Mor til minne del to

Ein dag sto det i korpsbladet, bladet som alle vi heime venta spent på og las i filler;

«Aase Aukrust, Norges første kvinnelige korpsdirigent”.

Under var eit bilete av Mor, og ei lita tekst under. Gjett om vi var stolte.

Etter at eit par år var gått og korpset var iferd med å bli eit godt korps, kom det ein mann frå Vestlandet. Jostein Fikstvedt, den nye organisten i Lomskyrkja. Han hadde og ansvaret for musikklivet i bygda, så nå vart dei to. Det fyrste året var Mor ansvarleg for korpset, men etter at året var gått, samarbeidde dei. Dei delte jobben fint, anten dei hadde kvar si gruppe, eller mor tok over når han spelte i kyrkja. Ho var levande interessert i musikk og særleg korps. Ho sto på stovegolvet dirigerte store konsertar som vart spela i radioen, det var fin trening. For oss barna var det ikkje alltid like morosamt når vi var i tenåra og hadde med vener heim.

Så ivrig var ho, at ein gong ho kom på øving og tok av seg vinterkåpa, hadde ho kjøkenforkle på seg under kåpa og over kjolen!

Det var ei anna episode som har brent seg fast. Vi var i Trondheim. Syster mi og eg hadde gått den lange vegen opp i toppen på Nidarosdomen og sto og såg utover. Under oss var det noko som skjedde. Det kom fine svarte bilar som slepte ut militære med breie band og mange stjerner. Dei gjekk i gåsegang inn mot eit militærkorps som spela til ære for dei høge herrar. ”Ser du det same som eg”? Sa syster mi. Framfor dei stramme mannfolka kom det ei dame i fullt firsprang med håndveska bak seg. Det var ho Mor som hadde høyrt korpsmusikk. Ingen stoppa henne, og ho sjølv forsto ingenting da dei gjorde stram givakt for henne. Seinare viste det seg at det var eit NATO-møte.

–Vi står her litt til, sa syster mi.

Vi venta til møtet under oss løyste seg opp for vi våga oss ned att.

Ho Mor tykte at det var eit av dei beste korpsa ho hadde høyrt.

Eller på ein Oslo-tur der ho nesten sprang ned ein ung mann i uniform.

–Kvar er resten av korpset ditt?

Han var aleine, sjokoladeguten frå Freia sjokoladefabrikk som selde godteri til kinogjengarar. Etter at Fikstvedt og ho mor hadde hatt korpset saman i nokre år, fekk han permisjon for å reise til Oslo og studere. Den fyrste hausten han var borte, bestemte styret at alle 25 aspirantane skulle inn i hovedkorpset. Bøverdalen, Garmo og Lia hadde kome med dette året, så rekrutteringa var rekordstor.

For andre gong i si korpskarriere, var ho mor nett ved å gje opp. I si fortviling, sto ho og såg på alle instrumentkassane som sto i gangen før øvelsa. Det var så mange som ikkje riktig enda var klare for dei musikalske utfordringane som venta, at ho ikkje visste kva for ein ende ho skulle starte i. Det var da han Kjell Nyhus kom forbi. Han var lærar og kjende godt til ungeflokken. Ho klaga sin nød til han. Han handla resolutt, åpna døra og gjekk inn. Med ei høg og bestemt stemme, som gjorde at all prat og leven stilna av, sa han:

–Døkk skal veta at ho Aase er den einaste som kan ta over korpset her i Lom. Hvis døkk ikkje no held fred, så blir dette slutten på all speling.

Det hjalp. Dei største i korpset var og motvillige mot å få inn alle dei små. Det var da ho Mor kom på å rådføre seg med dei eldste av musikantane. Ut av dette sprang ideen om at dei store skulle lære opp dei små. Etterkvart kom Paul Gunnar Lien som organist istaden for Fikstvedt. Han hadde ansvaret for aspirantane og var svært dyktig med dei små. Han hadde og ei gruppe av dei store, ein oktett kalla ”dei åtte små”. På dette viset ordna alt seg til det beste for alle, og korpset vart betre og betre. Tilslutt var det eit stort korps på 56 musikantar.

