skikkeleg høgtidsstund, på linje med dei andre faste programma;  gammaldanshalvtimen, janitsjartimen, trafikk og musikk og ønskediktet!

Som alle som har levd ei stund veit, er at i starten på ønskekonserten var det barnesongar. Arne Bendiksen song jeg vil ha en blå ballong, og etterpå kom Bamsens fødselsdag  fra Klatremus og vennene hans. Men så, så kom Lage Wedin , salmesongararen med stor S  og som var ønska for fem velvaksne damer på godt over seksti år og ein kar på nokre og nitti sine gebursdagar. Den gode herr Wedin  klemte til av full kraft med;

–Det er makt i de foldede hender!

Katten klora til så det svei, spratt ut av fanget mitt, ned på golvet med eit smell, ut på gangen og så i vill fart ned trappa og inn på do i kjellaren. Der hadde han kassa si.      Medan Lage Wedin lovde at;

–svar skal du få og

–engler kommer med bud om det drøyer det fram det skal nå, for eg etter katten ned trappa.

–Kall på meg og du hjelpen skal få, høyrdest det fra oven.

Men det var ikkje mykje hjelp å få. Katten var som forgjort. Han fresa og klora etter meg. Eg prøvde med spak stemme og synge om bamser og blåe ballonger og alt det som var før salmesongaren ødela den fine kvelden. Til inga nytte. Det var ikkje råd for katten, han låg i kassa si som eit sint lite villdyr og var ikkje til å koma nær.

Eg tusla meg opp trappa, og vart møtt av en sommer som var over med Kirsti Sparbo.

Og slik var det for meg og, noko var over før det eigentleg hadde starta, og den ugudlege katta låg i kjellaren og kveste klørne.

–Kattar går sin eigne vegar, sa far min.

–Dei bryr seg ikkje om kva vi meiner, dei er heilt seg sjøl og gjer som dei vil, og det hadde av og til vore godt om vi au kunne vore slik, sa far min.

Vi fann aldri noko forklaring på den salmeredde prestekatten, neste morgon var han blid som ei sol, og frisk som ….ein fisk? Eller ein katt?

Og likskapen mellom meg og katten? Det har du vel for lengst forstått, men likevel:

Katten til presten blir redd når han høyrer salmer, og dottera til dyrlegen er redd for dyr, men med unntak av katter. Så der møtes sirkelen, og eg seier;

God helg!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

2 svar til Skomakerens barn og prestens katt!

  1. Line sier:

    Så fornøyelig å lese Anne.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s