Sanning og løgn

Som liten trur du at dei vaksne skjønar og veit alt. Dei er umoglege å lure, sjøl kor mykje du prøver. Det er iallefall slik eg hugsar det.

Men av og til var dei vaksne rare.  Da var det som om dei prøvde å lure oss. Du fekk som regel ikkje svar på det du spurte om, eller så sa dei;

–du skjønar det når du blir stor.

Vi hadde om reklame i fjerdeklasse. Vi skulle lage noko så fint som ein collage! Det var slik eit flott ord, og collagen vart fin den. Det mangla berre ein liten firkant i nederste hjørnet, så var heile arket fylt! Vi leitte gjennom både blad og aviser, og der var den! Ei lita unnseeleg annonse langt bak i Nationen, heilt perfekt i storleik. Den vart klipt ut og limt over den siste kvite biten på den store, fine plakaten.

Hygieniske artikler, sto det.

Vi var litt usikre på kva det var, men Jakob visste råd.

–Såpe, sa han skråsikkert.

–Hygiene betyr å vaske se`.

–Men kæ`æ` diskret forsendelse, undra eg.

–O` bli sendt gratis , sa Jakob.

Litt rart, for adressa var i Storgata i Oslo.

Marianne lærar kom for å sjå over, og vart stram i maska.

–Denna må burt, sa ho og sette fingeren på såpereklama frå Oslo.

Vi skjønte at det ikkje nytta å spørja om kvifor. Det var berre slik det var, når vaksne folk fekk den mina, visste du at du måtte vente til du vart vaksen, og da kom svaret av seg sjøl.

Så det var berre å lime noko over, og det einaste vi fann som passa, var LUX såpe som  lovte deg at  «9 av 10 filmstjerner brukte».

Likeeins var det med bildet av dama som sto på eit bord og  fekk lagt opp skjørtet sitt av ei blid og smilande sydame.

Du trenger aldri mer å være redd for vond lukt, sto det.  Og under, med store bokstaver

OB gjør deg trygg.

Det einaste  vi var trygge på i så måte, var at vi med tida til hjelp skulle få veta kva dette var. Og det stemte!

Av og til var det som om dei vaksne ikkje sa alt.  Det kunne vera noko vi gjorde eller ikkje gjorde, og som berre var slik det var.  Å hoppe på ski for jenter var ein slik sak. Ikkje alle mødrene, men nokre, meinte at hoppa du for mykje på ski som jente, kunne det enda med at du ikkje kunne få barn når du vart vaksen. Det var berre slik, forklaringa fekk vi aldri!

Og så fanst det så mange ulike forklaringar på korleis vi vart til. Nokre mødre prata om storken, mens andre prata om at fedrane fekk nokre slags frø på sjukehuset, som var sådd i mødrene sine mager, omtrent som når vi sådde gulrotåkeren om våren! Korleis det var gjort, var det ingen som visste. Lærarane hoppa elegant over temaet, og teoriane blant oss i ungeflokken, var mange.

Eg hoppa mykje på ski som unge, og det gjekk bra trass i kva vi høyrde. Nå har eg sjølv to kjekke ungar. Så noko av det vi lurte på som ungar, fann vi ut med tida.  Teoriane om skihopping og befruktning derimot viste seg å vera løgn og fanteri!

God helg til alle!

 

 

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s