Den fyrste gong!

Det er ein fyrste gong for alt! For oss som har levd ei stund, har det vore mange slike fyrste gonger. For dei som veks opp i dag, med det mangfaldet og tilgangen til både informasjon frå alle hold, og alle slags varer vi har på alle kantar, vil det kanskje ikkje opplevast slik som det var for oss. Våre fyrste gonger i våre minne, er nok mange fleire enn det våre barn vil oppleve heile sitt liv.

Noko med det finaste med å vekse opp på sekstitalet, var at eg nå, som vaksen, hugsar kvar fyrste gong eg smakte noko nytt! Ordet eksotisk ga verkeleg meining!

Ta berre eit ord som sydfrukter; eg er sikker på at mange ikkje lenger veit kva det er. For oss var det klart; det var frukt som voks i dei sørlege strok, langt frå det kalde Nord. Vi pratar her om  appelsin og banan, og eg trur vel nesten at vi rekna druer inn i dette uttrykket og.

Far min fortalte at dei fekk ei halv appelsin kvar på julekvelden da dei var småe, og det var det!  Sjøl om dei var sju ungar i talet, skjønte vi at dette var noko dei såg fram til heile året.

Vi var nok litt meir bortskjemte, særleg rundt juletider kjøpte foreldra våre inn kasser med mandariner, som vi stappa i oss heilt til magane sto som trommeskinn og avgassane låg tunge i lufta! Og med kassane fulgte alltid forteljinga om den halve appelsina til far og søskena hans.

Han kunne og berette om sin fyrste tyggegummi, han Far. Den arva han i mellomkrigstida av naboguten, som hadde fått den av ein onkel frå Amerika. Han hadde hatt den i to dagar. Far min fekk tygge på han i to dagar, før syster hans overtok den. Om kvelden vart tyggegummien putta i eit vassglas som vart plassert på nattbordet.  Der vart det vakta over så ingen av dei seks andre ungane skulle ta den.  Andre dagen tanta mi hadde den, gjekk den i oppløysing av seg sjøl! Til stor sorg for nestemann på lista!

Bestemor mi sin fyrste tomat, var ei tomatskive oppå ei brødskive. Denne kom på bussen saman med ein slektning frå lenger sør i dalen. Ho bestemor fekk stjerner i augo når ho fortalt om kor godt ho tykte om tomaten, som kom med sukker på!

Fyrst så begeistra var han ikkje, mannen frå Vågå som fekk sin fyrste banan. Kjerringa kom springande nedover jordet til han med denne rare, gule frukta. Noko slikt hadde han berre høyrt om, men aldri sett før!  Ha tok tak i bananen og beit i den. Men fekk han tennene gjennom skalet? Nei, tenk det greidde han ikkje, vagvêren.

Sint og skuffa slengde han bananen ned i åkeren.

–Makan til seigare jævel, snøfta han skuffa, og pløygde den ned.

For min eigen del, så hugsar eg godt min fyrste melon. Vi hadde vore på Lillehammer og stramma inn tannreguleringa, og der kjøpte vi med oss ein heil melon. Vi hadde forberedt oss godt, og vi hadde lese at du skulle dele den opp i bitar og strø melis oppå.  Vel heime fekk vi vel knapt av oss jakkene før eg, med søskena mine spent sto og såg på, delte frukta i to. Dei ekle steinane i midten var ei overrasking, men ut med dei, og melonen vart fint oppdelt i båtar. Så fann vi fram melispakka og strødde det over kvar ein bit.

Alle såg spent på kvarandre og så tok vi fyrste biten på likt.

For ei skuffelse!

–Det smakar agurk med melis på!

Ja det var det det gjorde, det var ikkje godt i det heile teke.

Like eins var vårt fyrste møte med popcorn. Det har eg nevnt i eit tidlegare innlegg, men det skadar ikkje å nevne det ein gong til.

Vi var på Bogstad camping og skulle kjøpe puffa ris. Det såg litt annlein ut enn det vi var vane med, men dette var jo i storbyen. Der var det mykje som var ulikt det vi var vane med.

Med mjølk og sukker på, var smaken noko eg berre hugsar, men ikkje greier å beskriva! Godt var det ikkje, og det skulle ta meg ei stund for eg oppdaga at dette var det popcornet som vi stadig las om i Donald Duck!

Og eg hugsar godt min fyrste oliven.  På Plaka i Athen, som 18-åring på interrail!

–Tenk å har druer saman med agurk og tomat!

Den greske salaten såg fristande ut, og eg tok opp drua og beit ho over.

Sjokket over den uventa smaken gjorde sitt til at eg beit ekstra hardt,  og det resulterte i at eg mista skalet av ei tann!

Nokre år seinare var eg og mor på Kreta, saman med brodern og kone. Vi hadde benka oss til på ein taverna på stranda, og var akkurat ferdige med ein strålande middag. Kvelden før hadde vi ete på naborestauranten, og her fekk vi kvar vårt vesle glas med ein nydeleg likør på huset. Så her og.

Det var fyrste gongen mor mi smakte raki. Raki er, eller kan være, ein nær slektning av vår lokale heimbrent.  Eg har smakt mange gode raki i mi tid, men så ikkje med denne her. Og rakien på Kreta er sterk! Eg kjende på lukta, men rokk ikkje å åtvara ho Mor. Ho rende i seg drammen i den tru at det var ein søt likør.

Eg gløymer ikkje fjeset på mannen som akkurat hadde servert oss.

Rakien kom like fort ut at som den hadde gått inn! Ho Mor fresa heile glaset ut over bordet i eit einaste langt host.  Det var den fyrste og siste gongen ho drakk raki!

Eg kan hugse min fyrste pizza og min fyrste spagettirett. Eg kan til og med hugse at ketchupen kom til lands, og seinare; soya-sausen! Det er mange minner, men eg lyt spara nokre av dei til ein annan gong.

I kveld skal vi kose oss med  blåskjell, noko som eg ikkje eingong hadde høyrt om da eg var liten! For ikkje å prate om kvitvinen eg kjøper rett nedi gata på Colosseum-senteret. Det tar meg 10 minutt å gå dit.

Heime i Lom, slik frå ein femti års tid sidan, var det 18 mil til Polet, -ein veg!

Så ein kan trygt seia at visse varer ikkje lenger er så eksotiske som dei eingong var!

Da vil eg ynskje ei riktig god helg til alle!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s