Korleis foreldra mine nesten mista sitt eige bryllup!

Tida vart for knapp till ein ny blogg denne veka, så her kjem ein gammal ein; eg vil ikkje svikte lesarane mine, eit nytt innlegg kvar fredag veit du!

Far min vart fødd og voks opp på Sygard Aukrust, fire kilometer opp for Lom sentrum, i retning Bøverdalen. Han var son nummer to, og måtte finne seg sitt eige levebrød, storebroren skulle ta over garden. Etter endt folkeskole gjekk han på framhaldskule, han trengte eit ekstra år på å vekse inn i storebror sin konfirmasjonsdress. Han var så liten av vekst dei første femten åra.

Han var så glad i alt som voks, så han hadde tenkt seg ei framtid som gartnar. Ein sommar kom det ein gardskar til Sygard som hadde realskulen. Han kunne syngja ”O Tannenbaum”, og far min fann ut at han og hadde lyst til å lære seg eit framandspråk. Slik gjekk det til at han vart realskuleelev. Det vart starten på ein skulegang som enda med at han vart dyrlege.

Som student på Veterinærhøgskulen i Oslo, hadde han svært dårleg råd. For å spe på studielånet, sat han oppe om netene og skrapa kjøt av dyreskrottar. Skjelletta skulle brukast i undervisning.

Han budde på hybel hos eit ektepar i Christies gate. Kona i huset var enke og oppattgift. Første mannen hadde vore sjømann, og ho spelte ”en sjømann elsker havets våg” om att og om att på grammafonen, kvar bidige dag. Til mannens store fortviling. Han fann trøst i flaska. Den delte han med hunden sin. Når mannen drakk, fekk og hunden ein dram. Begge vart like alkoholiserte, og begge fekk abstinens på likt når det vart lenge mellom kvar dram.  Når mannen og hunden drakk, ommøblerte kona. Kvar dag. Ho flytta rundt på stolar og bord, heilt til ho vart fornøygd.

Når ho vart ferdig, sa mannen;

”Kan vi ikke ha det slik noen dager da, Amanda”?

Det varte helt til neste dag. Da starta heile seansa oppatt, og slik gjekk dagane for dei.

For far min var det heller skralt i kosten. Det gjekk bokstaveleg tala på vatn og brød. Han gjekk på Bergans kjeksfabrikk og kjøpte sundslegne bokstavskjeks for ein billig penge. Ja, det var faktisk den billigaste maten som fanst.

Men det var ein einsidig kost, og hadde han ikkje møtt mor mi, så hadde han vel enda opp med mangelsjuke!

Ho var nemleg sjukepleiar og tok han med til søsterhjemmet der ho spanderte middag på han.

Han fridde til mor, og dei bestemte seg for å ha eit stille bryllaup  i Oslo, med berre forlovarar til stades. Far var beskjeden, store lag der han feira seg sjølv, var ikkje noko for han.

Men om bryllaupet skulle være lite, så ville kameratane hans arrangere eit gildt utdrikkingslag for han.

Og gildt vart det, det vart eit lag som ingen av dei gløymde, og som resulterte i at far min aldri meir i sitt liv åt fiskebollar i kvit saus!

Han var på denne tida akkurat ferdig på veterinærhøgskulen, og han var i militæret, nærare bestemt i Ryttarkompaniet. Denne kvelden var dei langt inne i skogen på manøver. Dei låg inne i teltet og hadde skjenka seg godt med utspedd seksognitti prosent sprit frå apoteket. Men far min skulle gifta seg neste dag, og måtte ned til Eidsvoll stasjon for å ta nattoget til Oslo, så han vann å kome til kyrkja i rett tid.

Dette var ei stille og snøkvit novembernatt. Månen hang stor, blank og lubben på himmelen. Trea var tunge av snø, og ikkje ein lyd høyrdest.

Kameratane til far min var nok litt uoppmerksame, godt døyvde av eit dugeleg spritinntak. I farten gløymde dei å sette bisselet på hesten.   Dette var ein gamal gamp av det meir vondskapsfulle slaget, og far hadde ikkje før fått sete seg på sleden før det barst gjennom skogen i full galopp. Ferda gjekk i ein faderleg fart mellom treleggane i måneskinet, og far min klora seg fast etter beste evne. Tilslutt enda turen oppetter eit grantre, og far min vart slengt av sleden så det song. Han slo seg noko forferdeleg, og sleit seg med nød og neppe ned til toget. Han kom gul og blå og forslått til den ventande brura, men dei vart nå gift i Gamle Aker kyrkje. Middagen på hotell Viking med forlovarar kom han seg og igjennom, sjølv om matlysta var heilt borte. Så drog dei heim til foreldra sine på begge kantar. Far sto løpet ut, men da han kom attende til Oslo, var det slutt på kreftene. Her vart han så dårleg, at han vart  innlagt på Oslo militære hospital med ein gong.

Her vart det konstatert magesår, som han, i følge han sjøl, hadde slått på seg den siste natta som ungkar. Han låg fleire månader på sjukehuset og åt loff og fiskebollar, skånekost for ein sår mage.

Så etter rehabilitering og dimming frå militæret, gjekk turen til Lom og dyrlegegjerninga.

Her starta han privatpraksis. Den gongen var det kontant betaling. Far min var ingen forretningsmann. Han kjente folk og tok betaling etter skjønn. Var det stader der det var ekstra trong økonomi, hendte det seg at han tok betaling av anna slag. Om  hausten, i kalvinga, vart frysaren fylt opp med råmjølk. Vel var vi glade i kalvdans, men når det lei utpå andre månaden med kalvdans dagleg, vart det nok, sjølv for oss.

Seinare gjekk betalinga over til banken, og folk fekk ein giro.

Eg spurte eingong far min kva han gjorde om folk ikkje betalte.

”Da senda e` ein giro til”, sa `n far.

”Ja, men kæ` um døm ikkje betale da, da”?

”Da riv e` sund rekninga, for da vil døm aldri betale”!

God  helg til alle som les bloggen min!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

4 svar til Korleis foreldra mine nesten mista sitt eige bryllup!

  1. Aud Ingrid sier:

    Takk for enda meir fornøyeleg lesestoff, Anne; og Godt Nytt År til deg og dine!

  2. Marthe sier:

    Godt nytt år,Anne! Eg les og kosar meg og ser det så levande for meg! Takk for at du deler desse historiane med oss! 🙂

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s