Den ytterste dagen!

Verda var så uendeleg stor da eg var liten.  Store deler av ho hong på veggen i klasserommet vårt, og det var heilt utenkeleg at nokon av oss nokon gong skulle komme til å reise til dei ytre delane av den store rullgardina som verdenskartet var.   Når Marianne lærar drog ned kartet til det dekte tavla, sat vi med store augo og såg på dei ulike landa langt borte.

Det fanst eit anna kart og, bak verdensatlaset.  Det vart brukt når vi hadde bibelsoge. Det var kart over det gamle Palestina, slik det var på Jesu tid. Nedover landet rann Jordanelva, den mest krokete elva i heile verda, fekk vi høyre. I det gamle testamentet sto det om  om Josef med dei leie brørne som kasta han i ein brønn. Og vi høyrde om Isak og Esau, og Kain og Abel.  Visst sloss vi ungane med kvarandre heime, i alle hus var det søsken som krangla og sloss både seint og tidleg.  Men vi var for det meste vener. Ikkje slik her, dette var noko anna.

Eg veit ikkje korleis dei andre ungane hadde det, men sjøl om vi i Lom ikkje var utsett for dei store frelsningane og omreisande predikanter, det fanst vel knapt eit bedehus, så var det historier frå Bibelen som skremte vettet av meg som var ei sart sjel.

Det var noko som var verre enn broderdrap, sjøl om det og var skummelt.

Domedag.  Berre ordet fekk meg til å hoppe høgt.

Det skulle starte med eit voldsomt jordskjelv som fekk himmelen til å revne, slik at alle dei som ikkje lenger var levande, skulle ramle ned på jorda, og bak dei, bak dei kom Gud sjøl. Så skulle vi stå der da, medan det regna med døde folk, og Gud skreik ut namna på dei som skulle koma til himmelen. For dei andre, dei som ikkje trudde nok, venta det ei uviss skjebne. Eg sjøl prøvde så godt eg kunne å tru slik at når tida kom, kunne eg vende nesen oppover. Men eg var ikkje sikker på om det var godt nok.  I femte-klasse var det eit eige kapittel i kristendomsboka (bibelsoga skifta navn til kristendom i fjerde klasse) som handla om Domedag.  Eg rekna meg fram til datoen vi skulle ha dette kapittelet, og da eg og syster mi var på Lillehammer og regulerte tennene våre ein gong i månaden, fekk eg tilpassa timen denne månaden så eg slapp vera på skulen når det var tid for å lære om denne ytterste dagen!

No for tida har vel ungane knapt nok høyrt om Domedag, men den gongen fanst den overalt, berre du var vâr for det. Tid om tid vart den og spådd, og det fekk du lese om både i Gudbrandsdølen og Nationen.

Eg går ut frå at alle ungar har noko dei er redde for, anten det er krig eller sjukdom eller død.

For meg var det ingenting som var så skummelt som denne dagen.

Men heldigvis, alle tider har sin skrekk! Denne var min, men den er heldigvis gått ut på dato!

Og som eg har sagt før, -alt til si tid, og godt er det!

God helg!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s