Bussturen 2

Sist var i i Rhindalen i Tyskland, og eg skreiv om både opp- og nedturar, både fysisk og bokstaveleg. I dag har eg tenkt meg at vi skal halde oss i Rhüdesheim og omegn, og fortelja om noko av det som hendte der, den gongen i juni i nittenhundreogåttitre og med følget vårt frå Oppstryn og Ottadalens billag sin busstur.

Eg nemde tidlegare at Reiseledaren fekk seg ei lei omgangssjuke. Om det var deltagarene som ramma henne, eller eit verkeleg virus, veit eg ikkje, for ho var iallefall den einaste som vart sengeliggande med denne svært vondarta sjuke. I to heile dagar.

Bortsett frå ein som hadde vore i krigen på feil side, og naturleg nok ikkje ønska og tone flagg, var det berre eg som kunne prate litt tysk. Og eg hadde langt frå mellomfag, berre ein skarve skuletysk som som og var litt rusten. Men det fanst uansett ikkje noko anna alternativ, så da drog vi ut i verda, stryningane, ho Mor og eg.

I to heile dagar, medan reiseledaren samla krefter på rommet.

Fyrste dagen var vi på ein vingard. Her vart vi møtt av sonen i huset som hadde gått over seks år på skule for å bli utlært vinbonde! Han tok oss med ned i kjellaren, og der samla han oss rundt ei tom vintønne som sto på høgkant. Oppå denne sette han med stort alvor og høgtid, eit stearinljos. Han tende på det med ei dramatisk armbevegelse før han forklarte, med eit skråblikk på dei to med stokk, at hvis dette slokna, måtte vi koma oss ut så fort som fy, ellers kunne vi bli kvelt. Det var gassar som du ikkje merka, for dei låg langs golvet. Men om dei steig opp og ljoset sløkte, hadde vi nøyaktigt eit minutt på oss opp den stupbratte trappa og ut i livet! Med og utan stokk! Det sette unekteleg preg på forsamlinga, og da ljoset blafra litt, gjekk det eit felles sukk og skjelving gjennom følget! Og eg veit ikkje kor mykje dei fekk med seg av foredraget som handla om korleis vinen vart laga. Dels skuldast det at alle stirra som forheksa på ljoset, og dels skuldast det den til tider ikkje heilt flytande tolken! Vinbonden hadde ei aristokratisk holdning og eit blomstrande språk som ikkje fortente den skrale tolkinga. Og heller ikkje hadde han publikummet i si hand som han nok var van med. Men eg har ei aning om at følget var litt meir uvant med vinproduksjon og dessutan langt heimafrå.  Slikt gjer ein lettskremt! Endeleg var foredraget over, og det var tid for å smake på vinen.

Opp i dagen og bort frå den livstruande kjellaren, inn i eit stort og lyst og triveleg rom. Her var det fleire langbord som var dekte med vinglas, og oppå bordet sto det fleire blanke bøtter  med ein meters mellomrom.

Vinbonden starta med å demonstrere første vinen. Han synte oss korleis vi skulle snurre på glaset og lukte på den før vi let den rulle rundt i munnen. Han snurra og lukta med store dramatiske røyrsler, før han førte vinglaset opp til leppene. Her saup han i seg vinen, og du såg korleis han rulla den rundt i munnen medan augane rulla tilsvarande rundt i skallen. Han fekk noko djevelsk over seg, og så, så tok han ei av bøttene på bordet og spytta vinen med eit stort klask rett ned i bøtta.

–Herregud, den er skjemt, ropte ei av damene.

Det var da vi lærte at er du ein ordentleg vinsmaker, skal du ikkje svelge vinen.

Det var ingen ordentlege vinsmakarar der, det vil si, dei fleste smakte godt og grundig på mange slags vinar, men bøttene sto midt på bordet og tomme vart dei, med unntak av den som stor nærmast vinbonden. Den vart etterkvart halvfull. Stemninga steig, dette var nokså tidleg på dagen og virkninga kom fort.

Så skulle vi i butikken og handle godsaker. Ein av karane brukte så lang tid at dei andre ropte på assistanse. Eg måtte trå til!

Han forklarte kva han ville ha, men han bak disken skjønte ikkje eit ord.

–S-i-n-g-s-a-n-o. Stryningen drog ut det lange ordet, og da skjønte mannen bak disken kva han ba om.

Eg kunne forklare at slike varer laga dei ikkje her, men litt lenger sør i Europa.

–I I-t-a-l-i-a, ropte eg.  Han var tunghørt òg.

–Ikkje Martini heller?

Nei, ikkje Martini heller.

Mannen rista på hovudet og gjekk skuffa ut. Den sure vinen skulle ikkje han ha nei, og det kunne ikkje vera noko til vingard som ikkje eingong kunne selge han Cinzano, den einaste vinen som i tillegg til å virke, og var god på smak! Denne berre virka!

Men dei andre i følget var i godt humør, og det er ikkje noko som gjer ein så slepphendt med penger som når ein har ein liten dram eller to under vesten. Full-lasta av flasker gjekk turen attende til hotellet, der vi møtte kirkesangeren på veg ut døra. I tillegg til å vera meir enn alminneleg bibelsprengt, var han totalist, og hadde vore heime på hotellet.  Han var sterkt imot heile vinturen, og det hadde vi alle høyrt opp til fleire gonger. Han fekk syn for segn, det hadde gått slik han trudde,  vi såg at han  konstaterte dette med eit lite blikk og eit tilhørande snøft, før han strauk på dør!

Men for tre av andre  stoppa ikkje turen riktig enda; rett rundt hjørne låg Asbach Uralt, den kjente tyske brandyen sin gedigne fabrikk. Så dei gjekk på ei ny runde der. Dei karane kom att utpå eftaen, eg såg dei ikkje, men eg høyrde dei der dei snubla opp gjennom trappa! Og dei var, som vi sa i dei gamle skulestilane, einige om at dei hadde hatt ein fin dag! Korleis dei på fabrikken hadde hatt det med dei tre karane med skyggeluer frå felleskjøpet og skjorter som stramma over magen etter ei lita veke med høgt øl-inntak og mykje feit tysk sikringskost, det er det ingen som veit!

Det var den fyrste dagen og nestsiste dagen som reiseleder for min, den siste kjem ved eit seinare høve!

Men det er historie, og det er dette og.

God helg og ta gjerne ei flaske med tysk og tørr Rieslingvin!

Prost!!

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

4 svar til Bussturen 2

  1. Jon Kleiven sier:

    Gode historier du har.

  2. Inger Kirsten Stagrim sier:

    Hei, Anne! Det er artig å lese historiene dine. Du skriv godt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s