Familiefordobling på eit døgn!

Eg og tvillingsystera mi, Torunn vart fødd på Orkdal sjukehus den 9 september 1956 ein månad for tidleg. To veker før hadde doktoren høyrt to fosterlydar, og det gjekk opp for alle at ho bar på tvillingar. Ikkje noko bombe akkurat, sidan magen hennar var som eit fjell. Ho kunne bruke den til skrivebord.

Da satte ho nasen nordover til Orkdal sjukehus i si eiga heimbygd. Der var dei betre rusta til å ta imot tvillingar enn fødestova på Lom helseheim. Sidan har eg heile mitt liv sliti med å forklare at fødestaden min er ein plass eg aldri har budd.

Der vart vi fødd ei onsdagsnatt i september, og hadde eg komme ein liten halvtime seinare, hadde vi fått kvar vår gebursdag.

Far vår var att i Lom, og da det kom bud om at han hadde vorte far til to jenter, sette han seg i bilen og køyrde nordover.

Fyrste stopp var på Otta.  Her hadde han bestilt og henta ein diger rosebukett. Han hadde på forhånd spurt gartneren kor mange roser han trudde eit tvillingpar fortente.

Så drog han over Dovrefjell med 60 roser i bilen.

Det fyrste gongen han såg oss, fekk vi begge plass i ein svær doktorneve. Vi var fødd ein månad for tidleg, og var små og skrukkete. Vi var begge hår- og tannlause, og hadde eit visst gammelmodig drag. Far vart nokre dagar saman med den nye familien sin, som brått hadde vorte dobbelt så stor.

Da han satte nasen sørover att, hadde han full-lasta bilen med ripssyltetøy frå Mormor. Noko hadde gått gale under hermetiseringa, det gjekk ikkje likare til enn at nokre glas eksploderte i ei illraud og  seig masse som breidde seg overalt både i bilen og på far vår.

Dette skjedde like ved ei bru. Far min kasta seg ut av bilen og bykste nedover skråningen for å hive seg i elva. Der spente han i forfjamselsa foten inn i ei rot, og ramla så lang han var rett opp i ein haug med oske.

Etterpå såg ut som om han kom rett ut av ein gamal westernfilm der dei rulla folk i tjære og fjør!

Seinare i livet takka han nei til å frakte med trøndebær sørover,  med unntak av molter.

Heime i Orkdal sat Mor og Mormor att med oss to.

Mormor var skeptisk, vi var så små og skjøre.

–Dæm går av, sa Mormor.

Alle ribb-beina såg ut som dei låg utanpå, og vi var ljosrsraude og gjennomsiktige. Men vi kom oss fort, og etter eit par veker var vi klare til å reise heim til Lom.

Der gjekk det ikkje lang tid før vi tok att andre på vår alder. Det var berre eit problem, vi fekk ikkje hår.  Det tok tre år før dei fyrste fjona viste seg. Men da kom det sanneleg illraudt hår, som to utropstegn i ei slekt der ingen hadde nokongong hadde hatt eit slikt topplokk!

Og den gongen var det ikkje berre berre å vera raudhåring. Da eg fekk ungar tretti år seinare var dei glade for at dei begge hadde gullhår! Så tidene forandrar seg!

Og eg takkar av for denne veka og ynskjer alle ei riktig god helg!

 

 

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s