Høgdepunktet var stemne på Otta. Her kom vi ein uværsdag den 18juni i 1972. Fana heldt på å reise i Gudbrandsdalslågen da toget gjekk over brua. Scena der dei ulike korpsa framførte særnumra sine, hadde ei presenning til tak. Den vart etterkvart eit ikkje heilt lite basseng, oppfylt som den vart av regnvatn. Eit av korpsa var uheldige, og var midt inne i ein feiande marsj som drukna då presenninga sprakk midt i codaen. Eit anna korps var meire heldige med det vi får kalle uforutsette hendingar. Dei hadde vel mildt sagt bomma stygt på reportoaret. Lysta var større enn evna, for å si det slik. Nummeret dei hadde valgt, er eit av dei varaste og mest gjennomsiktige stykkene i heile musikklitteraturen. ”Air” av Bach.

Det gjekk så gale som det kunne gå. Om starten var urein og ille, vart det ikkje betre etter kvart. Det vart berre verre og verre, og tilslutt var det så ille at det nesten ikkje var til å stå ut. folk vrei seg på stolane sine, og ønskte at den uendelege songen ville slutte.

Dei vart bønnhøyrde, for det var da toget kom! Eit uendeleg godstog med mange tomme og skramlande vogner som overgjekk dei stakkars musikantane. Og da siste tone kom, var det att berre ei vogn. Ingen, hverken musikantane eller publikum, ba om reprise, sjøl om det meste av musikken drukna i toget. Alle var like glade for at det var over.

Men da Lom kom, med alle sine 56 musikantar var været stilna av, og for ein konsert! Etterpå sa ho Mor at ho der og da kjente at ho kunne gjera kva ho ville med korpset, alt var perfekt! Det kom over henne den same kjensla som ho hadde då Ford nokre år tidlegare hadde trylla tonanae ut av oss. Berre at det no var hennar tur til å trylle. Men ho hadde ikkje greidd det utan dei 56 medspelarane sine. Edle Sevilhaug var og ein fin hjelpar. Ho var lærar og hadde ei brennande interesse for musikk. Dei to hadde og eit godt samarbeid.

Fikstvedt kom etterkvart att frå den store byen med organisteksamen i kofferten. Han og ho mor samarbeidde i nokre år til. Ho gav seg som dirigent i 1979. Det halvanna sekelet ho var dirigent, var ei minnerik tid, ei tid ho seier at ho alltid ser attende på med glede. ”Det eg gav ungane i form av musikkopplevingar, gav dei attende i mangfold. Så til alle som har spela med meg vil eg seie at det dykk gav meg gjennom alle desse åra, er ei av dei beste gåvene livet har gjeve meg”. Og så, vil ho få spesielt framheva samarbeidet med Tore Teigen og Gudrun Grande.

Desse to var til uvurderleg hjelp for henne, slik at ho kunne få konsentrere seg om det musikalske, medan dei tok seg av alt det andre. Dei andre støttespalarane er sjølvsagt ikkje gløymt, dei var og mange. Så er det sagt, og historia om ho mor, ”Norges første kvinnelige korpsdirigent”, sett på trykk I anledning 50-års-jubilumet vart ho æra med Sølvtrompeten den største  hedersprisen frå Norges Musikkforbund.

Eg minnes ho mor der ho med liv og lyst dirigerte korpset. Eg ser ho for meg når ho sat heime ved kjøkenbordet og bladde i partitur og dirigerte for seg sjøl, eller når ho dirigerte dei største verka framfor platespelaren, og berre tok ei lita pause når vi kom inn, for å seie;

–E` de` itj fint?

Eg minnes ho Mor når ho tok fela og eg pianoet, og vi spelte polsdansen etter morfar, eller Czardas det Monti. Ho favna over eit vidt repertoir. Eller når vi song fleirstemt heile familien, og Torunn drog fram gitaren og spelte til. Og av og til fall han Far inn på munnspel. Og det var og eit og anna blåseinstrument som ein av oss trakterte.

For to jular sidan, kom Ingrid dotter mi heim med kjæresten sin som er engelsk. Vi drog alle heim til mor i Lom og feira jula der.

Da han kom attende til London, kunne han fortelje til sine foreldre;

–they are like the bloody von Trapp-family!

Og for oss som er oppvokse på sekstitalet er det berre å seie: «Sound of music», filmen om, -nettop von Trapp-familien.

Så ho gav musikken vidare, det er ingen tvil om det!

Under følger hennar glansnummer, variasjoner over «Eventide», den vi på norsk kallar «o bli hos meg». Det er ikkje riktig den same utsetjinga, men den er den eg fann som liknar mest den som korpset spela i si tid!

Og om dirigenten er borte, så lever likevel musikken vidare!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier, Musikk. Bokmerk permalenken.

2 svar til Mor til minne del to

  1. Trine KristinGrøthe sier:

    Som jeg gleder meg over det du skriver 🙂 Tusen takk !

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s