Vett og uvett

–Døkk spør meir enn ti vise kæin svårrå, sa far min.
Vi var, som ungar flest, fyllt av undring, og vi var og like sikre på at han hadde svar på, om ikkje alt, så det meste.
Korleis visste han til dømes at vi hadde ete graslauk utan at han såg det? Og når vi kom heim fulle av alle slags historier om mange slags folk, så visste han kvar vi hadde vore.
Men av og til hadde heller ikkje han svaret klart, det var da vi skjønte at ti vise ikkje var han. Kven dei var derimot, kunne han heller ikkje svare på.
Dei einaste vise som vi kjente til, var dei tre vise menn, men det var ikkje dei, sa han.
Det var ti vismenn, og det kunne vera kven som helst av, meinte han. Hadde du samla ti slike, hadde nok dei tilsaman svaret på det meste.
Men det låg ei viss fare i det, å vera for klok. Det gjekk stadig historier om han som kunne heile telefonkatalogen for Oppland og Hedmark utanat, framleis og baklengs, og andre som hadde hovudet fyllt av liknande unyttig kunnskap. Slike folk gjekk det sjeldan bra med. Dei var for kloke og hadde bikka over som vi sa. Til kva var uvisst, men det som var sikkert, var at dei var ikkje friske. Så eg funderte i mine unge år mykje på dette.
Det låg ei stor fare i det å vera klok. Og farer, det var det nok av i min fantasi!
Eg var glad i å lese, men det var heller ikkje ubetinga bra. Vi hadde alle høyrt om han som las seg fra vett og forstand. Den balansegangen skulle visstnok vera hårfin. Og prat om hårfin, det var dei klokaste som mista håret. Til meire vett innanfor, til større fare for at håret datt av. Eg kan enda hugse kor eg skvatt den gongen far min viste fram ein byrjande måne;
–Det ser ut te at e´bynda å bli vaksen, sa han.
Men som eg sa, han visste og skjønte mykje, far min, og fekk lirka ut av meg kva eg gjekk og bekymra meg for.
–Du ha nok misforstått, dæ æ umvendt!
Så ramsa han ut av seg namn etter namn på flinke karar med stort vett og lite hår. Og sunne og friske var dei alle saman!
Eg kunne puste letta ut, og nok ein gong konstatere at, han hadde svaret på det meste! Så da trong eg ikkje å engste meg!
I dag er eg gift med ein som har lite hår, og er godt fornøgd med han! Det vil som regel gå bra!
God helg!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

2 svar til Vett og uvett

  1. katrine storebo sier:

    🙂 koselig tekst!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s