Søstrene Candy-sugar og illsinte damer!

 

Dette hende ein gong på slutten av syttitalet. Hippitida var i friskt minne. Om kveldane  drakk vi bøttevis med urtete og løyste verdsproblemer ikledd lange flagrande klede, og brende stearinljos. Vi song kampsongar og politisk korrekte viser, og det året var det nordnorske visesongarar som var i vinden. Kvar du kom frå, var viktigare enn kvaliteten. Likevel, søringar til tross, greide eg og syster mi å karre til oss eit aldri så lite oppdrag.

Denne kvelden var i byrjinga av mars. Første mai og åttande mars vart feira skikkeleg.   Vi skulle på Club7 og feire kvinnedagen. Denne kvelden var det berre  kvinner som slapp inn, ein stor mannevond lapp var klistra opp på døra. Nåde den mann som prøvde seg.

Stemninga inne i salen var raudglødande. Mannehatet  sto i taket. Festen opna med eit brennande innslag frå lesbiske mødres foreining. Etter dette var forsamlinga klare  til å myrde den stakkars mannen som måtte våge seg inn.

Neste post på programmet var tvillingsystera mi og meg. Vi var hyra inn for å lette på stemninga med ein song, ”Have I told you lately that I love you”.

Det var ein parodi, vi hadde lært den frå mor vår si gamle Jim Reeves-plate. Vi sklei på tonane, og song i tersar med eige akkompagnement, eg på piano og Torunn på gitar.

Vi vart introduserte som ”the Candy-sugar  sisters”.

Skjelvande i beina gjekk vi opp,  påvirka av stemninga, og lettare skremt.  Viss salen ikkje forsto at det var ein parodi, ville det ha blitt eit sosialt sjølvmord. Med den stemninga som var  i salen da vi gjekk opp til scena, kunne alt skje.

Det høyrer med til historien at eg både den gongen, og nå er og har vore opptatt av likestilling. Dette var noko anna, ei opp-piska stemning for å si det slik, og eg har korkje før eller seinare vore med på eit slikt felles illsinne.

Men vi gjorde lykke, og takk for det. Vi kom frå det både med livet og æra i behald.

Fullt så godt gjekk det ikkje med mannen som ei tid seinare forvilla seg inn i salen.

Han slapp, heldigvis for han, frå det med livet!

Men du verden så fort han sprang!

Da seier eg med dette god helg og god sommer til alle. Eg tek ei pause til over sommaren, men kjem sterkare att til hausten. Det kan kanskje vera at eg får tid til ei lita historie innimellom, det vil tida vise! Og takk for at akkurat du les bloggen min. Det set eg stor pris på!

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s