Haust og nesten byllepest!

–D´er haust et ruskar ute.

Far min las frå Haugtussa av Arne Garborg.  Han var alvorleg når han las, og vi kjende stemninga i diktet. Han las om stakkars Veslemøy som elska så djupt og inderleg og så vart utsett for eit svik så stort..

Av ein eller annan grunn kjem dette diktet til meg kvar haust. Far min sa at denne diktsyklusen var det vakraste som nokon gong var skrive. Og det er og hausten, iallefall for meg.

Men hausten var ikkje berre ruskevær og diktlesning. Det byrja med skulestart.  Det var like spanande kvart år. Alle hadde mykje å fortelja, og dei første vekene i skuleåret var heilt annlein enn dei siste, dei før sommarferien.  Den gongen, slik midt på sekstitalet, vart alle ramma av noko vi kalla vårslapp. Det vart ofte forklart med at maten hadde for lite vitaminer i seg slik på seinvinteren og våren.

Om hausten derimot, når det bugna av nye grønnsaker, frukt og bær, var vårslappheita glømt.  Mødrene i alle heimar sylta og safta, og i alle helger var det å flyge ut i skogen på bærtur. Mor vår var vill etter å plukka bær, men så åt ho mest berre syltetøy på brødskiva heile året. Ikkje noko anna dugde, det måtte einast vera at ho skifta ut bæra med sirup ein og annan gongen.

Så ivrig var ho, at ho ein gong på moltemyra snubla i ei trerot og datt på hovudet ned i eit jordkveksbol. Toogfemti stikk fekk ho, noko som kunne ha fått ein anna stakkar rett inn på sjukehuset!  Så ikkje med ho Mor. Ho fortsette til bøtta var full, og bortsett frå at det såg ut som ho hadde byllepest, og var litt frøsen på kvelden, slapp ho frå det utan mein. Og fangsten, ja den var rekordstor!

Bror hennar, min onkel Ola derimot, var ingen bærsankar, iallefall ikkje etter raude bær. Han var fargeblind, og såg ikkje forskjell på blad og bær. Løysinga var å plukke dei små bæra i ein kvit kaffekopp, men det vart ikkje mengder av slikt!

På seine haustkvelder renska vi bær rundt kjøkenbordet. Ute vart det tidlegare mørkt, og lydane vi høyrde, var  vinden som ula og peip i lange drag rundt hushjørna der vi sat og kjente lukta av dagens fangst, og den vesle tørre  lyden av bær som trilla over kanten på bordet og ned på golvet.

Av og til gjekk straumen sin kos på slike kveldar, og da var det å fomle seg fram aller øvst oppe i skapet på stova for å finne fram stearinljos for å sjå. Eg har ikkje tal på alle gongane eg fekk eit kubbeljos midt i skallen mens eg sto og dingla på ein kjøkenstol framfor skapet. Men det gjekk nå bra!

I mi vaksne tid og som Mamma sjøl, har straumen i huset vårt gått ein gong. Det var på starten av nittitalet.

–Der gjekk strømmen, sa eg.

Ingrid, dotter mi var lita, og dette hadde ho aldri opplevd før.

–Hvor gikk den hen da Mamma?

Eg hadde ikkje noko svar på dette.

–Der kom ´n attende gudskjelov, sa eg der eg sto og ordna til barnefest. det var treårsdagen til jenta mi som var fødd den nest siste dagen i oktober månad.

–Men Mamma, ho var utålmodig,

–Hvor har strømmen VÆRT hen?

Strømstans er ikkje lenger kvardagsmat seinhaustes, og takk for det!

Etter at bærsesongen var slutt, var det tid for poteter! Ingen i bygda prata om haustferie, det var for byfolk!  Vi hadde potetferie! Det var lange åkrar, og stundom bratte og. Vi var på Sygard Aukrust og plukka poteter. Eldri veslesyster var ein kløppar til å plukke poteter.  Ho var alltid pliktoppfyllande og ivrig! Så ikkje med vi storsystrene, tvillingane! Vi plukka med halv fart og vel så det, og hadde eg vore bonde og leigd meg sjøl i dag, hadde eg nok sparka meg sjøl like for ut av åkeren!

Nå er det haust, og det er noko så sanseleg med denne årstida. Anten du vassar i gult lauv, eller regnet høljer ned, eller at du står opp til ein klar haustmorgon med isblå himmel der du kjenner året si første kulde bite deg litt i kinnet, eller at det plutselig kjem ein ettermiddag der sola varmar og du kjenner at sommaren ikkje vil sleppe taket riktig enno..

Og så veit du at om litt, når nettene blir mørkare og mørkare og dagane blir kaldare og kaldare, så kjem førjulstida med alle forventningane til jula som snart skal koma!

Dette er min haust slik eg ser den, kvart år. Alle har vel sine årstider som dei likar best, og for meg er det hausten! Så takk for at du vil dele desse betraktningane med meg kjære lesar, og ha ei riktig god helg alle saman!

Og her er diktet, like vakkert som eg hugsar det;

 

«Veslemøy ved Rokken»Arne GarborgD’er Haust. Det ruskar ute
med Regn og kalde Vind.
Smaafuglen flyg mot Rute
og vilde gjerne inn.
Men under Omnen god,
der ligg paa Sekkje-Pute
han gamle Mons i Ro.Der ligg han trygg og drøymer
Og blinkar stilt og smaatt
og alt i Verdi gløymer
og hev det varmt og godt.
Og segjer ingin Ting,
men liksom inn seg gøymer
med Rova sveipt i Kring.

Som Silke-Nøste fine
han ligg i mjuke Skinn
med Svevn i kvar den Mine
og alle Kløar inn.
Og glyrer likesæl
med kloke Augo sine
og murrar smaatt og mèl.

Skal vìta kvar du vankar
i blide Draumar no?
Kann hende dine Tankar
seg svæver lint til Ro
i gamall Minne-Krins,
som stilt i Hop seg sankar
fraa den Tid du var Prins?

Venaste Prins i Verdi
du gjekk i Skogen grøn
med Gullhaar yvi Herdi
og ung og keik og kjøn
og tenkte paa den Møy
som gjekk og henta Bæri
so vide under Øy.

Daa kom den Trollheks blide
med Sving og Sveiv og Svins
fraa Trolleheimen vide
og saag den vene Prins.
Men skræmd han fraa ho skvatt.
Daa las ho Trollbøn stride
og gjorde han til Katt.

Sidan so vidt han flakkar
igjenom Skog og Skar,
langt yvi Berg og Bakkar,
og kjem til okkons Gard.
Her kann i Ro han døy.
Her vil han kvile, Stakkar,
og tenkje paa den Møy.

Aa hu! det ruskar ute
med Regnvind sur og graa;
Smaafuglen flyg mot Rute
og liksom bankar paa.
Men under Omnen god
du Mons paa Sekkje-Pute
skal drøyme lognt i Ro.

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

3 svar til Haust og nesten byllepest!

  1. Marthe engum sier:

    Kjenner så godt att hausaktivitetene frå «gamle dager» -artig å lese! God helg,Anne!

  2. Jakob Rones sier:

    Du skriver godt Anne, men våren er min tid.

  3. anneaukrust sier:

    Ja, vi har alle ulike årsider vi liker best, og det er jo flott å bo i et land der det finnes ulike årstider!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s