Syndige farger og kvinnevonde hårtørkarar!

Denne veka tenkte eg at eg skulle skrive om nokre apparat eller maskinar som med tida har forandra seg. Og om nokre ord som med tid og stunder har vorte borte og nå lever berre  i minna våre!

La meg starte med å minnast dei gamle vaskemaskinene:

Den fyrste eg hugsar, var ei slik ei med rulle på toppen. Der la du søkkblaute klede inni, og så  sveiva du til medan svetten dreiv og vatnet skvatt, og så var plagget flatklemt og litt tørrare og klart til å hengast opp!

Eg hugsar enda da sentrifuga kom! Det var ein revolusjon for husmødre. Riktignok var det slik at du måtte ta ut kleda frå den eine trommelen, og legge den ned i den andre, det vil seia sentrifuga. Så var det berre å la den gå i fem minutter mens den gjorde seg ferdig. Men var du uheldig og la plagga oppi slik at det vart meire klede på eine sida enn den andre inne i trommelen, vart det eit svare spetakkel. Det var som om vasken vart levande og krafsa på og ville ut. Maskina dundra og bråka og rista så heile huset skalv, og av til flytta den seg bortetter golvet. Da var det berre å stoppe den, riste litt på vasken, og legge den så jevnt du kunne.

Desse maskinene hadde ei benevning eg ikkje høyrer meir. Eg har prøvd utan hell, å finne ut om det finst noko som helst i vår tid som fortener den .  Dei var halvautomatiske.

Halvautomatisk derimot, var ikkje den første hårtørkaren. På sekstsitalet brukte dei fleste av mødrene våre å krølle håret. Du møtte til og med damer med hårnett og rullar i på butikken.

Eg har i mitt vaksne liv ofte tenkt på kva hårrullar gjorde med den romantiske sida av ekteskapet. Etter som eg hugsar, la nesten alle mødrene våre seg tilsengs med hårrullar og hårnett. Fedrane på si side, hadde etter det eg minnast, lange praktiske underbukser med kne i. Etter vår tids målestokk, med stort fokus på det visuelle, hadde ikkje dette fresa opp sexlivet!

Mor mi fekk innstallert ein hårtørkar i hjørnet ved kjøkenbordet heime. Det var ein slik ein som var som ein stor hjelm du drog over hovudet. Der satt du, for min del, kvelden den 16 mai og elles minst mogleg, med stramme rullar og sviande hårbotn.  For ikkje nok med at den var gloande varm, langt over grensa for det behagelege, hårtørkaren lugga! Det hjalp ikkje med hårnett og over rullane, tørkaren fekk alltid tak i nokre einskilde hår som for i toppen og så lugga det til. Men håret vart knuskande tørt og krøllane hadde verkeleg hold. Nymotens hårfønarar er ikkje i nærleiken av å få til slikt resultat!  Og hadde du noko som heitte leggevatn opp i håret før du rulla det opp, så hadde du krøllar i mange dagar!

Om ordet halvautomatisk er gått ut av tida, er vel og svart-kvit TV og eit slikt fenomen.

Det var forresten ein aprilspøk heilt på slutten av svart/kvit-tida. Det var alltid ein aprilspøk i dagsrevyen, og denne gongen gjekk den ut på at du skulle dra for gardinene og skru av og på ljoset, så ville du få sjå fargar på eit hjul med ein spiral på. Denne snurra programleiaren fort rundt, og så skulle fargane openbara seg!

Neste dag visste heile bygda kven som beit på spøken. Dei fleste gjorde ikkje det, og sto i vindauga og såg utover alle naboane der eitt og anna hus sto til spott og spe med attdregne gardiner og blinkande ljos!

Det var eit lite tiår som vi alle gjekk å venta på fargefjernsyn, og debatten gjekk høgt!

–Synda er komen til jorda, men vi vil ikkje ha ho i fargar.

Det var eit innlegg fra talerstolen i Stortinget ein gong på slutten av sekstitalet. Mannen bak desse orda, var Einar Førde, og saka var eit innlegg mot innføring av farge-TV.  Han skulle seinare bli kringkastingssjef. Det var godt det gjekk nokre år til han fekk den stillinga, for da var allereie fargane på plass. Hadde han fått det på eit tidlegare tidspunkt, hadde vi kanskje site i fleire tiår og sett på ei verd i svarte, kvite og gråe nyansar!

Vi veit alle korleis dette gjekk, og 1 januar 1972 kom fargefjernsynet hit til oss. Det var eit lite under! Det eg hugsar best, var kunstløpsendingane.  Øyvind Johnsen var kommentator. Eg trur ikkje at han var nokon spesialist i faget, men sidan det heilt sikkert ikkje fanst nokon annan som var det heller, vart han gjeve oppgava med å leie oss gjennom sendingane der kunstløparane flaug over isen i dei flottaste oppvisningane, og til vakker musikk. Og de fleste med lange øst-europeiske navn som var umoglege å uttale!

Beatrix Schuba og Peggy Fleming var dei einaste eg hugsar som med lettheit kunne seiast! Han sleit, den gode kommentator, og det på fleire felt. Men ein ting redda han; draktane til løparane. Og da særleg fargane og paljettane. Medan det var svart/kvite sendingar, drygde han tida godt med det, men etter at fargane kom, vart det mindre å si!

Det var forresten eit aldri så lite  deja vu til dette her i vinter. Det  sette meg rett attende til Øyvind Johnsen si tid, då Dorthe Skappel og vart like ordfattig som han og tydde til draktbeskrivning under kunstløpsendingane frå Sotsji!  Men der Øyvind Johnsen sleit med å beskrive øst-europeiske navn, gjorde ho det motsatte. Ho flytta ein løper frå lengst øst i Europa, halve verda rundt. Ho greide det kunstsykke å uttala Georgia  på breitt amerikansk, altså den amerikanske staten, og ikkje den eigentlege sjølstendige staten i Transkaukasus!

Alt til si tid, seier nå eg!

Og her er det på tide å ta helga! Du må gjerne klikke deg inn på bloggen min for å følge meg, eller dele den med vennane dine på facebook! Det gjer meg berre glad!

God helg til dykk alle i det fine vårveret!

 

 

 

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s