Oppsetsige bydamer og føyelege bygdejenter!

Eg har nevnt det tidlegare; vi var ikkje spesielt gudelege i barndomsbygda mi. Predikantar hoppa over Lom på si frelsningsferd gjennom landet. Det fanst vel knapt nok eit bedehus. Eller som assistenten til far min beskreiv det på eit julekort frå Jæren;

–Her er det like langt mellom kvar hedning som det mellom dei gudelege i Lom!

Men vi hadde da noko. Den tidlegare nevnte søndagsskulen hadde vi, og nesten alle som ein konfirmerte vi oss. Og kvar sommar drog vi på, av alle ting, indremisjonsleir. Den hadde ikkje noko konkurranse frå andre liknande aktivitetar, så den gudelege delen måtte du ta med på kjøpet!  Men som far vår sa;

–Det kan umugle skade å bli litte bibelsprengt, `n kæin få bruk for dæ før ein minst venta dæ!

Det fanst to. Vi ville helst til Mesnalia på Lillehammer, for der kunne du bade. Og det var det likaste vi visste. I Lom var bademoglegheitane heller små.

Men Mesnalia var for langt meinte foreldra våre, så det vart Kvam. Dit drog vi, først med buss til Otta, og tog til Kvam der vi vart møtt på stasjonen. I sekken hadde vi kvar vår nyinnkjøpte Bibel, for det sto i velkomstbrevet at vi måtte vi ha! Det var utruleg spennande. Vi vart innlosjert på firemannsrom i eit langt internat. Jentene til høgre og gutane til venstre. Og nåde den som passerte streken imellom, det var strengt forbudt!

Dei første åra var det berre moro. Vi fekk høyre historier frå Bibelen, snille historier om snille folk. På flanellografen krydde  det av hyrder med lange staver og lammungar liggande ved føtene. Det var Jesus med eit mildt blikk og utslagne hender. Det var palmer frå det gamle Jødelandet som dei kalla det, og menn på esler.  Det aller finaste var småe og lubne englar i rosa og ljosblått som såg ut som om dei flaug.

Om kveldane var det sang rundt leirbålet der leiarane spelte gitar. Leiarane var tanter eller onkler. Tante Johanne var sjefen og eg kan enda høyre latteren hennar, ho greide å le heile skalaen opp og ned! Eg har aldri høyrt slik latter sidan.

Om kveldane låg vi under dyna og las Snurre Sprett og Donald Duck-blad i eine handa, og Bibelen i den andre. Når vi høyrde steg på gangen, var det å hive blada under puta og slå opp Bibelen på ei tilfeldig side. Det var alltid ei av tantene som kom på inspeksjon.

–Er du sikker på at det er lurt å lese dette før du sovnar?

Eg hadde tilfeldig vis slått opp Bibelen på Johannes åpenbaring med ei blomstrande beskriving av Dommens endelige Dag!

Dette var dei første åra, det var da vi var på barneleir. Da satt latteren laust, og alt var berre kos.

Det varte heilt til den siste gongen vi var der. Da var vi vorte så store, at vi skulle på ungdomsleir!  Vi drog nedover, denne gongen med det Nye og Romantikk som sengelektyre i tillegg til Bibelen. Vi var ungdommar må veta!

Da vi kom til Kirketeigen, skjønte vi med ein gong at noko var forandra! Latteren sat ikkje like laust lenger. Tantene og onklane var ikkje lenger tanter og onklar, dei hadde sine eigne namn. Flanellografen var borte, og var erstatta av andakter og bønnemøter! Sangane rundt bålet om kvelden var kun av det gudelege slaget, og har var vi heller blanke.

Det fekk nok og ein liten lei start, som og gjorde at det stramma seg litt til. Det kom tre jenter frå byen dit, dei hadde ikkje vore der i tidlegare år. Dei såg heilt annlein ut enn oss, og var kledde i tøffe klede som dei i ein smule nedlatande tone kunne fortelje oss var siste mote i byen.

Dei  kom i ein snasen bil køyrd  av ein mann med buskbryn som nesten møttes på midten fordi han rynka panna så hardt! Han hadde hatt og lang frakk, og var faren til ei av jentene. Dei hadde  vorte sendt på leiren av foreldra sine for å koma på betre tanker som ei av dei sa. Kva for tanker sa ho ikkje, men dei starta med å bli teke på fersken inne på guteinternatet første kvelden. Det var det aldri nokon som hadde gjort før. Det vart telefon heim til foreldra, og ein streng advarsel samt husarrest andre dagen.

Dei slapp bønnemøtet, i motsetning til oss. Og for ei sart sjel frå ei bygd der  straff og helvetes pinsler var heller ukjente begrep, var dette ei skremmandes oppleving. Den snille tanta Anna frå året før, viste seg frå ei heilt anna side. Ho gret når ho prata om syster si som både røyke og gjekk på kafe og som kom til å havne i Helvete! Og vi som hadde ei Mor som både røykte og gjekk på kafe med nabodamene når ho var på butikken og handla.

Og onkelen som eg har gløymt navnet på, ropte og skreik og gret om ein annan, og prata noko babbel som ingen av oss hadde høyrt før. Snørr og tårer rann, og ein av dei andre leiarane måtte følge han ut. Vi høyrde babbelet bli svakare og svakare til det tilslutt vart borte langt ut på gardsplassen. Vi såg han ikkje meir på den leieren.  Det var fyrst seinare eg skjønte at dette var første og så langt, siste gongen eg har høyrt tungetale i levande live!

Om kvelden rømte dei tre byjentene sin veg, og politiet kom, og mannen i hatt og frakk, og det ble eit svare oppstyr.

Etter som eg hugsa, kom dei til rette igjen, men dei kom ikkje attende til Kirketeigen. For dei var nok toget gått, men det vart det for oss og.

Vi vart der så lenge leiren varte, men så var det slutt. Det var da eg lærte at;

Religion er ikkje til å spøke med og kan koma i alle slags former. Og at det å vera barn er noko heilt anna enn det å vera ungdom! Det er langt alvorlegar!

Nå, som vaksen, tenker eg at det er godt å ha litt av barnet i seg, og at livet er både alvor og glede! Men alt i passe mengder og til rett tid!

God helg alle saman!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s