Skilpadder og apekattar!

Far min kunne alt om svin. For i hans dyrlege-praksis, var det flust av slike! Det var,som han sjøl sa, ingen stad i heile landet vårt der det fantest fleire grisar i forhold til innbyggartalet enn i han sitt distrikt!
Når det kom til meir eksotiske dyr, var han på ukjent mark. Han var skeptisk til at folk tok dyr frå andre kantar av verda og skipa dei hit opp i det kalde nord. Når det vart prat om dette emnet, høyrte vi alltid om ein familie i Oslo som hadde bestilt heim eit slikt dyr. Dei hadde gått lei av vanlege katter, og bestemt seg for at ein apekatt var tingen. Dei henta dyret på havna. Han kom i ei trekasse, og i bilen på veig til sin nye heim, krafsa han og klorte i kassa, og laga ein fælandes leven! Vel heime, tok dei av lokket, og ut spratt den eksotiske katta! Det skulle gå fire dagar og tre heile netter før ein av familiemedlemmane fekk tak i eine bakfoten på dyret og fekk han ned i kassa si. Da var heile huset rasert, ikkje ei heil gardin fanst att, og golvet var fullt av knuste ting! Apekatten vart sendt attende, forhåpentlegvis til meir kjente og trygge omgjevningar!
Ein annan gong kom det ein mann med ei sjuk skilpadde som han ville at far min skulle hjelpe over til dei evige jaktmarker. Far min foreslo hoggerstabben, og la skilpadda oppå den. Så klødde han henne på skalet så ho skulle stikke fram hovudet. Men det var som om dyret visste om at det kom til å koste henne livet. Ho berre vart i skalet sitt.
— Oss går upp tråppe og ser om `o Aase har litte kaffe og någgå å bite i mæ oss leigg ein slagplan, sa far min, og sette skilpadda ned på marka så ho ikkje skulle dette av stabben og slå seg ihjel.
–Ho kjøm ikkje langt, sa han, for som alle veit, er ikkje ei skilpadde særleg snøgg av seg.
Da dei kom ned att, var ikkje skilpadda å sjå ein einaste stad. Ikkje da, og heller ikkje seinare. Om ho hadde kome seg over til den andre sida på eigen hand, det fekk vi aldri veta. Og ei skilpadde kan etter kva dei seier, bli over 200 år gamal! Så kanskje den gøymer seg i Presthaugen ein stad enda, det er ikkje godt å seia!
Skulle du finne ho, så gje meg beskjed!
God helg!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s