Ventetid!

Det blir rart å skal gå inn i ei adventstid og ei jul der begge foreldra våre er borte.  Men minnene er der, og vi fekk behalde dei i mange år, så savnet er og blanda med takknemlegheit fordi vi vart både ungar og vaksne med dei, og vi jentene fekk ha dei og som Mormor og Bestefar.

Nå når vi går inn i denne ventetida kjem minnene krypande fram. Det blir nok ekstra sterkt denne første jula der vi søskena brått er den eldste generasjonen.

Det aller første eg kan hugse, er at vi var på Bergom og såg på juleutstillinga i butikkvindauga når den kom. Eg trur det var først i desember at dette skjedde, og det var som eit eventyr. Sjøl om eg ikkje minns akkurat korleis den såg ut, juleutstillinga,  så er kjensla der, kjensla av ei annan verd, der like bak glasruta. Og eg hugsar at pusten min  tåkela glasruta og gjorde at der, like bak glasruta, flaut det saman ei sky der  sterke og skinnande farger gjekk inn i kvarandre og vart til ei glitrande sky.  Etter som eg minst, fanst det og ein figur som rørte på seg, og levde der, denne eine månaden rundt jul. Denne  eigne verda som fanst der og da, var forgjengeleg på sitt vis. Ho vart borte med varetellinga som alltid var 2 januar.

Og så hugsar eg den varme og store handa til far min som la seg oppå skulderen min. Den var alltid mjuk og trygg, og nesten same kor kaldt det var, så var handa hans like varm.

Han hadde høgsesong med kalving seinhaustes og fram mot jul. Da reiste han tidleg om morgonen, og kom att seint på kvelden. Men han var alltid til stades når juleutstillinga opna.

Vi ungane og ho Mor forberedte oss på julesongane. Siste søndagen før jul, spela og song vi jula inn. Korpset og koret hadde si årlege forstilling i Steinfjoset på skulen. Vi i korpset sat bak sceneteppet og venta på at koret skulle gjera seg ferdig. Eg kan enda høyre kremtinga fra dei før dei starta. Alle renska halsen, det var eit einstemmig hark med innlagte host, og så tok dei tonen før dei starta, sjelvande og stille kraup den gjennom teppet og opp til oss som sat bak og venta på tur.

Eg undra meg i mange år over at dei song feil tekst på Glade jul. Alle veit at det er det den heiter, og ikkje stille natt som koret song, kvart år. Og kva for ei dame var denne Hosianna dei song om? Ho høyrde vi berre om i julesongane.

Så var det vår tur. Og ho Mor var sjef, ho svinga takststokken, og enda eg roser meg av å ha eit godt gehør, minns eg ikkje dei falske tonane, sjøl om dei sikkert fanst.  Eg minns heller ikkje noko dårleg ver i denne tida der vi alle gjekk og venta på jula.  Berre stille og mildt var det, og store snøfiller som ramla ned og la seg overalt, og vi prøvde og fange flest mogleg med tunga og såg opp gjennom snøflaka som kom skimrande ned, og over dei, den svarte vinterhimmelen langt, langt der oppe.

Det vanka det adventskalender med sjokolade, men eg åt opp alle den første dagen, og gjekk og var misunneleg på Eldri søster, som alltid greide å halde seg, og kunne starte kvar einaste dag med ein ny bit, medan eg knapt hugsa kva for bit eg eigentleg skulle hatt.

I førjulstida kom det folk på besøk, i same og ulike ærend kvart år.  Ein kom for å bade og få steikt flesk, han kan du lese om i eit tidlegare blogginnlegg.

https://anneaukrust.com/2013/08/16/forerkort-og-gamle-karer/

Eit par eldre damer  kom og selde juleblad, og dei sat heile dagen, eller slik kjendes det iallefall!  Men det likaste var å gå på butikken og sjå seg ut julegaver! Og dei bak disken som så elegant skar ut julepapiret med saksa. Eg minns enda den fine lyden av saksa som skar seg gjennom arket for så og bli pakka rundt gavene og tilslutt få eit fint band rundt magen!  Eg undrar meg på kva som er hendt med julepapiret? Det er ikkje lenger mogleg å skjære det med saks, da går det sund.

Før jul var hyllene fulle av alle slags spennande saker, og vi kunne gå i timesvis der og drøyme om kva for ein ting som skulle ligge under vårt juletre. Og kvart år på denne tida, kom det ein dag da alle gavene var ferdig innpakka  og låg på kontoret til far vår. Der hadde han låst døra og gøymt nøkkelen, men vi prøvde å titte gjennom nøkkelholet, medan vi masa hol i hovudet på foreldra våre;

–Vær så snill, berre ein liten titt??

Av og til, viss vi masa nok, kunne det hende at dei åpna døra. Vi rista og lytta, lukta og snusa, klemte og spekulerte. Bøker og labbar kjende vi att, og vi visste at labbar og heimstrikka ullundertøy som kleia, det fekk vi av Mormor. Dei harde pakkane var alltid dei som var mest spennande, da som nå! Men foreldra våre sto i døra og så var det slutt på og kjenne på gavene. Da måtte vi vente heilt til julekvelden, den lengste dagen i året!

Og like sikkert som at vi venta på julegavene, var historia til far vår om den gongen han var liten, og vart gløymt bort med julegave. I jula var det ei gave til kvar unge, og ei halv appelsin! Ein gong hadde dei gløymt bort han Far, men storesøster fann råd. Han fekk ein grisehale, og sjøl om han sa at han var glad for den, var vi aldri heilt sikre på at det var sant!

Og så var kvelden der, og den har eg tenkt å spare til litt seinare!

God helg!

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s