Slåsskamp og gammeldans!

 

Vi var fire ungar heime. Tvillingsyster mi Torunn, og eg var dei første. Ho var eldst. Det heldt ho mot meg i tide og utide, sjølv om det berre var ti minutt som skilde oss.

Fire år etter oss, kom veslesyster vår, Eldri, og åtte år etter ho, kom sistemann, Bjørn Ola. Han var så mykje yngre at han slapp unna feidene vi jentene hadde.

For vi kunne slåss. Vi rauk saman for det minste, så det høyrdes både vidt og breitt. Av og til vart vi så sinte at vi vart redde for den andre. Da var baderommet godt å ha. Det var det einaste rommet i huset med lås. Kom du deg inn der med ein av dei andre halsande etter og fekk låst døra i siste sekund, var du trygg. Da var det berre å sitja der til alle hadde kjøla seg ned.

Baderomsdøra har den dag i dag merke etter kanten på litermålet som eg kasta etter syster mi. Den skarpe kanten bora seg inn i døra. Litermålet var i bruk i mange år etter dette, men utan den breie foten, hadde det alltid ein lei tendens til å velte og slå innholdet ut over kjøkenbenken.

Litermålet var ei type våpen, men det våpenet som gjorde at du uansett vart den som fekk siste ordet og som hadde utan vilkår den største makta, var kveksen som vi sa, til far. Hadde du den, var du udøydeleg.

Dette var eit lita firkanta instrument, ikkje større enn at du fint kunne ha den i neven. Det vart brukt til å få liggjande kyr med mjølkefeber til å reisa seg. Det vesle og tilsynelatande instrumentet var eit uslåeleg våpen. Det var straumførande! Det  slo bein under alle argument. Du gjorde kva som helst for å sleppe.

Kvar torsdagskveld bada vi i badekaret. Da sloss vi om å få vere den som slapp å ligge nærast krana.

Mormor kom nokre gonger i året på besøk. Ho kom med buss og tog frå Trøndelag. Når vi sloss som verst, vart ho bekymra;

–Det må værra vikingblodet, sa ho.

Vi skjønte alle at ho nok meinte at vikingblodet var sterkt i Lom. Innlandet i Lom hadde vel ikkje så store tradisjonar for sjøfart, så det måtte vel vere nokså langt mellom kvar viking her iden tida det sto på som verst. Trøndelag, har eg høyrd, skal nok heller ha fostra mang ein stor vikingson.

Men vi var ikkje  alltid uvener. Vi kunne og ha det riktig triveleg. Særleg når vi samla oss rundt radioen. Kvar laurdag var det først barnetime. Da fekk vi godteri, og satt med stive øyro og lytta. Etterpå var det gamaldanshalvtimen. Da brukte heile familien å danse saman.  Foreldra våre såg lykkelege på kvarandre, og sukka tilfreds over den gode atmosfæren!

Og på søndagane var det ønskediktet! Det var og eit program vi alle høyrde på. Og rundt radioen var det alltid fred.

Men det beste av alle, det var Alf Prøysen og barnetomane hans om Grautgramsen! Da venta far min alltid med å køyre ut i praksis før Alf Prøysen var ferdig med å fortelle om Grautgramsen, som måtte vera noko ualminneleg glad i graut.

Så slik var det i barndomen min. Nokså normalt skulle eg tru. Eg kjenner søskenflokkar som slåsst som oss, andre som slåsst meire, og nokon som nesten ikkje slåsst i det heile teke. Og slik var det da, og slik er det nok å også.

Men det eg hugsar best, er ikkje slåsskampane.  Vi var for det meste venner, og eg hugsar  dei fine stundene vi alle sat i sofaen og høyrde på når far vår fortalte om då han var liten. Da sat vi som tende ljos og høyrde alt det han hadde funne på!  Og dei kunne slåss!  Sju søsken var dei, og vi var småjenter i forhold.

Mor vår, derimot, hadde berre ein gror som var ni år eldre. Dei slåsst aldri, det var iallefall det ho sa!

Vi var vel ein stad midt imellom kan eg tenke meg.  Med andre ord, nokså normale i vår omgang som søsken flest.

Og som vaksen er det dei fine stundene ein minnast, og det var mange av dei.

God helg til alle mine lesarar fra London, her eg er samn med dotter mi og koser meg!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s