Farleg føde!

Som så ofte før er mat eit emne som opptek meg.  Eg har tidlegare nemnt at far min helst ikkje åt fiskeboller i kvit saus. Dette var ein direkte konsekvens av ein avlaus hest på sitt eige  utdrikningslag.  ( Her kan du lese dette https://anneaukrust.com/2014/12/31/korleis-foreldra-mine-nesten-mista-sitt-eige-bryllup/). Litt uforsiktig omgang med dyrlegesprit som eigentleg var kun til utvortes bruk gjorde ikkje saken betre, og resultat vart eit opphald på ein  månad på Oslo militære sjukehus. Her fekk han skånekost, det ville i praksis seia loff og fiskebollar i kvit saus. Han brukte å seie at han hadde ete nok fiskeboller for fleire liv!

Men det var og ein annan rett som sette han heilt ut av funksjon når han fekk den servert. Sellerisuppe! Berre han kjente lukta, vart han bleik og mintes den gongen i det militæret da heile leiren hadde vorte matforgifta av nettop, -sellerisuppe. Eg hugsar enda beskrivninga av korleis dei sprang om kapp over gardsplassen til do, og nærmast sloss for å vera fyrstemann. Doane vart praktisk talt sundrivne av vernepliktige karar med eksplosive magar!

Og i same veiva brukte han og å fortelja om eit bryllaup fra sin barndom. Det var mange gjestar, og tre bordsetningar. På slutten av andre bordsetning byrja dei frå fyrste å bli dårlege. Det gjekk begge vegar, og festen vart fort slutt! Dei svoltne i tredje bordsetning takka seg lykkeleg for at dei slapp fri, dei som hadde vore i den andre gjekk heim i venta av ei trasig natt!

Eg veit ikkje om det var i det same laget, antageleg ikkje, men det var iallefall eit par som og skulle ha eit stort bryllaup like etter krigen. Puffa ris var akkurat kome, og det var stor stas med slik moderne eksotisk mat! Sjøl om det var mange gjestar, bomma dei nok litt på bestillinga. Dei tinga 14 kg med puffa ris, og det vart nok ris for fleire generasjonar! Ein heil lastebil var det!

Når vi er inne på framand mat, så kunne far min og fortelja om ein familie som fekk ei gave av dette slaget. Det var berre det at dei fann ikkje ut kva det var. Denne gongen, for fleire generasjonar sidan, var det vanleg at det kom følgebrev med postsendingar. Denne sendinga kom frå Amerika, følgebrevet kom ei veke seinare. Utanpå pakka sto det med store bokstavar;

GIFT!

Dei som fekk ho, kunne ikkje engelsk, og las det slik det sto. Inni pakka låg det ei mørkebrun og klissete kule. Dei torde knapt nok ta i ho.

–Dæ` kæinn verra musjon, var det ein som sa.

Med dette meinte han ammunisjon. Det stokk i alle rundt bordet, og den modigaste la kula forsiktig ned i ei sinkbøtte og gjekk med stive bein  ut på jordet. Der han gjekk heilt til ytterkanten, og grov ned den giftige kula  så djupt ned han kunne,før han snudde ryggen til og beinflaug inn att. Ei veke seinare kom følgebrevet.

Likte dei den amerikanske julepuddingen?

Eg veit iallefall at ein skikkeleg engelsk julepudding ligg som ei stor kanonkule i magen, så kraftig ein kost er det. Så dei var kanskje inne på noko, familien som slapp og smake på denne kraftkosten!

God helg!

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s