Ryggmatisme og narkotikka

Ikkje alle framandord har alltid vore lette å få med seg. I dag er det kanskje lett, dei sviv rundt deg på alle kantar,  gjennom alle tilgjengelege medier.

Slik har det ikkje alltid vore. Kvar sommar fekk vi ein slektning på besøk. Ho kom fast når turiststrømmen tok seg opp, og vart ein månads tid i Presthaugen. Da far min var ung, hadde han budd saman med hennar familie medan han gjekk på gymnaset.

Nå fekk han betalt henne attende for alle dei tre åra han hadde budd der og fått eit godt stell.  Ho var ei artig dame som hadde svært bestemte meininger om mangt og mykje. Ho uttala seg med fynd og klem. Det var berre ei hake ved det, ho gjekk litt i surr når det kom til framandord.

Det var berre ho som ikkje høyrde det, vi ungane satt og verka rundt matbordet, og grudde oss til ho for ut på glattisen. Vi var tenåringar, og alle veit korleis det er. Alle har vel ein eller fleire gongar vorte nesten kvalt av innestengt latter der dei vaksne ser på deg med eit strengt blikk, og du kjenner at skratten tvingar seg opp og ned i skrotten til du mest skal til  å eksplodere. Så greier du og ta deg saman i di lita stund, heilt til du høyrer eit hikst frå nokon andre i same situasjon..

–Å denna fæle ryggmatismen, sa slektningen vår og gnei seg i hendene. Den var grei, det var mange som var plaga av dette, så den hadde vi hørt før.

Verre fatt var det mannen hennar, som var att ende på flatbygdene.

–Stakkar mannen min som lir så gale av angorina pæsstoris.

Ho var alltid godt orientert i tida, sjøl om var forundra over utviklinga.

–Denna fæle narkotikkan.

Ja det var mange slags bekymringar for den nye tida.

Ein annan eldre kar som brukte å koma heim til oss for å bade seg og få steikt flesk og klesvask av ho Mor, var og litt vanskeleg å forstå når han prata om sjukdom. Ein dag klaga han til henne;

–vassverket mitt stoppa å virka av og te`.  Kæ kæin e`gjerra mæ det?

Ho Mor skjønte ikkje kva han meinte, og utspørjinga hennar gjorde det berre verre. Dette var ein gamal innbarka ungkar, og blyg var han.

–Jamen du har da itj innlagt vatn du? undra ho Mor.

Han såg i golvet og skrapa med foten. Blyg var han, og vart svar skyldig.

Det var fyrst da han Far kom heim at det løyste seg. Han forsto teikninga med ein gong, og fekk stakkaren til doktoren.

Deretter bar det til fylkessjukehuset på Lillehammer med karen, og da han kom attende, var blygheita borte. Vi fekk ei blomstrande skildring av kateterisering samt andre opplevingar frå dagane på urologisk sengepost.

Far min hadde eit pragmatisk syn på sjukdom. Han kjente godt til alle uttrykk, både på norsk og latinsk, og da han fekk problem med hjartet sitt i slutten av femti-åra, fulgte han svært interessert med i det som skjedde. Han var den som var minst redd av oss alle, sjøl om det var nokre dramatiske episoder der det heldt på å gå gale med han.

Fyrste gongen han lytta på sitt eige hjarte etter at et hadde vorte konstatert at han hadde ein hjerteklaff som ikkje tetta heilt, sa han;

–Hadde detta vore ei ku, hadde e`sendt ho på nødslaktbilen med ein gong!  Det var dyrlegen som prata.

Det var godt at han ikkje var ei ku, og han levde eit godt liv i over tjuge år til!

Han hadde og eit par diagnoser som fekk Mor mi til å bli like sint kvar gong!

–Du får itj si det, sa ho.

–Det høres ut som styggord!

Det var ikkje det, men det var to ulike benevningar på diffuse magesmerter;

levverhaugg og vomrev, eller for dei som ikkje er så inne i dialekta;

Der eine er at det hogger til i levra, det andre er at det river i vomma!

Ei riktig god helg og god helse ynskjer eg alle mine lesarar!

 

 

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s