Bussturen

Mor ringte meg ein dag på våren i 1983;

–Vil du bli med på tur til Rhüdesheim?

Det var Ottadalen og Oppstryn billag som arrangerte bussturen. Det vil si, Mor og eg var dei einaste  Ottadølene, resten av bussen var fylt opp med godt tilårskomne stryningar. Mor var vel nest-yngst og eg yngst, tenker eg, hvis vi ser bort fra kona og sønnen til buss-sjåføren da.

Det var ei umake forsamling. Dette var lenge før røykeloven, og på ferda si over Strynsfjellet og ned til Lom, hadde dei røykt inn bussen, slik at røykskya låg som ei grå tåke over folka da vi, som dei siste, steig på bussen.

Til Oslo bar det, og inn på Danskebåten.

På veg nedover dalen, var vi blitt kjent med fleire, og vi skjønte fort at det her var mange som kjente kvarandre, og mange som ikkje var heilt på talefot. Det var kirkesangeren som satt fremst, og var ein av dei få som ikkje røykte. Han var enkemann og hadde flass og eit heilt sete for seg sjøl. Han kom stadig med forslag om allsang, da helst salmer, men vart nedstemt.

Så var det to eldre karar, ein stupgamal, og ein ikkje fullt så gamal. Dei var naboer, og delte sete. Dei hadde aldri vore gifte, og det kunne du sjå på kleda deira. Sjøl om dei hadde pynta seg etter beste evne, dei reiste i dress og slips. Du kunne sjå at det ikkje var den habitten dei var vant til å gå i. Men det var deira første tur utanlands, så dette var alvor, sjøl om dei var av det stille slaget. Det kom knapt eit ord frå nokon av dei.

Det var nokre damer der og, men det er mennene eg hugsar best. Men reiseledaren var dame, fersk frå universitet med tysk mellomfag. Ho hadde forberedt seg grundig, og etterkvart som vi susa nedover autostradaen i høg fart, sto ho og doserte om tysk historie og samfunnsøkonomi. For døve øyro. Det var fyrst da ho kunne fortelle at dei gjødsla med grisemøkk, at det vart liv i forsamlinga. Det viste seg at ho satt på ein stor kunnskap om tyske gardsbruk, og det var noko som opptok dei fleste.

Til og med kirkesangaren, som dreiv eit lite gardsbruk på si, vakna til. Dette på tross av at han i tillegg til ikkje å få viljen sin gjennom med allsangen,  hadde vorte rana i Hamburg kvelden før. Vi budde i eit hotell på Reperbahn, eit av dei heller lugubre strøka i Hamburg, iallefall den gongen. Der hadde han gått med pengeboka stikkande eit par cm opp over kanten på baklomma i buksa, og skjorta godt stappa ned under linningen.

Etter ein lang busstur, stoppa vi i Köln.  Vi  gjekk ein tur i byen før vi kom attende til bussen i avtalt tid.

Da var det ein som ikkje dukka opp. Det var da det kom for ein dag, at den eldste av dei to naboane ikkje var heilt tilstades i hovudet.

–Eg mista han,  sa den andre trist.

Dei hadde gjort så lite av seg på turen nedover, dei hadde knapt nok opna munnen.

Tilslutt var det reiseledaren som fann han i ei sidegate. Da var vi forsinka med eit par timar, og kom skrubbsvoltne til hotellet.

Her skulle vi på dans, for er det noko Rhüdesheim er kjent for, så er det alle dansehallane. Bordet vårt var dekt med norske flagg. Kvart bord hadde eit slikt flagg, og det var dei nordiske landa som var hyppigast represenert.

Det kom øl i mengder, og kraftig tysk sikringskost, eisbein og sauerkraut og store, gule kokte poteter med smør på! Og i bakgrunnen sat eit danseband i tyrolerklede med hammondorgel og bassgitar og trommeslager og spelte tysk ompa-musikk!

Eldstemannen som var heilt utslite etter villgangen i Köln, hadde lagt seg og sovna, og resepsjonisten var åtvara og skulle passe på, medan alle andre var med på festen. Etter at maten var fortært, steig stemninga.

Den andre naboen vart som forgjort. Med eit par drammar under vesten, og vel så det, var det som om han fekk talens bruk i gave. Det gjekk bra ei lang stund, han tok seg til og med ein tur ut på golvet, der han svinga seg i dansen med ei amerikansk dame med blått hår og ei diger kløft med ei tilhørande utringing som puppane var på veg ut av.

Men så, etter å ha snurra og snurra runt på golvet, vart han skeiv i skjæra, og antok ei grønleg farge. Eg og ho Mor tok resolutt affære, og fekk losa han ut! Vi kom ut på trappa, og konstrasten var stor frå den strålandes opplyste ølhallen, til ein by som bokstaveleg talt var slått av. Heime er vi vane med full opplysning frå alle hus, men i Mellom-Europa sløkker dei når kvelden kjem.  Byen var heilt mørklagt, berre den store, runde månen hang lubben og blank over oss i den milde juninatta.

På det nedste trappesteget greide han ikkje å halde seg lenger, stryningen. Til akkompagnement frå bandet som med ustemt bassgitar og ein skjærandes falsk allsangversjon av «tulipaner fra Amsterdam»,  returnerte han heile middagen rett ut i den svarte natta  så spruten sto!

Gjennom dei mørke gatene, fekk vi buksert han inn på rommet, og lagt han i stabilt sideleie. Han heldt seg der i feire dagar. Det var ikkje før vi oppdaga at han hadde berre denne eine dressen som ikkje såg pen ut etter rangelen, og bussjåføren tok han med ut og kjøpte nye klede til han, at han dukka opp att.

Etter diverse vidervedigheiter, som at eg vart reiseleder da den ordentlige fekk ei svært langtrukken omgangssjuke, og måtte lede gjengen på vingårder og båtturar, med ymse resultat, får eg fortelja om ein annan gong!

Vi avslutta Tysklandsturen med messe i den norske sjømannskirka. Da skulle kirkesangeren få sin grande finale! Med seg hadde han valgt ut meg som tonefølge, og notane var klare! Det var «Norge mitt Norge»!

Eg må innrømme at ein sein kveld på ein ølhall kvelden før, satt grundig i skrotten, og både hovudet og nervane var ikkje heilt per kasse for å seia det slik. Og presten hadde akkurat avslutta ei historie frå krigens dagar. Om korset som var det einaste som sto att etter at kyrkja var bomba.

Kirkesangeren sto rett bak meg og las teksta overskuldera mi. Han var rørt av historia, og det høyrdest på stemma. Med eit voldsomt volum  som sprakk innimellom, song han med fullt kraft rett inn i øret mitt.  Han var ikkje lett å følge, med stadige tempoforandringar, og ei sterk innleving, og eg, lettare skjelvhendt, skulle bladlesa i tillegg.

Da siste strofa satt i veggen, kjendest det ut som om eit maratonløp der vi stupte over mål samstundes!

Men i mål kom vi, denne søndagen i Hamburg for over tretti år sidan, og nå er eg i mål med denne historia.

God helg alle saman.

 

 

 

 

 

 

.-

 

 

 

 

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

2 svar til Bussturen

  1. Jakob Rones sier:

    Jammen er du morsom og flink.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s