R, L og vaskeromssluk!

Testing er eit ord som betyr noko heilt spesielt for oss som voks opp på 60-talet. Det hadde ingenting med produkttester eller forskning å gjera, nei det var den store testen alle tok året før dei byrja på skulen. Skulemoden kalla dei resultatet av testen. Ikkje alle besto, og det kunne vera ulike grunner til det. Nokre var ikkje modne nok i hovudet, andre i skrotten. Det var dei som var for stutte og nådde ikkje ned på golvet med føtene når dei sat ved pulten. Torunn tvillingsyster og eg kom igjennom testen, sjøl om ho Torunn ikkje greidde å si R enda.
–E´ hal ikkje glønfalge.
Vi skulle teikne huset vårt, og det var da ho skulle lage plena utanfor huset, at ho oppdaga kva farge som mangla i skrinet.
Så da vart det timar med logopeden, eller mopeden som vi trudde han heitte. I slutten av fyrste klasse satt R`en på plass, og mopeden kunne konsentrere seg om dei som sleit med andre bokstaver eller som stamma.
Eg hadde lært meg å si R nokre månader før testinga.
Far vår sto ute på gardsplassen da Torunn kom springande i ein vill fart, medan ho ropte;
–Fal, Fal ò Anne kæin si L-L-L-L!
Og femti meter lenger bak, nede ved Lykkjagrinda, let det;
–R-R-R-R, der eg kom for eigen motor så spyttskya sto ut av munnen på meg!
Eldri, veslesyster vår, hadde ikkje slike problem. Men ho var ekspert på ein heller sjeldan lyd, ingen bokstav var det, men ho kunne herme etter sluken på vasken i vaskerommet. Ein skikkeleg ekspert var ho, og eg har ikkje tal på alle gongene ho måtte stille seg opp i vaskeromsdøra og herme etter sluken. Vasken vart demonstrert først, og så var det hennar tur! Grav alvorleg sto ho der, og laga lyder som var heilt lik den som vasken kom med. Eg øvde og øvde på det same, men det hørdes ut som ein rasande katt!
Det er rart å tenke attende på, særleg på ein dag som denne, da huset i Presthaugen har gått til ein annan. Men det er ungar i den familien, og vasken er frameis den same, så kanskje kan det koma nye folk som kan lære seg å herme etter den.
God helg!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s