Mor mi bakte av plikt. Ikkje av glede! Det er ikkje noko ho ville vore lei seg for at eg har sagt, det berre var slik, og ho var den fyrste til å tilkjennegjeva at ho ikkje var glad i matstell.
–Kåffår e det så flott å bake haugvis av småkaka te`jul, for så å mat føggeln med dæm te påsk?
Far min derimot, han bakte frivillig, -når han hadde tid! Mor mi si slekt åt mest brødmat. Far min si slekt var matglade, og utruleg flinke på kjøkenet. Dei var glade i det morsslekta mi kalla kokamat, med eit lite spark til dei som brukte tid og krefter på å koke mat til lite nytte når dei kunne bruke tida si til andre saker! Morsslekta mi var for det meste magre, medan dei på farssida mi med nokre unnatak, var i godt hold!
Juleforberedingar og kalving, ja dei kjem samstundes i førjulstida, så i min barndom smakte far min på deigen i farten før han for ut til neste kalving! Men etter at han vart pensjonist fekk han utfolde talentet sitt, og ho Mor overlot baksten til han med glede! For ikkje å prate om alle på aldersheimen, som fekk gleda seg over far min sine avletter!
Og eg voks opp og vart vaksen og fekk min eigen familie, og skulle bake til jul, og oppdaga at alle kakene frå barndomen min, dei hadde ikkje noko namn! Men eg har jo laga julebakst som folk har ete!
Men ved hjelp av internett, gode vener og litt sunn fornuft så kjenner eg namnet på dei fleste! Det var kanskje ikkje slik med karen som i min barndom på Loar skule kom heim med ein pose full av scones som han hadde bakt på skulekjøkenet. Stolt ga han den til faren sin, som hadde følgande kommentar;
–Ha du låggå detta på sløyden?
Eg bakar med glede, og minnest både Mor og Far med respekt og glede for at dei var akkurat det dei var,-med og uta matglede! Og så veit eg at i mitt stille sinn, har det forma meg, og gjort meg til den eg er, og sett meg i stand til å bake litt til jul, nok til å kose seg, men for lite til å bli stressa! Så minnest eg dei to, og eg kan enda ikkje forstå at akkurat dei var mine foreldre, ulike som dei var, men av og til kan to motpolar møtes, og bli til eit flott fellesskap!
God helg!
Søk
Kontakt
-
Nylige innlegg
Nyeste kommentarer
anneaukrust til Jul, jul strålande jul! carl07no til Jul, jul strålande jul! anneaukrust til Ein hårfin oppvekst anneaukrust til Ein hårfin oppvekst Gunhild Mogset Gylla… til Ein hårfin oppvekst Tags
- biff på japansk vis
- blåskjellspyd
- club sandwich
- Den Nye Kokeboken
- dessert
- fingermat
- fylte sjampinjonger
- gode historier
- Hamar
- Haydn
- hjemmelaga ketsjup
- hjemmelaget spekepølse
- honningknekk
- japansk potetsalat
- kanapeer
- karamellprøven
- kaviar
- knekk
- korkonsert
- lakrisis
- mandelflarn
- mølsgraut
- norsk spekepølse
- Oslo
- pancetta
- russiske erter
- russiske pannekaker
- sitronis
- sitronpoteter
- spagettisaus napolitana
- stifado
- tempura
Meta