Om bakvendt vekst og gamle unge!

Nå er eg og søskena mine dei eldste i vår familie. Eg sit her og skriv innlegget mitt ved skatollet som i alle år sto i stova vår i Lom. Nå har det flytta ned til Oslo, og kvar morgon eg står opp og ser det stå der, blir eg både vedmodig og glad på ein gong. Glad fordi det minner meg så mykje om min eigen oppvekst og alt som var, men og ei konstant påminning om at barndomsheimen er borte for alltid. Men gleda over det som var og minna om det, vil leve med meg i all mi tid og oppveg for vedmodet.  Og i alle sine hjarte trur eg at det barnet vi eingong var, lever side om side med den vaksne vi vart.

Det tek meg over til det eg har tenkt og skrive om i dag. Vaksne og barn, unger og foreldre. Det heiter seg at du er alltid ungen til foreldra dine, same kor gammal du er.

For nokre år sidan var eg heime i Lom. Mor mi hadde hatt eit hjerneslag, og både ho og far min var prega av dette. Det hadde gått bra, men for dei som hadde stått midt oppe i det, tok det tid å koma seg. Vi hadde ei triveleg helg med mykje latter og moro og mintes tidlegare tider. Da eg skulle reise, sa far min:

–Å, det gjorde godt med littè ungdom i huset!

Eg gjekk den gongen i mitt femtiande år.

Far min likte å fortelja om den gongen han var i praksis, og trong hjelp av eit par sterke karar. Bonden sjøl var med, han var ingen ungdom, og far min ba han om å hente inn hjelp.

–Vent litte, e`ska`hente gutungjen!

Gutungjen var ein kar som hadde bikka sine seksti år. Men det høyrer med til historia at dei tre saman var sterke nok til å fullføre oppgava!

Bror min var vel omlag ein seks-sju år, og venninna hans like gamal. Ho hadde unge foreldre, medan foreldra våre var godt vaksne da bror min vart fødd. Så det kunne vel vera ein rundt tjuge års skilnad på dei to fedrene. Den yngste faren var ein lang kar, nesten to meter på strømpelesten. Far vår var litt over ein sytti. Og det var her det gjekk litt skeis.

–Det stemme ikkje, sa bror min med overbevisning.

–Far min kan ikkje vera gamlare enn din, `n e da mykjy stuttare.

Ho såg oppgjeve på han, himla med augo medan ho sukka djupt og rista på hovudet;

–Ha` du ikkje  skjønt de`du da Bjørn Ola; at gamle folk veks nedover!

Da var igrunnen siste ordet i den saken sagt, og det gjer eg og for i dag og.

God helg!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s