Lass anjè og folk på rømmen!

Da eg var ung, minns eg at dei gamle alltid sa;
–Alt var betre i gamle dager.
Så rista dei på hovudet og sukka;
–Denne nye tida, nei den er ikkje til å begripe seg på.
Den gongen tok eg alle slike utsagn opp i verste meining, det kjentes som om det var meg og den oppveksande slekta dei kritiserte, og eg har ikkje tal på alle gongene eg tenkte;
–Eg skal aldri bli slik!
Nå er eg omtrent så gammal som dei vaksne var den gongen, og eg kjenner at eg er ikkje fullt så streng lenger. Eg kan kjenne på lengten etter det som var, men eg trur og at eg er trufast mot mine eigne lovnader frå gamle dagar. Eg er glad i den tida eg lever i, og vonar at eg tar med meg det som var inn i den nye tida. Om eg greier det, får andre svare på, men eg prøver!
Og der er vi ved kjernen av det som opptek meg i dag;
Det som eingong var ukjent og rart, og som forandrar seg med tida.
Her om dagen kjøpte eg meg noko som vi i gamle dagar kalla steikeform, ei ildfast og rektangulær stor form. Men den heitte ikkje lenger steikeform, på brosjyra som fulgte med sto det;
Gratulerer med ny lasagneform!
Da gjekk tankane mine til ein gammal onkel som berre for eit par år sidan fekk maten tilkjørt frå kommuna. Han var ugift og budde aleine og var mest glad i den maten han var vant med. Denne dagen var det ein framand rett som sto på menyen, ein rett han korkje hadde høyrt om, eller smakt før.
Den havna bak låven saman med anna framand kost og med følgande kommentar;
–Detta va´itte mat for følk!
og så tok han ein telefon til kommuna for å seia si ærlege meining;
–Detta kan jo være helsefarlig!
Men kva var det for mat tru? Vi var nysjerrige;
–Det var noe dom kalla lass anjé, var svaret!
Men den kom ikkje frå mi form iallefall.
Så har vi og dei som er framfor tida dei lever i. Slik var det nok med denne karen. På sekstitalet var det ingen som sprang utan at det låg eit behov bak, dei sprang til noko, om dei skulle nå bussen eller liknande. Eller dei rømte fra noko! Det var vel dei som sprang fortast tenker eg. Eller om dei var med i ei konkurranse da, men det var noko anna, ingen sprang etter vegen utan grunn.
Men i Amerika var det annlein. Der jogga dei. Det tok nokre år før vi kjente til dette, og det går ei historie om amerikanaren som var ute på ein tidleg joggetur på sekstitalet ein gong. Historia er ikkje bekrefta, men den kan nok godt vera sann. Han hadde valgt ruta utanfor nokre staselege bygningar som låg i eit fint grøntområde, og skjønte ingenting da han vart gripe av to sterke karar og taua inn i eit av husa.
–Jeg ar jo den amerikanske ambassadøren, peip han med brei aksent, men det hjalp ikkje.
–Her har vi både keiser Nero og kong Nebukansar, var svaret han fekk.
–Hm, ambassadør den var ny!
Det tok ei tid før misforståinga vart oppklara, men dei var i god tru dei som trudde at han var på rømmen! Det var ikkje lurt å legge den daglege morgontrimmen med å beinflyge i området rundt Gaustad psykiatrisk sjukehus. Og ambassadøren gjorde det nok aldri meir!
God helg!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s