Tid og stad

–Limband, sa far min, vart uppfunne da døkk va´eitt år.
Det var også det året kong Haakon døydde etter å ha sklidd på eit såpestykke i badekaret. Det var iallefall det dei sa.
Eg veit ikkje noko om sannheitsgehalten i dessa utsagna, men det eg veit, er at limband er det vi i dag kallar tape, og at det har vore tre kongar så langt i livet mitt.
Når eg tenker attende, er det slik at tid og stad alltid var forbunde med ei hending, og at vi alle hadde ulike referansar. 1957 var som nemnt, og 1963 var det året eg byrja på skulen, og det var og det året Kennedy vart myrda. Og så er det alle åra der eg vart kjent med nye matvarer, eg hugsar enda min første spagetti, det var i 1965. Min første pizzabit var i 1972. Det var det beste eg til da hadde smakt, men det var berre ein liten bit til kvar! Min fyrste ordentlig suksess på kjøkenet, var ei oppskrift frå baksida av juli- månaden i kalenderen fra Coopen i 1968. Det var ein jordbæromelett, lett og luftig, med store jorbærskiver på toppen og eit dryss med snøkvit melis over. Eg kan enda hugse at dei damene som fekk denne servert, skrytte av meg, og ei av dei sa til og med;
–Ho har da skikkeleg håndlag med maten!
Mor mi, som var lei av all eksprimentering og rot på kjøkenet, sukka tungt.
–Jau, ho har nok det!

Når det kjem til stader, vart vegen vi drog når vi skulle på ferie, til med Mor og Far sine minner.  Far var alltid oppteke av ting han sjøl hadde sett, og mykje av det var dyr. Eg høyrer enda stemma hans:

–Her såg oss ulven som kryssa veigen.

Det var på Dovrefjell. Eit par mil lenger opp på fjellet, snudde han seg alltid og sa:

–Hugsa døkk moskusen som sto i veigkanten her?

Det gjorde vi.

Det som opptok mor vår, var ikkje noko ho sjøl hadde sett. Ho var meir av det dramatiske slaget. I motsetning til far vår, var hennar veg belagt med ulykker og nestenulykker, sjukdom og tragedier.  Ulykkene var alt frå småskader til dei med fatale utfall. I Rennebu var det ein sving der eit tvillingpar på ein tre-fire år hadde rasa ut i vegen og nesten treft av bilen vår. Det gjekk heldigvis bra. Det var ikkje tilfelle med ein familie lenger opp i dalen, der var det ein mann som hadde teke livet av heile familien sin, og litt seinare var det eit hus der ei ung mor hadde døydd frå heile familien sin i sjukdom.

Så kom vi omsider fram til Mormor. Ferien kunne starta, og vi kunne puste letta ut og konstatere at vi kom fram i livet utan uhell. Og her i Trøndelagen i min barndom, der skein sola alltid. Og i vaksen alder veit eg at dette ikkje er tilfelle, men slik er minnet vårt, det fargelegg og sukrar minnene våre, slik at dei blir dyrebare og skinnande til evig tid.

God helg!

 

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s