Frå Cappelens eittbinds-leksikon til syndig nedentilvask!

Barna mine spurte meg ein gong kva som var mest ulikt frå mi tid som ungdom, til deira oppvekst i nyare tid.

Eit enkelt spørsmål, men svaret var utruleg komplisert og omfattande. Det første som fall meg inn, var at det måtte vera noko som hadde med kommunikasjon å gjera, så som mobiltelefonar og TV-kanalar.

Men så kom eg på noko anna. Når ungane mine skal undersøke og lære noko nytt, går dei til internett. Dette kan dei til fulle, og kan og hjelpe ei stakkars mor når ho står fast, sjølv om er vorte betre i løpet av åra som er gått! Men eg kan noko som dei ikkje kan så mykje om, eg kan bruke oppslagserk!

På seksti- og syttitallet var tida for oppslagsverk og bøker.  Pre-internett-tid om du vil.

Heime hadde vi fleire. Vi satt ofte om kveldane og las høgt for kvarandre frå Cappellen sitt store ettbindsleksikon, CAP som det sto med store bokstavar på ryggen, blå og den nest tjukkaste boka i hylla.  Du verden, kor mykje det sto der!

Og sto vi fast på noko når vi sat rundt bordet på eftaen, gjekk far min til bokhylla og tok ut orakelet som hadde svar på det meste!

Tretti år seinere var eg med i TV2-programmet ”Jeopardy”. Det var ikkje heilt enkelt og kvalifisera seg der, fåtalet kom med,  og ein av grunnane til at eg greide å kvalifisera meg der, er eg sikker på at eg kan takka denne mursteinen av kunnskap for.

Det var ei bok i hylla som var tjukkare! Eit monster av ei bok som heitte Musikkens verden.

Musikkens verden var ei bok som hadde trepermer, sekstusen sider og veigde nesten fire kilo. Spør søstera mi,  ho fekk den midt i planeten på veg opp trappa etter ein krangel om ein sykkel. Da var nok lykka mi betre enn forstanden, så det gjekk heldigvis bra.

Det var ein gut på skulen som hadde lese heile musikkens verden frå perm til perm. Forstå det den som kan, imponerende var det iallefall.

Tanta mi hadde et tobindsleksikon om skikk og bruk. Der kunne vi lese om det meste. Øyvind Johnsen, som vi kjente fra TV, var fotomodell.  Du kunne sjå  bilete av kva som var god skikk og bruk. Men det var ikkje dei bileta vi var interessert i, det var dei som synte oss korleis du ikkje skulle oppføre deg. Det artigaste bildet var det biletet der han heldt ei dame på rompa medan de dansa, og med eit stort kryss over!

Det fantest også bøker du kunne skrive heim. Vi skreiv til den kinesiske ambassade og fekk Maos lille røde gratis i posten. Vi helte litt til å skulle være hippiar. Dette var på førsten av syttitallet, og vi hadde høyrt av nokre litt eldre ungdommar at Mao var ein fornuftig mann. Eg kan ikkje huske at boka ga oss så mykje meir enn at den var spennande da vi fekk den. Det var mykje vi ikkje forsto. Sjøl om vi lot som om! Nå skal det vel seiast at det er langt frå Lom til Kina, så noko av forståinga gjekk vel allereie tapt der.

Men det var ei anna bok som gjorde det største inntrykket. Den fekk du ved å henvenda deg til Jehovas vitner.

Den heitte noko slikt som ”Hvordan leve et sunt ungdomsliv” etter som eg hugsar. Å, vi hadde mange morosame kveldar med høgtlesning frå denne. Den var ein sikker vinnar når du var på ein fest der stemninga var på veig ned. Eit par kapittel, og latteren sto i taket.

Yndlingskapittelet var det som omhandla sex. Eller for å være meir nøyaktig, korleis unngå å tenke på, prate om, eller å føle lyst.

Ikkje veit eg, men dei som skreiv boka, måtte ha sjøl hatt ein utruleg hard jobb for å unngå å falle i freisting. Og ei heller svak sjel for å makte å stå imot.

Her var det mange gode, og enda fleire, dårlige råd.  Alt fra å synge salmer høgt, til kalde avrivningar og lange turar. Men, -ikkje sykkel og hest for oss  jenter. Og aldri, aldri tenke på, prate om eller ta på det unevnelege.

Den eineste gangen det var lov til å berøre  kjønnsorgana, var når ein skulle vaske seg. For å vaske seg, det måtte ein, men berre for ein grunn;

-Hvis du ikkje vaska deg, så fekk du kløe… Og fekk du kløe..Berre tenk på kva som kunne hende da! Men det stoppa ikkje der. Medan du vaska deg, måtte du heile tida tenke på noko anna. Eg synes å minnast at dei anbefalte salmesang som følge til nedentilvask.

Nå er det mange år sidan eg såg boka, men er det nokon der ute som sit på ei slik ei, hadde det vore moro og sett ho igjen. Det er litt for seint å ønske god helg slik eg plar, men eg har vore, og er i Cambridge og London i helga, og her har det ikkje vore noko stabilt nett. Så derfor kjem innlegget på søndag og ikkje fredag som vanleg!

Fortsatt ein riktig god søndag til alle mine lesarar!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s