Chiffonskjerf og sebraer

Siste blogginnlegg slutta med at eg og syster mi fekk hår først når vi var tre år gamle, og det har eg tenkt å seia litt om i dag. Da det endelig grodde fram nokre fjon, etter at vi i tre år hadde vore skalla og foreldra våre hadde byrja å tenkt at vi skulle bli slike for evig og alltid, kom håret fram. Og det var ikkje kva som helst slags hår, det var illraudt!

Det ligg meg difor naturleg litt på hjartet, denne saken, det å vera raudhåring. I dei dagar, da vi vart fødde, var det å ha raudt hår ikkje spesielt fint eller spanande. Som to utropstegn kom vi, syster mi og eg.  Og vi bar det med oss, ein skavank som til dømes bestemte kva for fargar du kunne bruke. Det var to fargar som gjaldt, blått eller grått, og kanskje grønt.   Alle fargar med raudt og gult i seg kunne ikkje vi bruke. Og det er mange, alt frå brunt og oransje, til gult og lilla.

Og så kunne ingen rauhåringar ha langt hår! Og grunnen; det vart alt for dominerande! Men slik var et den gongen, og det var ikkje berre foreldra mine som meinte det. Det var opplese og vedteke. Veslesyster vår Eldri, hadde lyst hår. Og ho fekk ha det laangt. Det var til å bli grøn av misunning. Smilehol hadde ho og. Vi hadde hol i haka. Det er stor skilnad på dei hola, det veit eg alt om. Eg som sat med ein spiss blyant i kvar kjake og håpa på å få dei same smilehola! Dei vara i to sekund og ikkje eit heilt liv slik som eg håpa.

Og så var det fregnene da. Dei får du på kjøpet som raudhåring. Eg ynskte alltid å bli solbrun, og drøymde om at alle fregnene skulle smelta saman. Men det var ikkje håp. Fregnane sat der, oppå den kvite huda.

–Har du sola deg gjennom ein sil, eller

–har du spytta snus i motvind?

Og vi las ukelad som var fulle av gode råd for å bli kvitt styggheita. Vi låg med agurkskiver klistra rundt heil fjeset, vi blanda gjær og sitron i ei smørje som vi klinte på oss, og som sprakk og datt av alt for tidleg når vi lo av kvarandre!  Til inga nytte, fregnene satt som fastspikra!

På prøvebilete frå fotografen sto det: –Fregner og andre skjønnhetsflekker retusjeres ved det ferdige resultat. Så det fanst da ei råd for å bli kvitt dei, men den fanst i glas og rame, og ikkje i den verkelege verda! Og med raudt hår kom kvit hud, viss ein ser bort frå dei forhatte brune flekkane!

Dette var før solfaktoren kom til landet vårt. Vi fekk da farge i sola, men den var raud, illraud og brennande. Eg har ikkje talet på alle gongane det kjendest ut som om du sto i brann til kvelds. Ein gong, etter ein dag i påskefjellet gjekk det verkeleg gale for min del. Om kvelden trutna heile fjeset mitt opp, og det spratt fram vassblemer overalt. Eg sto i to dagar med andletet inn i fryseboksen, det var det einaste som lindra noko. Eg drakk supe gjennom sugerør, og doktor Andersen meinte at eg kom til å få varig mên. Foreldra mine var utrøstelege, og livredde. Men det gjekk bra, sidan den gongen har eg aldri vorte solbrent i ansiktet, så det var nok ein riktig hestekur.

Etter dette, las foreldra våre ut at raud chiffon stengde sola ute, så da gjekk heile familien på tur i påskefjellet og såg ut som om vi hadde vår eigen religion, -tildekka med gjennomsiktige raude chiffongtørkler alle saman!

Men så kom solfaktoren, og første gongen far vår brukte den, såg vi alle kor effektiv den var. Han la ut på fisketur ein varm sommardag. Solfaktorkremen kom i ei stor stift, og ho Mor drog den att og fram over heile ryggen til han Far. Litt rask på labben må ho ha vore, for da han kom heim at om kvelden såg han ut som ein sebra! Like kvit som han var om vinteren der stifta hadde treft, og med illraude striper innimellom!

Nå ser det heldigvis ut til at vi snart kan dra fram solkremen att, etter som sommaren er komen til landet! Og godt er det! Og god helg til alle mine lesarar. Kos dykk i sola med solfaktor hvis den er der du er. Hvis ikkje, kos dykk likevel!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s