Fysisk fostring

Fysisk fostring kom i skippertak. Det kom og med nye tider. Brått var det noko  som kom til bygda, og som lova deg eit nytt og betre liv.

Far min kom ein gong til ein gard.  Ute på gardsplassen sto sofaen og salongbordet oppstilt. I det same kom kjerringa ut gjennom døra, sveitt og varm medan ho prøvde å dra ein diger lenestol ut gjennom utgangsdøra.

–Står døkk på flyttefot? sa far min.

–Nei, sa kjerringa og tørka sveitten,

–´N Ola vil gå ned i vekt og så ha han kjøft se ein slik innesykkel døm si, så e´må rydde stuggu så n´fæ færra ront.

Ergometersykkelen var komen til bygda.

Det gjekk i skippertak. Brått kom det noko til bygda som fleire hoppa på og kjøpte. Rockeringen kom midt på sekstitalet. Den fekk ei heller kort levetid. Den som alltid var der derimot, var Reidar Morseth, trønderen som kvar morgon hadde morgenstrekken på radioen. Han lærte bort enkle øvelser og tralla og song saman med pianisten sin.  Etter at han hadde forklart øvelsa, var det berre å stramme seg opp og vente på at pianoet skulle spela.

–og køyr, sa Morseth.

Og halve Norge bøyde til sides og fram, dei tok hendene i golvet og strekte dei mot taket og neia og bukka og i det heile teke; dette var det vi kalla fysisk fostring i praksis!

Mor mi var ikkje oppteke av fysisk fostring, ho hadde gode gener og ein svært tøyeleg skrott. Ho var mest som ei filledokke, ho kunne legge fotblada nesten opp på nakken til langt etter at ho var pensjonist. Kanskje var grunnlaget lagt da ho som ung jente var med i Orkdal turnforening. Der var ho på landsturnstemne og vart utplukka til å demonstrere sidebøyinger! Det var nok enden på turnkarriera, men det var ikkje lite berre det!

Elles brukte ho alltid å si at;

–trening er oppskrytt.

Men eg såg ho springe ein gong! Vi hadde vore på Lillehammer og stramma opp reguleringa på tennene våre, Torunn og eg, og på veg heim, stoppa toget på Ringebu.  Mor kasta eit blikk ut på perrongen, og kasta seg rundt. Ut fôr ho, ho vart borte på ein blunk, som om ho var Bippe Stankelbein frå Snurre Sprett-blada, og i det neste såg vi at ho kasta seg over ei ung jente. Denne jenta hadde tuppert platinablondt hår med mørk utvekst, kvite, blanke crushlakkstøvletter med snøring og eit miniskjørt av det aller kortaste slaget.  I neste nå såg vi til vår forskrekking at ho Mor bøygde saman den stakkars jenta på midten slik at ho vart omtrent dobbel, med hovudet ned over knea.  Jenta og ho Mor var vel like sjokkerte tenkte eg, og heile seansa vara i nokre forferdeleg lange sekund.  Så retta jenta seg opp att, og vi såg at dei prata saman.

Ho Mor kom inn att akkurat i det toget skulle til å køyre ut frå stasjonen.

–kåffår ha ingen sagt at kvit lebestift er blitt modderne? sa ho andpusten og seig ned i setet.

Det var sjukepleieinstinktet som vakna da ho såg jenta som i hennar verd akkurat skulle til å besvime!

Ho likte seg best i sofakroken med håndarbeidet sitt.

Far min, derimot, var ein ivrig sportsmann heile livet. Heime på Sygard Aukrust hadde hoe Bestemor eit utklypp frå Aftenposten. Det omhandla Holmenkollstafetten, og der sto det;

–For Lom stiller de to sterke brødrene Sylfest og Jo Aukrust.

Vi ungane var nok mest like mor vår. I barneskulen hadde vi kvart år skøyteløp på idrettsplassen i Grov. Fyrste gongen gjekk eg og Torunn tvilling i par. Ho vart liggjande nokre meter bak, så da eg nærma meg mål, stoppa eg og venta på ho! Vi gjekk hand i hand over mål!

Konkurranse-ånden var ikkje vår sterkaste side, og idretten har fått vore i fred for oss. Til far vår si store fortviling, greide han å oppfostre fire sofagriser!

Denne helga derimot, skal eg hjelpe til med flytting, og det blir vel trim nok for min del!

Ha ei riktig fin helg alle saman, og nå er ferien over, så det blir nok nye innlegg kvar fredag!  Takk for at du leser bloggen min!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s