Eksplosive damer og andre kvardagslege katastrofer!

Det er mange tilstandar som ikkje finst lenger. Tidene forandrar seg, og livet og landskapet omkring det å vera mennesket med dei. Noko anna som og forandrar seg, er kva som er farleg og ikkje.

Ta til dømes det å ”gape uttu”! Om du var riktig uforsiktig og gapte for høgt, kunne kjeven gå ut av ledd, og du gjekk der og gapte, stum og siklande til du kom deg til nærmaste sjukehus. I Lom var det heile 18 mil, ein veg, og eit skremmande perspektiv før du fekk smelt kjeften att av ein kyndig doktor. Nå har eg vore i arbeid som legevakt-sjukepleiar i heile sytten år,  og kan endeleg slå fast at denne skrekken som eg kjende på kvar gong eg gapte for høgt som unge, er heilt ubegrunna. Ikkje ein einaste gong på sytten år, har eg sett ein pasient som har «gapt uttu»!  Men eg kan enda hugse skrekken langt bak i minnet mitt ein stad, skrekken eg kjende alle dei gongane eg som ung var riktig trøytt og utrangla, og uforvarande gjespa for høgt og langt, og med det same eg skulle til å lata att kjeften: gjekk det bra?

Og lettelsa omtrent i det same sekundet: det gjekk bra denne gongen og!

Det er og tilstandar som i seg sjøl ikkje var sjukelege, men som kunne føre til visse konsekvensar. Å eta appelsiner før du hadde nokre år på baken, var til dømes farleg. Mor mi hadde hadde ein ide, sikkert bygd på erfaring, at appelsinbåtar kunne setja seg på tvers i halsen, og kvela den stakkars vesle ungen.

Og når du åt, måtte du sitja rett i ryggen, å ligge å eta, var einsbetydande med å setje maten i halsen, og av ein eller annan grunn var det å svelge vrangt, som vi sa, ei overhengande fare som kunne ramme den beste og med eit høgst usikkert resultat!

Eller som han sa, guten i tredje klasse på spørsmål frå Marianne lærerinne om kva som hende ved slike høve,  når maten gjekk i vranga.

–`N havna i feil matrøyr!

Ingen fekk heller nokonsinne ligge i badekaret med stengt dør.  Å drukne i badekaret hadde hendt friske folk, og var ein stadig tilbakevendande fare som slår meg kvar gong eg badar den dag i dag. Og det enda det ikkje er noko eg i det heile teke er redd for, å drukne i badekaret altså!

Men det ikkje berre ho Mor som hadde slike rare ideer. Nokre av mødrene til kameratane våre hevda stadig at skihopp var farleg for jenter. Av ein eller annan grunn kunne dette føre til at jenter som hoppa på ski, ikkje kunne få barn når dei vart store. Men forklaringa på dette fenomenet, sat like langt inne som forklaringa på korleis jenter i det heile teke kunne få ein baby inn i magen. Og eg har til dags dato aldri skjønt kvifor det var så farleg, sjøl om eg nå veit korleis ungar blir til!  Kanskje kunne du hoppa sund noko av det kompliserte apparatet som eit dame-menneske er?  Ikkje veit eg, og eg har slege meg til ro med at angtagelegvis kan du hoppe så mykje du vil på ski, og likevel bli mamma. Eg har iallefall hoppa min del som unge!

Etter at skihopp-sesongen var over, og snøen smelta, venta det nok ei fare! Å sitja rett ned på bakken medan det enda var tele i jorda, kunne få vederstyggelege konsekvensar! Da kunne du bli alvorleg sjuk, og i det verste fall kunne det få fatale konsekvensar! Det hadde visst hendt ei jente i Trøndelagen ein gong, men kva som hadde hendt, var heller diffust!

Og vi  høyrde stadig om kjerringa på Lesja som skulle på basar og fekk så dårleg tid at ho åt opp risengrynsgrauten før han var heilt kokt. Ho  åt så mykje at da risgryna svell ut i magen hennar, slik visstnok halvkokte gryn har ein hang til å gjera, så sprakk ho!

Då eg reiste ut i verda og vart kjent med folk frå Lesja, fann eg ut at ingen der hadde høyrt om ho, så da var det kanskje ikkje så farleg å ta  grauten frå varmen før han er heilt kokt likevel!

Ja, nå er det snart helg, og for deg som har tenkt å lage den graut i morgon, ikkje ver redd for å sprekke om du har det travelt, det går bra!

God helg til alle!

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s