Presthaugen

Vi var litt som Robin Hood, vi ungane som voks opp i Presthaugen. Ein stor skog var vårt revir, og her kunne alt skje! I den store skogen fanst det gamle, store og små hus med historier men utan folk. Det var folkemuseet i Lom. Nokre historier dikta vi opp, andre var kjente. Vi kom oss inn i dei fleste bygningane, sjøl om dei var avstengte. Eg kan enda føle kjensla frå fyrste gongen eg klatra opp på taket i Olavsstuggu, og sleppte meg ned gjennom pipa slik at eg sto i det same rommet som Olav den heilage hadde sove i for litt over tusen år tidlegare!
Det var her vi og med spader og ei utruleg ståpåvilje prøvde å grave fram fortida. Det skulle finnast eit hov frå førkristen tid i Presthaugen, vi visste omtrent kor, og hadde det ikkje vore for at telen enda sat i jorda, så hadde vi kanskje lykkast med å spa opp ein hedning eller to!
Vi var ein stor ungeskokk, og eg veit at alle vi som voks opp der, kjenner nesten kvart eit tre og kvar ein stein.
Om sommaren bygde vi barhytter og leikte gjømsel. Vi leikte røvar og politi, og utedassen i Lykkja var fengsel. Den kunne stengast frå utsida. Vi grov opp skråningar og laga bilvegar til leikebilane våre, som små jordrotter satte vi spor etter oss flekkvis i heile skogen. Ved museet fann vi klebberstein som vi brukte å skrive og teikne med, den var omtrent så mjuk som krit.
Vi låg på lur og spionerte på turistar som i storblomstra skjorter og med kamera på magen, gjekk rundt og sa Wow og Marvellous og sannsynlegvis var etterkommarar av andre folk som hadde budd i gamle hus som likna på nokre av dei minste husa i skogen. Desse hadde hundre år tidlegare på emigrert over det store havet til ei ny og betre framtid.
Ein gong hende det noko riktig spennande! Mange av oss fantaserte om å bli detektivar når vi vart vaksne, og så skjedde det store!
Det kom ein mann med langt hår og skjegg som slo seg ned i eit av husa. Vi spionerte andelaust på han i fleire dagar, og fantaserte om kven han var, heilt til han gjorde opp bål innandørs! Da sprang vi til lensmannen i flokk og følge, og mannen vart borte. Alt som var att etter han, var ein svart flekk på golvet etter bålet. Og sjølsagt alle historiane om han som vi dikta i hovuda våre. Men løysinga på mysteriet rundt mannen, den fann vi aldri svaret på. Ingen av oss vart detektivar seinare i livet heller.
Men vi var «skogens voktere», og levde som seierherrar og redningsmenn etterpå!
Det var i Prestahugen at vi smugrøykte for fyrste gong. Vi stjal sigarettpapir fra foreldra våre, og brukte mose som tobakk. Å, så store og frigjorte vi kjente oss der vi sleikte vi på limet og rulla saman sigaretten som om vi var vaksne folk. Og så vart vi oppdaga og måtte gå den lange vegen frå heime og ned i haugen, fram og attende med 10 bøtter vatn for at det ikkje skulle bli brann etter oss, det var iallefall det ho sa, Mora til guten som tok oss på fersk gjerning!
Da følte vi oss ikkje mykje vaksne nei!
Om vinteren lagde vi lange tog av sparkane våre og susa nedover bakken og ned i Lykkja, som låg nedanfor Presthaugen. Det gjekk bra heilt til vi runda svingen etter grinda. Da gjekk toget alltid frå kvarandre, og vi trilla, saman med sparkane våre, nedover skråningen ved sidan av vegen som små innpakka baller, og landa nede på flata i eit sannt virvar.
For det var det vi var, godt innpakka. Det var ofte kaldt, og tvillingane i Lykkja, Marit og Malla, hadde ei mor med strikkemaskin. Ho strikka lag på lag med vinterklede, og da vi var riktig små, var det Mor mi som måtte hjelpe dei av og på med kleda når de kom til oss for å gå på do. Det hadde seg nemleg slik, at dei hadde utedo, medan vi hadde vassklosett. Og alle vi fire tvillingjentene misunte det andre paret doen deira. Naturleg nok drog vi til dei sommarstid for å gå på do, slik som dei kom til oss når det var kaldt. Eg hugsar enda som eit av mine første minner, at Torunn syster og eg, tidleg ein maimorgon med ei vårstor og susande elv og fuglesong som akkompagnement, halsa nedover vegen til utedoen i Lykkja med far vår etter i fullt firsprang. Vi hadde rømt nedover bakken i eit nødvendig ærend.
Det er vedmodig å tenke attende på, og ei rar kjensle å sjå vårt barndoms paradis på Finn.no. Huset skal selgast, men alle gode minner har vi, vi som levde vårt liv i den store skogen. Og så kjem det nok nye generasjoner med småfolk som vil kjenne seg slik som vi gjorde, småkongar og dronninger av Presthaugen! For om alt anna forandrar seg, så er den omtrent likeeins som da vi sprang rundt der, for ein vel 50 års tid sidan!
God helg!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s